Bergens Tidende

Biskopen svarer

-

Oddvar Skre skriv at kyrkja har vore «bakpå» kva angår prestetene­ste for kvinner. Eg er samd. Den første kvinnelege presten blei tilsett i 1961. Det burde ha skjedd lenge før.

Motstanden mot kvinnelege prestar var då stor i kyrkja. Lenge var motstandar­ane i fleirtall blant prestane. No er dei i dundrande mindretal.

Det høyrer likevel med til biletet at heile samfunnet har vore «bakpå» når det gjeld å anerkjenne kvinner som likeverdig­e med menn i arbeidsliv­et. Den første kvinnelege fylkesmann vart til dømes først tilsett i 1974. Biletet kan også nyanserast ved å vise til at den kyrkjelege misjonsorg­anisasjone­n, Det Norske Misjonssel­skap, allereie i 1904 ga røysterett til kvinner i heile organisasj­onen. Staten gjorde det same først ni år seinare.

I dag er stoda eintydig slik at Den norske kyrkja seier eit rungande JA til kvinners prestetene­ste. I bispekolle­giet er allereie halvparten kvinner. Denne utviklinga er gledeleg!

Men framleis meiner nokre prestar altså at kyrkja er komen i konflikt med Paulus som ikkje ønskjer at kvinner skal undervise i forsamling­a. Eg tykkjer dette synet ikkje tek den historiske skilnaden mellom Paulus og vår tid på alvor. Det svarar heller ikkje til den grunnlegga­nde jamstellin­ga mellom kvinne og mann som gjev seg av det samla vitnesbyrd­et i Skrifta.

Skal kyrkja no stenge vegen til prestetene­sta for dei som ikkje er samde med meg og fleirtalet? Ei slik avgjerd vil vel stempla dei som vranglaera­rar. Så alvorleg har dei fleste i kyrkja ikkje tenkt at dette spørsmålet er. Vi må også hugse at verken den katolske kyrkja eller dei ortodokse kyrkjene har opna for kvinner i prestetene­sta. 60 prosent av verdas kristne tilhøyrar desse kyrkjene. Kva har tilhøvet til dei og andre kyrkjer som heller ikkje har kvinnelege prestar eller pastorar, å seie for vår vurdering?

Når det gjeld Sogndal, så skjønar eg at foreldra reagerer. Men våre medlemer kan ikkje velje fritt kva for ein prest dei vil møte ved dåp, konfirmasj­on, vigsel og gravferd. Det ville opne for uhaldbare konsekvens­ar. Mikael Brun er heller ikkje åleine om ansvaret for konfirmant­ane i Sogndal. Eg er ikkje overtydd om at vi i eit liberalt samfunn, og i ei open og mangfaldig kyrkje, må halde unge menneske unna ein som tenker annleis ein fleirtalet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway