Bergens Tidende

No har det rakna heilt for Bergen Frp

Partiet utraderer snart seg sjølv frå bystyret.

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no

IDAG STILLER Framstegsp­artiet med berre éin fast representa­nt i bystyret, nemleg gruppeleia­r Marte Monstad. Tysdag vart det kjent at Vestland Frp har ekskludert dei to andre representa­ntane, Tor Woldseth og Tomas Flesland.

Om ikkje dei vinn fram med ein anke til sentralsty­ret, tar Woldseths partikarri­ere slutt etter meir enn 30 år. I førre periode vart den krona med varaordfør­arvervet i Bergen. Han var òg fungerande ordførar ei stund.

No skal han møte som uavhengig representa­nt. Det må òg Flesland gjere. For bystyrever­vet kan ikkje partiet ta frå dei.

ME MÅ SKRU tida litt tilbake, til då Marte Monstad vart gruppeleia­r. Ho vann nemleg den tittelen i ein bitter og dyrekjøpt kamp mot Tor Woldseth i september i fjor.

I ei rein votering ville ho tapt med ei stemme mot to. Flesland og Woldseth stemte på Woldseth.

SÅ DROG DET seg til. Christoffe­r Thomsen er sambuaren til Monstad, men var òg leiar i Bergen Frp på dette tidspunkte­t. Han sørgja for at vararepres­entantane til bystyret ikkje fekk stemme på møtet – for det ville gitt Woldseth sigeren.

Han brukte derimot si eiga stemme som lokallagsl­eiar i Monstads favør.

Då var det uavgjort, og då delte Frp ut leiarverve­t ved loddtrekni­ng.

MONSTAD VANN. MEN det slutta ikkje her. I desember skulle Frp ta stilling til kven som skulle få ei 50 prosent stilling i bystyret. Når eit parti berre får eitt betalt verv, så er det naturleg at gruppeleia­ren får det.

Men ingenting er naturleg i Bergen Frp.

Woldseth og Flesland tok opp kampen og ville vunne ei rein votering – akkurat som sist. Og akkurat som sist kom Thomsen inn frå sidelina. Uavgjort. Men no er det ikkje loddtrekni­ng som gjeld, for partiet hadde ein gruppeleia­r. Monstad kunne difor dobbeltste­mme på seg sjølv – og vann igjen.

NEDSIDA ER AT det ikkje er så mykje att å styre – og Monstad er no gruppeleia­r for seg sjølv. Det betyr mindre innflytels­e i bystyret.

I fjor bestemte sentralsty­ret seg for å legge ned Bergen Frp, på grunn av alt bråket. Eksklusjon­ane er eit tydeleg bevis på at det ikkje akkurat roa ned situasjone­n.

Medlemmene i Bergen er frustrerte, for dei står utan skikkelege medlemsret­tar i partiet. Dei får ikkje arrangere årsmøte eller påverke resten av partiet. Samtidig har både Vestland Frp og sentralsty­ret vist at dei ikkje klarer å styre Bergen Frp betre enn det lokallaget sjølv klarte.

OM BERGEN FRP var ein brennande bygning, så har partiet – både sentralt og lokalt – vore meir oppteken av kven som styrer sameiget enn å sløkke brannen.

Historia til Bergen Frp er full av store personkonf­liktar. Men denne gongen har det verkeleg sklidd ut.

PARTIET SLIT I Oslo òg, men der går det i det minste føre seg ein politisk diskusjon om forskjella­ne. Ein del av partiet vil ta partiet i ei meir nasjonalis­tisk retning, medan andre vil halde att.

Det finst ingen politisk diskusjon i Bergen Frp. Bakteppet er misnøye med valresulta­ta, for det har gått nedover med oppslutnin­ga i Bergen. Men partane leverer ingen argument for si side ute blant folk.

Då ser det ut som ei rein personkonf­likt.

DEI SOM BETALER kontingent til dette partiet i Bergen må jo lure på kva pengane går til. Og det er nok det minste problemet.

Når Frp ein gong skal starte på gjenoppbyg­ginga, treng partiet nye medlemmer i Bergen. Det er ikkje lett å forstå kvar dei skal kome frå no.

DET ER I det minste lett å forstå kvifor Bergen Frp ikkje har hatt tid til å drive så mykje med politikk det siste året.

Morten Myksvoll er tidlegare medlem i Frp og var bystyrerep­resentant for partiet i 2011–2015.

Historia til Bergen Frp er full av store personkonf­liktar. Men denne gongen har det verkeleg sklidd ut.

 ?? ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE ?? Marte Monstad og Christoffe­r Thomsen er sambuarar og har stått saman i konflikten som no førte til at Monstad er den einaste Frp-representa­nten att i bystyret.
ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE Marte Monstad og Christoffe­r Thomsen er sambuarar og har stått saman i konflikten som no førte til at Monstad er den einaste Frp-representa­nten att i bystyret.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway