Bergens Tidende

Alle restaurant­ar må nå føre liste over spisegjest­ane sine

Restaurant­ar og barar i Bergen må føre liste over besøkjande for å hindre smittespre­iing.

- ADALHEIDUR OLDEIDE adalheidur.oldeide@bt.no TRULS FENRE LINDA HILLAND INGVILD NAVE foto PAUL SIGVE AMUNDSEN

«Vent for å få tildelt bord», står det på skiltet ved inngangen til restaurant­en i Skostredet.

Det er lunt i lokalet til Villani måndag kveld. Utanfor plaskar regnet.

– Beklagar, du er nøydd til å sprite henda først, seier restaurant­sjef Giardina Ibtissam venleg til ein gjest som er på veg inn i restaurant­en.

Dei fleste som kjem hit har bestilt bord på førehand. Dei som ikkje har gjort det, får ikkje bord i restaurant­en utan vidare.

Vilani har innført ein ny regel.

– Vi skal ha namn og telefonnum­mer på éin i følgjet uansett, forklarer Ibtissam.

– Personvern er underordna Studentar har dominert smittestat­istikken i Bergen dei siste vekene. No brer smitta seg også elles i byen.

I løpet av den siste veka har seks uteplassar og restaurant­ar i Bergen stengt dørene på grunn av koronasmit­te.

Tysdag sette Bergen kommune krisestab på grunn av smitteutbr­otet. Det siste døgnet er no 42 personar bekrefta smitta. Totalt er smittetale­t oppe i 1028 sidan studiestar­t.

– Vi er no i ein situasjon der vi er nøydde å avgrense smitta. Vi er nøydde til å slå ned dette utbrotet. Og vi meiner at viss vi lykkast med det i ein tidagerspe­riode, så kan vi unngå sterkare tiltak seinare, sa byrådsleia­r Roger Valhammer (Ap) då dei nye smittevern­tiltalene vart presentert tysdag kveld.

Eit av tiltaka som blei bestemt var at alle barar og restaurant­en må føre lister over besøkjande, slik som restaurant­en Villani allereie gjer.

Det betyr at du ikkje kan gå ut å ta ein øl eller ei kaffi utan å skrive namnet ditt på ei liste. Medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen seier personvern er blitt vurdert som underordna for å sikre folk frå ytterlegar­e smittespre­iing.

Han legg til at listene berre skal oppbevaras­t i ti døgn og så destrueras­t.

Stoppar gjestane i døra Frank O. Ditlaroche er driftsleia­r ved Villani i Skostredet. Han fortel at dei bestemte seg for å gjere eit nytt grep ved restaurant­en for kring to månader sidan.

Alle som ikkje har reservert bord før dei kjem, blir no stoppa i døra. Minst éin av gjestane i følgjet blir registrert med namn og telefonnum­mer før dei får tildelt eit bord.

– Det var jo ikkje noko krav om dette frå styresmakt­ene si side, men vi såg at det ville vere eit behov for det dersom det viser seg at ein tilsett eller ein gjest er smitta.

Driftsleia­ren seier at kring 75 prosent av spisegjest­ane deira har reservert bord i forkant.

– For dei har vi allereie namn og kontaktinf­ormasjon, men ikkje for dei som kjem i døra.

– Vi får utelukkand­e positiv respons på dette. Nokon lurer på kvifor, då forklarar vi at det blir lettare for oss å kontakte dei dersom noko skulle skje.

Vi skal ha namn og telefonnum­mer på éin i følgjet uansett.

Giardina Ibtissam, restaurant­sjef

– Har gått eit steg vidare

Slik reglane er ved serverings­plassar i dag, kan ein halde ope dersom det er smittemess­ig forsvarleg.

Det inneber mellom anna at ein må sørgje for at besøkjande og personell kan halde minst éin meter avstand til andre personar. Plassar som har skjenkjebe­villing skal servere alkohol ved borda.

Tysdag vedtok Bergen kommune at offentlege arrangemen­t kan maksimalt ha 50 deltakarar, ned frå 200 i dag.

I tillegg er ein pliktig å utarbeide gode rutinar for god hygiene og godt reinhald.

– Det er definitivt varierande korleis dette blir gjort. Ein kan lage så mange rutinar ein vil, men det er dette med å overhalde dei, seier skjenkjeko­ntrollør Terje Gjertsen.

Han seier at det også er særs ulik praksis for korleis for korleis serverings­plassane tildeler bord til gjestane.

– Nokon plassar går ein berre rett inn og finn seg eit bord. Andre plassar blir ein tildelt bord.

Set pris på reglane

Han seier han kjenner til nokre få plassar som registrere­r namn og telefonnum­mer på gjestane, slik som Villani i Skostredet.

– Men det er ikkje mange, seier han.

No må alle gjere det. Gjestane som BT snakkar med på Villani, set pris på reglane restaurant­en har innført.

Anette Reite, Karl Børre Reite og dottera Ingrid sit ved eit bord inst i lokalet til restaurant­en Villani.

Anette og Karl Børre var usikre på om dei skulle besøkje dottera på grunn av den aukande smitten i Bergen.

– Det er bra dei har dette tiltaket. Då har dei oversikt, og ein får beskjed om det har vore nokon sjuke her, seier Karl Børre Reite.

Tiltakene som byrådet i Bergen kommune lanserte tirsdag, varer i første omgang i ti dager til og med 18. september.

 ??  ?? Restaurant­sjef Giardina Ibtissam ved Villani registerer alle gjestane med namn og telefonnum­mer. Bergen kommune innførte i går en rekke nye tiltak for å slå ned smitten.
Restaurant­sjef Giardina Ibtissam ved Villani registerer alle gjestane med namn og telefonnum­mer. Bergen kommune innførte i går en rekke nye tiltak for å slå ned smitten.
 ??  ?? Anette Reite, Karl Børre Reite og dottera Ingrid sit ved eit bord inst i lokalet til restaurant­en Villani. Dei er godt nøgd medtiltake­t om å føre liste.
Anette Reite, Karl Børre Reite og dottera Ingrid sit ved eit bord inst i lokalet til restaurant­en Villani. Dei er godt nøgd medtiltake­t om å føre liste.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway