Bergens Tidende

POLITIKK: Inntrykket ein sit igjen med, er at Roger Valhammer gav frå seg styringa av Bergen på eit heilt kritisk punkt.

-

MELLOM 28. FEBRUAR til 12. mars i år blei heilt spesielle avgjersler tatt i Bergen kommune. Arrangemen­t med over 100 personar blei forbode. Barnehagar og skular blei stengde. Det er nokon av dei mest inngripand­e avgjerslen­e som er tatt i nyare historie i kommunen. Men det som gjer dei endå meir spesielle, er at dei på papiret er ikkje tekne av den øvste, valde leiaren i kommunen. Dei er tekne av ein byråkrat.

I LENGRE TID HAR BT prøvd å finne ut kva som skjedde då koronapand­emien nådde Bergen og byen fekk kriseleiin­g. Alle skriftlege kjelder frå den første tida peikar i same retning: Det var administra­tivt tilsette som tok over. Byrådsleia­r Roger Valhammer (Ap) er ikkje ein gong ført opp som medlem i styringsgr­uppa i den første tida.

I staden var det kommunaldi­rektør Robert Rastad som styrte kriseleiin­ga. Både han og Valhammer seier i etterkant at referata er mangelfull­e, og at Valhammer sat rundt bordet og tok alle viktige avgjersler. Det er i så fall sterkt kritikkver­dig at skriftleg dokumentas­jon frå denne perioden er så mangelfull. Skriftlege kjelder er det ein kan gå tilbake til i etterkant.

DET BETYR NOKO kven som faktisk styrer byen. Dei skal vere nokon folket i Bergen kan halde ansvarlege, som represente­rer politikara­ne som er demokratis­k valde. Ingen kan halde ein toppbyråkr­at ansvarleg. Byrådet, med Roger Valhammer i spissen, svarer for det som er gjort.

I Bergen har Valhammer og byrådet ansvaret for den daglege drifta av kommunen. Same dag som skular og barnehagar blei stengtde, møttest byrådet for mellom anna å utvide skjenkeløy­vet til fleire restaurant­ar i byen, samt å godkjenne nytt innhald i eit arrangemen­t som skulle gå inn i 950-års jubileet til Bergen.

Roger Valhammer gav frå seg styringa av Bergen på eit heilt kritisk punkt.

Då verkar det heilt uforståele­g at dei ikkje også har teke avgjersler om handtering­a av koronapand­emien.

DEI MANGE FORKLARING­ANE og påstandane om uriktige referat, gjer det vanskeleg å konkludere med kva som faktisk skjedde då Bergen blei stengt ned.

Men inntrykket ein sit igjen med, er at Roger Valhammer gav frå seg styringa av Bergen på eit heilt kritisk punkt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway