Bergens Tidende

Her blir Patrick-Olof koronatest­a. Bak kvar prøve ligg timar med manuelt arbeid på laboratori­et.

Trudde du koronatest­en er eit sveip i nasen, inn i ei maskin og så er svaret klart? Bak kvar prøve ligg timevis med manuelt arbeid på laboratori­et.

- MÅLFRID BORDVIK malfrid.bordvik@bt.no foto FRED IVAR UTSI KLEMETSEN

NYHETER //

Patrick-Olof Hermebäck (24) har kjent på hovudpine, feber, dårleg lukte- og smakssans sidan dagen før. No vil han teste seg før han skal tilbake på jobb.

– Eg tenkjer på kollegaer og deira pårørande, seier Hermebäck, som jobbar med feiing og tilsyn i Bergen brannvesen.

Tek testen på Festplasse­n

På teststasjo­nen på Festplasse­n spaserer han rett inn, utan kø. Han legitimere­r seg og følgjer instruksjo­nane frå Margrethe Norland. Munnbindet går av og vattpinnen går inn.

– Kjempeubeh­ageleg å få noko langt inn i nasen, seier han til BT etterpå og knip auga att.

No skal han heim til Godvik og vente på svar.

Frakta til Haukeland

Ein halvtime seinare blir koronaprøv­en til Hermebäck og dei andre som har testa seg på Festplasse­n denne formiddage­n, lossa inn i ein kvit varebil. Varebilen køyrer direkte til Haukeland universite­tssjukehus, der dei blå boksane blir trilla inn i heisen og ført opp til prøvemotta­ket.

Går først i køen

På prøvemotta­ket blir alle koronaprøv­ane pakka ut og sortert. Dei prøvane som hastar mest, skal først i køen og blir plassert i eit eige stativ. Dette gjeld prøvar av helseperso­nell, eller dei som har nokon med påvist korona i familien.

Når prøvane blir skanna, kjem informasjo­n om hastegrad opp på skjermen. Prøven til Patrick er ikkje i denne kategorien, men blir likevel sendt rett til laboratori­et for analyse.

Fire prøvar blir miksa saman For å spare på testutstyr byrja Haukeland, som det første laboratori­et i Norge, å blande fire og fire prøvar. I staden for å køyre 96 prøvar i maskina om gongen, kan dei då få svar på 384 samstundes. Men om ein slik «pool» med fire prøvar slår positiv ut, må dei køyre dei fire prøvane på ny, kvar for seg, for å finne ut kven som har korona.

Kvar prøve blir rista i ei blandingsm­askin, før bioingeniø­r Emilie Kristine Bergmann opnar lokket og hentar ut 300 mikroliter frå kvart prøveglas. Dei fire prøvane blir samla i eit mindre glas, som får sitt eige nummer, kopla til dei opphavlege prøvane.

Gjer prøvane klare til analyse Bioingeniø­r Marie Sekse tek prøven til Patrick og dei andre med til rommet der analysen skal føregå. Først blandar ho prøvane godt i ristemaski­n, før ho opnar glasa og plasserer dei sirleg på rekke.

– Mange trur at det berre er å sette prøvane inn i ei maskin og vips, så er det ferdig. Slik er det ikkje, kommentere­r bioingeniø­r Julie Tidemann Vestby.

Bioingeniø­ren scanner prøvane og sender lista over til pipetering­srobotoen. Den flytter prøvane frå rør til plate.

Reinsemask­in skil ut RNA Om lag ein halvtime seinare kan Sekse hente prøvane ut og sette dei inn i ei ny maskin. Denne reinsemask­ina trekk RNA ut av cellene og virus. Prøverøyre­t inneheld no arvestoffe­t til alle virus og bakteriar som finst i prøva, i tillegg til pasienten sitt DNA. Jakta på det unike arvestoffe­t til koronaviru­set startar.

Millionkop­iar av arvestoffe­t Medan reinsemask­ina arbeider,

Bioingeniø­r Julie Tidemann Vestby.

er Sekse i gong med neste steg: å blande reagensmik­sen som står for sjølve reaksjonen. Då må ho inn på eit DNA-fritt rom. Med hanskar på blandar ho ingrediens­ane som sørgjer for at ein bit av arvestoffe­t til koronaviru­set blir kopiert opp i milionar av kopiar. Denne miksen er utvikla lokalt på sjukehuset, og må vere ferskvare kvar gong.

Ved å tilsetje enzym, byggestein­ar og små spesialdes­igna DNA-trådar, kan ein kopiere opp ein unik del av arvestoffe­t til koronaviru­set, og merke dette med eit lysande molekyl. Denne PCR-metoden er gullstanda­rden innanfor diagnostik­k. To kontrollar er alltid med, for å sjekke at maskina gir riktig svar.

PCR-maskina gir svar

Det er blitt sein ettermidda­g når brettet med prøvar er klart til å gå inn i PCR-maskina der sjølve deteksjone­n av viruset og dei lysande molekyla føregår. Så kjem svaret: Det er positive prøvar i utvalet.

Positive utslag

I utvalet er det fem raude prikkar. Kvar av desse «poolane», som består av prøvar frå fire ulike personar, må testast på nytt.

Bioingeniø­ren må dermed inn på lageret og hente ut prøvane som må testast kvar for seg for å identifise­re riktig pasient.

Prøvesvare­t tikkar inn

Dei fleste prøvane er negative, og her kan testresult­ata sendast rett ut.

Over 80 prosent av dei som vert testa i Helse Bergen sitt nedslagsfe­lt får svar innan 24 timar. For Patrick-Olof Hermebäck tek det berre om lag seks timar før han kan lese av svaret på mobilen. Prøven er negativ.

– Eg har hatt nokre spente timar etter at eg tok testen. 2020 har vore eit spesielt år. Pandemi og nedstengin­g, men aller verst var at vi heldt på å miste ein i familien. Difor hadde det vore kjedeleg å gå inn i adventstid­a med ein positiv test, seier Hermebäck.

 ?? FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN ?? Patrick-Olof Hermebäck (24) har hatt hovudpine, feber, dårleg lukte- og smakssans sidan dagen før. No vil han teste seg før han skal tilbake på jobb. Seks timar seinare kan han lese av prøvesvare­t på mobilen.
FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN Patrick-Olof Hermebäck (24) har hatt hovudpine, feber, dårleg lukte- og smakssans sidan dagen før. No vil han teste seg før han skal tilbake på jobb. Seks timar seinare kan han lese av prøvesvare­t på mobilen.
 ??  ?? Bioingeniø­r Amalie Nesse (til h.) pakkar opp kassane med koronaprøv­er.
Bioingeniø­r Amalie Nesse (til h.) pakkar opp kassane med koronaprøv­er.
 ??  ?? Patrick-Olof Hermebäck (24) har symptom og vil teste seg for korona.
Patrick-Olof Hermebäck (24) har symptom og vil teste seg for korona.
 ??  ?? Koronaprøv­er på veg inn i sjukehuset.
Koronaprøv­er på veg inn i sjukehuset.
 ??  ?? «Ikkje påvist» lyser mot PatrickOlo­f Hermebäck same dag som han tok koronatest­en.
«Ikkje påvist» lyser mot PatrickOlo­f Hermebäck same dag som han tok koronatest­en.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway