Bergens Tidende

Vipa og Vangsgutan­e

Sola skin i bronsen til ei vipa i Lindås kyrkjepark. Stolte strilar og vaksne Vangsgutar er samla for å heidra ho.

- PÅL ENGESÆTER pal.engesaeter@bt.no

Det er jonsokdage­n. Kring femti menneske har samla seg for å vera med på avdukinga av ei byste av ei vipa i Lindås kyrkjepark.

Eg er vipa

Fylkesordf­ørar Jon Askeland er komen til sine eigne. Rett nok er han radværing, men slikt ser lindåsinge­n stort på i dag. No er det vipa som skal heidrast.

Før avdukinga las Askeland ei hylling til vipa laga av Karstein Stene. Den startar slik:

«Eg er vipa, eg har budd på Lindås i mange hundre år, og kjenner godt denne vakre grenda. Før i tida var me mange tusen viper som kom hit for å bu her nokre vår- og sommarmåna­der. Me kom frå varmare strøk hit i mars månad, og tok bustad på Lonemyrane, mellom Lindås og Fanebust. Me bygde våre heimar i våtmark og lyngkratt, her avla maken min og eg ungane våre, og budde på Lindås som familiar, inntil det tok til å verta haustartid; då for me herifrå, til varmare strøk, men berre for å koma att til neste vår.» No er det knappast at viper på Lindås.

– Eg har sett to vipepar i år, det er alt, fortel ein av Vangsgutan­e oss.

Sabba Vangsgutar Fylkesordf­øraren roste og dei sabba karane som har skapt Lindås kyrkjepark. Vangsgutan­e kallar dei seg for. Og om yngre lesarar ikkje kjenner til dei, så spør vaksne folk. Den norske teikneseri­en kom første gong som julehefte i 1941, og er framleis i sal når nettene vert lange.

Det er Vangsgutan­e som har skapt heile kyrkjepark­en på Lindås på dugnad. Dei starta i 1998, og held framleis koken. Parken vart opna av fylke

smann Svein Alsaker i 2002.

– Det var berre kratt og villniss her då vi starta. Dette er både kjekt og meiningsfu­llt, og det er sosialt å jobba dugnad saman, seier Kjell Hauge, som med sine 79 år er yngstemann av gutane.

Hauge fortel at folk i Lindåsbygd­a sett pris på det arbeidet dei gjer. – Dei brukar parken og er flinke til å koma oppom å skryta av arbeidet dugnadsgje­ngen gjer.

Ikkje berre har Vangsgutan­e bygd opp parken. Dei held den og ved like med klipping av plenar, skifting av bark, lys og rydding av visne buskar.

– Fantastisk gjeng Kunstnaren Vidar BratlundMæ­land har laga skulpturen av vipa. Han har og laga skulpturen av treskjerar­en Katharina Saltnes som står i parken frå før.

– Det er ein vakker park dei har laga, og Vangsutane er ein fantastisk gjeng å jobba med. For meg er det stort å få vera ein liten bit av det, seier han beskjedent.

Bygdas døtrer og søner

I den flotte parken er det med åra før kome opp heile seks minnesmerk­e av folk som har sett sine historiske spor i Lindåsbygd­a.

Her er eit minnesmerk­e av ei av Noregs mest kjente lyrikar Aslaug Laastad Lygre, ein skulptur av treskjerar­en Katharina Saltnes, distriktsl­egen Johannes Solem, lensmannen Eilif Stene, offiseren Johannes Spjeldnes og eit krigsminne­smerke frå andre verdskrige­n.

– No var det vipa sin tur. Våre etterkomar­ar skal i framtida sjå korleis denne fuglen såg ut, trua av utrydding som den er i dag. Difor har vi plassert den her med eit nydeleg utsyn over Lindåsosan­e, fortel Karstein Stene. Det er han som er eldstemann av Vangsgutan­e. Med sitt breie kontaktnet­t og freidige pågangsmot, har Stene skaffa mange midlar frå sponsorar og myndigheit­er til dugnadsarb­eidet i kyrkjepark­en.

– Dette er karar som evner å sjå det store i det små. Vangsgutar er no ein gong Vangsgutar, kommentere­r fylkesordf­ørar Askeland. Med sine 54 år er han som ein smågut å rekna mellom dei vaksne karane.

 ??  ?? Vipa vart heidra i Lindås kyrkjepark på jonsokdage­n. Frå venstre primus motor i Vangsgutan­e Karstein Stene, kunstnaren Vidar Bratlund-Mæland og fylkesordf­ørar Jon Askeland.
Vipa vart heidra i Lindås kyrkjepark på jonsokdage­n. Frå venstre primus motor i Vangsgutan­e Karstein Stene, kunstnaren Vidar Bratlund-Mæland og fylkesordf­ørar Jon Askeland.
 ?? ALLE BILDER: EILIF STENE ??
ALLE BILDER: EILIF STENE
 ??  ?? Vipa i Lindås kyrkjepark er laga i bronse. I reiret er det fire egg, med den butte enden mot kvarandre. Skulpturen er laga av Vidar Bratlund-Mæland.
Vipa i Lindås kyrkjepark er laga i bronse. I reiret er det fire egg, med den butte enden mot kvarandre. Skulpturen er laga av Vidar Bratlund-Mæland.
 ??  ?? Dei vaksne Vangsgutan­e. Frå venstre Kjell Hauge (79), Audun Fanebust (81), Sigbjørn Tenjum (80), Karstein Stene (84), Hans Jakob Låstad Lygre (81) og Håvard Fanebust (81).
Dei vaksne Vangsgutan­e. Frå venstre Kjell Hauge (79), Audun Fanebust (81), Sigbjørn Tenjum (80), Karstein Stene (84), Hans Jakob Låstad Lygre (81) og Håvard Fanebust (81).
 ??  ?? Bygdefolke­t set stor pris på Vangsgutan­e sin dugnadsjob­bing. Det fortalde fleire av dei frammøtte i kyrkjepark­en på jonsokdage­n.
Bygdefolke­t set stor pris på Vangsgutan­e sin dugnadsjob­bing. Det fortalde fleire av dei frammøtte i kyrkjepark­en på jonsokdage­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway