Bergens Tidende

Skuffande frå biskopen

- ODDVAR SKRE Fana

DET STORMAR PÅ nytt kring den norske kyrkja. Mange hugsar enno kyrkja sin motstand mot kvinnelege prestar på 50-talet, mot sjølvbeste­mt abort på 60talet og mot homofile prestar og kyrkjeleg velsigning av homofile ekteskap på

90-talet.

Kyrkja har heile tida vore bakpå og nekta å anerkjenna kvinner og homofile i kyrkjeleg samanheng, ved å visa til Paulus og andre kyrkjefedr­ar som levde for

2000 år sidan.

NYLEG BLUSSA DENNE striden opp på nytt, då ein av prestane i den norske kyrkja, Mikael Peder Vevang Bruun i Sogndal, reserverte seg mot å gjere prestetjen­este saman med kvinnelege kolleger i gudstjenes­ta – av samvitsgru­nnar, som det heiter, og med tilvising til Paulus sine ord om at kvinner skal teia i forsamling­ar.

Det er nesten ikkje til å tru at dette kan skje i vår tid, og saka burde eigentleg ha vore klar. Denne presten burde ha fått klar beskjed av biskopen om at kyrkja ikkje kan tolerera ein praksis som er i strid med norsk lov.

MEN DÅ BISKOP Halvor Nordhaug blei intervjua i Dagsnytt 18 torsdag 3. september, kunne han ikkje lova representa­nten for konfirmant­foreldra i Sogndal at dette skulle skje, for han var «redd for konsekvens­ane».

Kor mange som ville melda seg ut dersom dette ikkje skjer, såg ikkje ut til å uroa biskopen saerleg. Førebels har 14 personar meldt seg ut av kyrkja i Sogndal, men dette talet kan lett bli mangedobla, dersom kyrkja let denne presten få viljen sin.

SPØRSMÅLET MANGE SIT igjen med, er kor lenge me skal finna oss i å ha ein biskop her i Bjørgvin bispedøme som vik unna alle konfliktar, og som ikkje har ryggrad nok til å setja på plass medarbeida­rar som openlyst trassar norsk lov og Jesu ord om å visa kjaerleik og toleranse.

Dersom dette held fram, blir kyrkja til slutt berre ei sekt for spesielt interesser­te. Men det er kanskje slik biskopen ønskjer det?

 ?? ARKIVFOTO: ELIAS DAHLEN ?? Biskop Halvor Nordhaug (biletet) må vera mykje tydelegare i forsvaret for kvinnelege prestar, meiner innsendare­n.
ARKIVFOTO: ELIAS DAHLEN Biskop Halvor Nordhaug (biletet) må vera mykje tydelegare i forsvaret for kvinnelege prestar, meiner innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway