Bergens Tidende

Varsko her: Tyskarvits

- ASBJØRN KRISTOFFER­SEN Pensjonist i BT

EG MÅ SLUTTA driva ap med austlendin­gar. Norske barn må gje seg med vitsinga om nordmannen og svensken og dansken. Professora­r må halda tann for tunge. Ein kronisk tysk student ved Universite­tet i Bergen er blitt djupt såra og vonborten av ein (dårleg) professora­l vits om tyske turistar. Kroniske austlendin­gar og svenskar og danskar står ganske sikkert for tur til å bli innlemma i utsette og sårberre vitsegrupp­er. Alle har like stor rett til å kjenna seg krenka. Vitsar er risikospor­t.

«TYSKARANE HAR VORE her før, og no lurer dei seg inn att». Slik skal ein bergensk professor ha ordlagt seg på ei førelesing. Mange studentar lo, melder høgskule- og universite­tsavisa Khrono. Men den tyske studenten kjende seg såpass mobba og trakassert at hen innrapport­erte professore­n til Universite­tet i Bergens eige vitsevernk­orps, Sei-frå-ordninga.

NO HAR UNIVERSITE­TET lagt seg på kne og sanna syndene sine. Og lova bot og betring. Professore­n har fått pålegg om å avstå frå alle koplingar mellom krigens tyskarar og dagens tyske turistar. Kva han meinte med (den dårlege) vitsen, har ingenting å seia for korleis krenkinga vart følt og korleis ho vil bli vurdert. Trøysta kan kanskje vera at intensjone­n hans kan få betydning for ei straffeutm­åling i etterkant. Vitsar er akademisk sprengstof­f.

TYSKARAR ER IKKJE nett vidgjetne for sin smittande humor. Det skulle professore­n ha tenkt på. I det minste skulle han høgt og tydeleg sikra seg med eit varsko her, a trigger warning, om faren for framføring av tyskarvits­ar. Då kunne den tyske studenten ha berga seg inn i eit av vitsetilfl­uktsromma på Nygårdshøy­den, a safe space. Nett som i Amerika.

UNIVERSITE­TSTILSETTE SOM PÅ død og liv må slå om seg med vitsar i påhøyr av studentar og andre sårberre sjeler, får belita seg. Alle forsøk på å vera morosam må gå ut over halvgamle og gamle, kvite, heterofile professora­r. Då risikerer dei ikkje klabeit med Sei– frå-ordninga eller straffeutm­åling i etterkant.

VITSETILSY­NET ved Universite­tet i Bergen er ingen spøk.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway