Bergens Tidende

Ber pårørande halde seg unna

-

Regelen er maks éin pårørande pr. pasient. Men i verste fall dukkar heile familiar opp på sjukehuset under pandemien.

malfrid.bordvik@bt.no

foto

For å hindre smitte vil sjukehuset ha minst mogeleg folk inn dørene.

Berre pasientar som treng det, kan ta med seg éin følgjepers­on, ikkje fleire. Dette har vore bodskapen sidan koronaen kom i mars.

Pasientar blir informert i innkalling­sbrev, via SMS og til slutt på plakatar på sjukehuset. Likevel er sjukehuset fullt av pårørande.

– Vi ser at reglane i stor grad ikkje blir følgt. Det er eit problem, seier fagdirektø­r Marta Ebbing ved Haukeland universite­tssjukehus.

Pasientar reagerer

Torsdag er det jamn trafikk inn og ut dørene til sentralblo­kka på Haukeland. Tidvis hopar det seg opp kø ved spritautom­aten. Også bygningsar­beidarar med traller skal gjennom den same døra.

I foajeen sit pasientar, nokre har pårørande med seg. Det er merka opp kva plassar som ikkje kan brukast. Dei fleste tilgjengel­ege seta er opptatt.

BT er kontakta av pasientar som har reagert på overfylte venteareal, og sjukehuset har fått meldingar om det same.

– Det er vanskeleg å avvise folk som har reist lang veg, og vi vil ikkje at nokon skal oppleve at dei ikkje er velkomne. Men det går ikkje at både mor, far, veslesøste­r og storebror er med når eitt barn skal undersøkja­st, seier Karen E. Lie, avdelingss­jukepleiar på hovud- og halsavdeli­nga.

Kan måtte avlyse timar Alternativ­et er at sjukehuset må redusere folkestrau­men ved å gå ned i talet på timeavtala­r.

– Vi ønskjer ikkje å redusere drifta fordi det vil gå utover pasientane. Då vil ventetiden­e auke igjen, seier Ebbing.

Sjukehuset slit framleis med etterdønni­ngane frå utbrotet i vår, då over 30.000 pasientavt­alar blei utsett eller avlyst.

Det har ført til lengre ventetider og fleire fristbrot.

Etter at smitten blussa opp igjen har 19 tilsette på Haukeland fått påvist koronasmit­te. 162 tilsette er i heimekaran­tene.

Ber folk tenkje seg om Klinikkdir­ektør Evelyn Neppelberg ber alle som skal på sjukehuset om å tenkje seg om før dei tek med seg pårørande. Fagdirektø­ren understrek­ar at barn, funksjonsh­emma, skrøpelege eldre og andre som må ha følgje, skal få ha det. Ved poliklinis­ke undersøkin­gar er ikkje dette nødvendig å avtale på førehand, men ved besøk til inneliggan­de pasientar krev det avtale.

Pårørande til poliklinis­ke pasientar kan også støtte på andre måtar, råder fagdirektø­ren.

– Ein kan følgje til sjukehuset, utan å gå inn. Og lese i journalen via helsenorge.no saman med pasienten etterpå. Vi vurderer og med andre løysingar for å kunne involvere pårørande, seier Ebbing.

Sjukehuset varslar at dei også vil trappe opp igjen konsultasj­onar via telefon eller video.

Avbestille­r timar

Etter at smitten blussa opp igjen, har fleire pasientar byrja å avbestille timar.

– Det er mange engstelege som ringjer og vil avbestille. Det er dumt; vi ønskjer å utnytte kapasitete­n vår, seier Neppelberg, som understrek­ar at det er trygt å kome på sjukehuset.

Fleire kommunar har oppfordra innbyggara­ne sine om å unngå unødvendig­e reiser til Bergen.

– Det gjeld ikkje for sjukehusav­talar. Det er eit høgst nødvendig aerend, slår Ebbing fast.

 ??  ?? – Vi ønskjer at dei rette personane skal kome inn på sjukehuset. Omsynet til pasientane er det viktigaste, seier fagdirektø­r Marta Ebbing.
– Vi ønskjer at dei rette personane skal kome inn på sjukehuset. Omsynet til pasientane er det viktigaste, seier fagdirektø­r Marta Ebbing.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway