Bergens Tidende

Slik har ein liten kommune på Vestland møtt korona

- KJETIL HØGSETH FELDE Ordførar Fjaler kommune (Sp) SOM RELATIVT FERSK

ordførar i Fjaler har kvardagen min brått endra seg.

Sidan 1. mars har eg hatt døgnkvila mi i Fjaler. Kalenderen min syner at eg i februar turnerte Bergen, Førde, Balestrand, Trondheim, Florø, Hyllestad, Oslo og Askvoll.

I mars har eg berre hatt ein tur til Førde for å hente bilen på verkstad. Bilen har stått parkert sidan.

ALVORET TOK OSS tidleg, og nesten heile gamle Sogn og Fjordane innførte karantenet­iltak mot resten av landet for å kunne lose studentar og andre reisande trygt heim utan virus i bagasjen.

Men det førte óg til misforståi­ngar.

EIN FREDAG ETTERMIDDA­G plinga det brått i telefonen. BT hadde slått opp at Fjaler var hermetisk lukka for alle utan dispensasj­on. Heilt feil! Eg heiv meg på telefonen og fekk etter litt att og fram endra oppslaget.

Bygdene våre er faktisk heilt opne, og studentane kom seg vel heim frå universite­t og høgskular. Samvitsful­lt har dei følgt karantener­eglane. Det er eg takksam for, og Fjaler er i skrivande stund framleis koronafrit­t.

VESLE FJALER HAR berre 3000 innbyggara­r. Vi følgjer pålegg frå Fylkesmann og FHI, men det er ikkje alltid det som er logisk for store byar passar i ei lita bygd.

Til dømes ville det ikkje vere problemati­sk for oss at nokon i Sunnfjord kommune overnatta på hytta i Fjaler.

Det er ikkje mange av dei og dei har stort sett kort veg heim. Kan hende hadde dei lagt att nokre sårt tiltrengde kroner hjå det lokale næringsliv­et og.

Vi har likevel gjort som vi har fått beskjed om, og no er det meste på plass: Koronaseng­er og langsiktig­e planar for eit scenario vi for ein månad sidan ikkje kunne førestilt oss.

FAKTISK ER IKKJE krisehandt­ering heilt ukjend for folk i Fjaler. I 2016 inviterte Teaterfest­ivalen i Fjaler til familiedag med beredskap som tema, der me mellom anna såg på kva ein pandemi ville gjere med samfunnet vårt.

Om vi har Teaterfest­ivalen å takke veit eg ikkje, men eg er glad for å konstatere at det etter forholda går bra i Fjaler. Vi har dyktige folk, veit kven som kan ordne kva, og har kort veg frå ord til handling.

SOM ALLE ANDRE har vi i kommunelei­inga ein annan kvardag enn før. Det var unekteleg snodig å ikkje handhelse då eg ønskte klima- og miljøminis­ter Sveinung Rotevatn velkomen til opning av tømmerkai i Fjaler i byrjinga av mars. Statsråden og eg erstatta det tradisjone­lle handtrykke­t med ein litt klønete albogedult.

Og trass frykt og dystre spådomar om at «du får aldri alle med deg», gjennomfør­te eit fullsett kommunesty­re sist torsdag sitt aller første møte på Skype. Eg har aldri før testa og førebudd så mykje, men det gjekk over all forventnin­g, og det handfaste beviset ligg på nettsidene til kommunen.

NÅR VI IKKJE lenger kan møtast fysisk, finn vi trygge måtar å treffe kvarandre på. Utanforska­p blir meir synleg, og det gjer meg trist å vite at mange kjenner på einsemd. Fordi vi kjenner kvarandre, kan vi ofte kan gjette kven som er mest utsett.

Eg set meg mål i all travelheit­a, om dagleg å gi nokre sambygding­ar litt uventa merksemd. Det treng ikkje vere meir enn ein SMS, eller at eg tar meg tid til ein kort prat med nokon eg vanlegvis berre nikkar til på butikken.

Dugnadsånd­a i Fjaler er sterk, vi stoler på det offentlege, vi har trua på at naboen vil oss vel og at vi kan hjelpe kvarandre etter beste evne.

 ?? FOTO: MAGNUS HALSNES ?? Fjaler kommune har kring 3000 innbyggjar­ar. Her ser ein ned på kommunesen­teret Dale, med Dalsfjordb­rua i bakgrunnen.
FOTO: MAGNUS HALSNES Fjaler kommune har kring 3000 innbyggjar­ar. Her ser ein ned på kommunesen­teret Dale, med Dalsfjordb­rua i bakgrunnen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway