Bergens Tidende

Rånarmiljø­et er som ein stor familie

Vi står på parkerings­plassane fordi vi ikkje har andre plassar å halde til.

- BIL ISAK LANGELAND Nesttun

ETTER AT EG har delt dette, så veit eg at nokon her kjem til å bli irritert, sur og kanskje forbanna også. Men du bør tole såpass for å lese vidare. Bilmiljøet her i Bergen og resten av landet er ein stor gjeng som samlast på parkerings­plassar om nettene i helgane. Eg trur hovudgrunn­en til at me samlast då, er at resten av landet koser seg framfor fjernsynet, butikkane er stengde, og parkerings­plassane opne for oss.

DÅ KAN VI stå der lengje berre for å snakke om bil, veg, motor og alt som kjem med dette. Nokre gongar vert det litt svarte spor på vegen eller på ein eller annan parkerings­plass. Men dette er ikkje lov i vårt vakre land.

Så ja, eg skjønner dykk når me speler høg musikk og lager svarte spinnespor. Mange av dykk har barn som søv eller skal legge seg når det vert bråk frå oss.

Vi ber om orsaking, men vi har framleis ingen andre plassar å halde til utanom alle desse vegane og butikkane.

NÅR EIN ER ung, har ein ikkje økonomi til å leige ein heil bane, det er svindyrt. Eikås motorsport­senter kostar mykje å leige i berre nokre få timar. Naf sin glattkøyri­ngsbane kostar også nokre tusen for tre timar.

Vi køyrer ofte gjennom bompengeri­ngen og bidreg slik sett med inntekter til samfunnet. Vi er ganske mange som møtest. Ungdommar med lite pengar i utgangspun­ktet.

Mange av oss i miljøet er lærlingar. Og lærlingløn­na er, mildt sagt, ikkje mykje å skryte av. Ein vikar utan utdanning kan få meir enn ein lærling som held på med utdanninga si.

Mange av oss brukar store summar og mykje tid på hobbyen, som er bil.

I MILJØET FINST det alt mogeleg av bilar. Frå familiebil­ar til drifting, offroad og berre vanlege varebilar. Det er godt blanda med både menn og kvinner. Vi dømmer ikkje kvarandre!

Det er eit stort fellesskap, som ein stor familie. Vi spør om hjelp og tips, og så plutseleg har du som regel alt du treng. For meg er alt dette vakkert. Noko vi har skapt ut av berre det vi har stor interesse for.

Eg høyrer om folk som klagar mykje om nettene, og det same står i avisene. Me skulle so gjerne hatt nok pengar og sponsorar som ynskjer å få ein sikker nok veg for alle.

De som ikkje er med i bilmiljøet og har hatt eit ynskje om å vere med på treff, berre kontakt meg. Så får du både tidspunkt og møteplass.

OG SIST, MEN ikkje minst, må eg berre håpe at dei som misliker vår hobby, klarer å halde ut nokre år til.

Det kjem fleire «RÅNARAR» med tida – det er eg sikker på.

 ?? FOTO: PRIVAT ?? Isak Langeland skjønner at folk vert irriterte av svarte spinnespor på parkerings­plassar og skulle gjerne hatt ein annan samlingspl­ass for motorinter­esserte.
FOTO: PRIVAT Isak Langeland skjønner at folk vert irriterte av svarte spinnespor på parkerings­plassar og skulle gjerne hatt ein annan samlingspl­ass for motorinter­esserte.
 ?? ARKIVFOTO: TROND THORSEN ?? Vi er ungdommar med lite pengar i utgangspun­ktet, og det kostar mykje å leige bane på for eksempel Eikås motorsport­senter, skriv innsendar.
ARKIVFOTO: TROND THORSEN Vi er ungdommar med lite pengar i utgangspun­ktet, og det kostar mykje å leige bane på for eksempel Eikås motorsport­senter, skriv innsendar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway