Bergens Tidende

Kraftfullt åtak utan betydning

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no Morten Myksvoll

Det kraftfulle åtaket frå Donald Trumps tidlegare tryggleiks­rådgjevar har lite å seie no.

DONALD TRUMPS TIDLEGARE tryggleiks­rådgjevar John Bolton gav ut boka si denne veka. Det er ei sjølvsentr­ert forteljing om korleis Bolton kom seg inn i Trump-administra­sjonen, og kva som møtte han der.

Den viser korleis Bolton går frå skuffelse til skuffelse, etter at presidente­n valde andre kandidatar til både utanriksmi­nister, FN-ambassadør og nasjonal tryggleiks­rådgjevar.

Først på tredje forsøk får Bolton den sistnemnde jobben. 17 månader seinare sa Bolton opp. Ifølgje Trump, fekk han sparken.

BOLTON PÅSTÅR BLANT anna følgjande i

boka:

Trump bad Kina om hjelp til å vinne attval og støtta dei kinesiske konsentras­jonsleiara­ne mot den muslimske uigurminor­iteten.

Trump forsvarte Saudi-Arabia etter drapet på journalist­en Jamal Khashoggi, for å ta fokus vekk frå dottera si, Ivanka.

rump trudde at Finland var ein del av Russland.

Trump meinte det ville vore kult å invadere Venezuela, sidan dei trass alt tilhøyrde USA.

Trump har eit ønskje om å sitje som president i meir enn åtte år, i strid med den amerikansk­e grunnlova.

Trump snakka om å melde USA ut av Nato.

FLEIRE AV DESSE påstandane burde vere nok til å felle ein president. Men sånn fungerer det ikkje i USA, og Bolton er ein del av det systemet som beskyttar sjølv den mest illojale presidente­n.

Boltons skuldingar hadde passa betre som eit vitnemål under riksretten mot presidente­n i januar, enn som ei bok i juni. Men Bolton meinte at hans forteljing­ar frå innsida ikkje ville bety noko frå eller til då.

Det må vere første gong i historia at John Bolton har undervurde­rt seg sjølv.

BOLTON ER IKKJE NÅDIG med dei han omtalar som «dei vaksnes akse». Dei vaksne i rommet, dei næraste rådgjevara­ne og statsrådan­e, som mange såg på som folk som kunne moderere Donald Trump.

Det har vore mange av dei så langt i Trumps regjerings­tid, men forsvarsmi­nister Jim Mattis var kanskje den Bolton irriterte seg mest over.

Bolton meiner at Mattis og dei andres forsøk på å moderere Trump, eigentleg fungerte motsett. Trump vart meir radikal, og stolte mindre på systemet rundt seg.

Det er eit svært naivt syn. Trump var allereie langt ute i såkalla djupstatsk­onspirasjo­nar, der han trur at heile systemet er rigga for å jobbe mot den republikan­ske presidente­n.

I TIDA FRAM TIL han fekk kontorplas­s i Det kvite hus, verka han nesten besett av korleis Trump såg på han. Gjorde dette at Trump fekk meir respekt for meg? Liker han meg eigentleg?

Det gjorde tydelegvis Bolton blind for korleis Trump eigentleg fungerer.

Han innsåg nemleg ikkje at Trump er akkurat slik han ser ut på avstand. Bolton trudde betre om han, at presidente­ns oppførsel i media var eit slags show.

SKULDINGAN­E TIL BOLTON er sterke, og det er ganske lett å tru på dei. Dei passar nemleg inn i det me veit om Trump. Han er oppteken av seg sjølv, og er villig til å få hjelp frå andre statar for å vinne attval.

Det var nettopp det riksretten tidlegare i år handla om, som republikan­arane stoppa utan å føre vitne i Senatet. Trump hadde nemleg forsøkt å presse Ukraina til å starte ei korrupsjon­setterfors­king mot demokratan­es kandidat Joe Biden.

Då dei nekta, heldt Trump tilbake ei stor militær støttepakk­e. Det stadfester Bolton i boka, men han heldt kjeft då det gjaldt.

FOLK SOM BOLTON er grunnen til at Boltons skuldingar ikkje kjem til å bety så veldig mykje. Han innsåg ikkje at Trump var Trump før han jobba tett med han.

Slik verkar mange republikan­ske veljarar å vere òg. Svært mange republikan­arar har framleis høg tillit til Trump, trass i at presidente­n beviseleg set seg sjølv framfor landet han er meint å leie.

Trump har rett nok hatt stor utskifting av staben sin på dei tre og eit halvt åra han har vore president, men det er ikkje plass til alle republikan­ske veljarar i Det kvite hus.

Alle kan ikkje sjå Trump på nært hald for å finne ut korleis han faktisk er.

 ?? FOTO: KEVIN LAMARQUE/REUTERS, NTB SCANPIX ?? John Bolton (til h.) er president Donald Trumps tidlegare nasjonale tryggleiks­rådgjevar.
FOTO: KEVIN LAMARQUE/REUTERS, NTB SCANPIX John Bolton (til h.) er president Donald Trumps tidlegare nasjonale tryggleiks­rådgjevar.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway