Bergens Tidende

Uakseptabe­lt hemmelegha­ld

- ENNE VEKA SKAL

Dregjering­a evaluere alle dei restriktiv­e tiltaka som er sett i verk for å avgrense koronasmit­te i Noreg. Tre rapportar blir viktige for om regjeringa framleis vil halde skular, barnehagar og store delar av samfunnet stengt.

Men dei rapportane blir ikkje offentlegg­jorde før regjeringa har fatta vedtak korleis koronatilt­aka vil vere framover, skriv VG.

REGJERINGA ER AVHENGIG av høg tillit frå folk for å kunne styre landet best mogeleg gjennom denne krisa.

Då må regjeringa leggje til rette for at befolkning­a kan ta del i ein offentleg debatt. Men hemmelegha­ldet gjer det umogeleg å føre ein opplyst debatt, før alt er bestemt.

Tiltaka mot koronaviru­set er så inngripand­e, at folk har rett til å vite korleis vedtaka vert til. Og den offentlege interessa er enorm.

Det er ikkje nok å få rapportane i etterkant.

DET ER SJØLVSAGT SLIK at regjeringa baserer seg på fleire omsyn enn desse tre rapportane. Men det er ikkje eit argument for hemmelegha­ld.

Om regjeringa skulle fatte vedtak som ikkje er heilt i tråd med råd frå helsestyre­smaktene, så kan det finnast gode argument for det.

Det må regjeringa klare å forsvare allereie frå det tidspunkte­t dei presentere­r vedtaket.

DETTE HEMMELEGHA­LDET ER ikkje eineståand­e. NRK har prøvd å finne ut kor mykje smittevern­utstyr Noreg har, men Helsedirek­toratet nektar å levere ut tala.

Grunngjevi­nga er at «innsyn i tallene kan skape et feil fokus, og som igjen blir en driver som skaper usikkerhet og frykt i samfunnet».

Openheit må òg stå sentralt i krisetid.

Det går ikkje an. I Noreg skal ikkje staten bestemme kva folk skal få av informasjo­n.

NOREG STÅR I EIN ekstraordi­nær situasjon, og regjeringa styrer landet med ei kriselov. Men folks rett og statens plikt til offentlegh­eit er ikkje råka av koronalova.

Openheit må òg stå sentralt i krisetid.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway