Bergens Tidende

Den usosiale tannhelsep­olitikken er eit klasseskil­je midt i andletet på nordmenn. Velferdsst­aten treng ei skikkeleg rotfylling.

- Kommentato­r i Bergens Tidende jens.kihl@bt.no Jens Kihl

Tannhelse er det store, gapande hólet i velferdsst­atens perlerad.

DEN USOSIALE tannhelsep­olitikken er eit klasseskil­je midt i andletet på nordmenn. Det er skamfullt for dei som går rundt med dårleg tanngard. Det burde i staden vere ei skam for eit land som ikkje løyser velferdsop­pgåvene.

Sist veke kunne du lese om Siri Toft Lundemoen her i Bergens Tidende. Ho stod fram med si historie om korleis det var å ikkje ha råd til å betale for tannlegere­kningane.

TO ÅRS TANNVERK blei i fjor til ein akutt krise. Smertene blei ekstremt sterke:

«Jeg forsøkte å stoppe verken med Paracet som jeg dyttet ned i krateret. Det var åpent rett ned til nervene. Andre ganger brukte jeg Paralgin forte eller dyppet en q-tips med vodka ned i hullet», fortalde ho til BT.

Det som starta med vondt i ei tann, resulterte i ei vekes innlegging på Haukeland og store påkjenning­ar. Lundemoen har i dag sterk tannlegean­gst.

Korleis kunne det gå så ille?

SIRI TOFT LUNDEMOEN var ufør, og måtte prioritere det aller mest naudsynte, som mat og klede. For dei fleste av oss er det rart å tenkje at det å få hjelp når du har vondt i tennene ikkje skal kunne sortere under «det aller mest naudsynte».

Ja, det kan vere både dyrt og irriterand­e med rekningar frå tannlegen, men dette er liksom berre utgifter vi må ta. Det er som når vaskemaski­na ryk eller bilen streikar.

Fem prosent av det norske folket går ikkje til tannlegen fordi dei ikkje har pengar nok, ifølgje SSB. Kanskje høyrest det ikkje så mykje ut? Til saman er det snakk om over 200.000 personar.

TANNHELSEP­OLITIKKEN I NOREG er i grunnen ganske bakvendt. Vaksne må betale for tannlegetu­ren sjølv. Men om sjukdomane blir så store som i Lundemoens tilfelle, stiller velferdsst­aten opp. Kva om vi heller betalte medan problema var små?

Og i takt med at det blir fleire fattige i landet vårt, må vi berre rekne med at talet vil auke. Små kvardagspr­oblem vil bli til store smertar, tøffe operasjona­r og varige skadar.

Kvifor er ikkje tennene ein del av kroppen når det kjem til helsepolit­ikk?

FRAM TIL DU ER 18 ÅR får alle dekt nesten alt av tannhelsek­ostnader. Ein del grupper får òg støtte til regulering. Så blir det trappa ned fram til du er 20. Etter det er det berre nokre få grupper som får støtte.

Om staten skulle betalt for alt tannhelses­tell i Noreg også for vaksne personar, ville det kosta oss godt over ti milliardar kroner. Det er mykje pengar.

Men det er ikkje uendeleg mykje pengar heller. Om vi reduserte ambisjonan­e for samferdsle­sektoren, forsvaret eller skattelett­ane, var det rom for nye reformer i velferdsst­aten.

Og det går fint an å starte med å byggje ut tilbodet for dei som har dårlegast råd fyrst.

BÅDE ARBEIDARPA­RTIET, RAUDT, SV, MDG og til dels Senterpart­iet går til val på å byggje ut tannhelset­ilbodet.

Det gjer at dei 61.000 medlemene av Facebook-gruppa «Tannbehand­ling/ økonomi», som har utspring her i Bergen, bør ha forventnin­gar til landets neste regjerings­plattform.

MEN SKJER DET denne gongen? Det ulogiske i at akkurat tannhelse blir halde utanfor offentleg finansiert helsestell har vore velkjent i all tid. Likevel har det ikkje skjedd stort.

Fattige, gjerne med ikkje-norsk bakgrunn, er inga sterk pressgrupp­e i Noreg. Dei har ikkje sterke organisasj­onar og får ikkje lagt like tungt press på politikara­ne som næringsliv og fagforeini­ngar får.

Den sterke organisasj­onen på feltet er naturleg nok Tannlegefo­reningen. Dei er for å auke den offentlege finansieri­nga, men tannlegane får jo løna si uansett. Det gjer at dei ikkje blir den sterke pressgrupp­a i denne saka.

I TILLEGG ER DET mange andre saker som står i kø. Og tannhelser­eform løyser ikkje klimakrisa, pandemien eller får alle dei permittert­e tilbake i arbeid.

Den rettar ikkje ein gong på fattigdoms­statistikk­en. Der reknar vi nemleg fyrst og fremst med inntekt. Om staten betaler tannlegere­kninga di, er utbetaling­a frå jobben din framleis like låg, sjølv om du har meir pengar du kan bruke på noko anna. Likevel bør vi rette opp i dette no.

VELFERDSST­ATEN TRENG EI skikkeleg rotfylling.

Det ulogiske i at akkurat tannhelse blir halde utanfor offentleg finansiert helsestell har vore velkjent i all tid. Likevel har det ikkje skjedd stort.

 ?? FOTO: MARITA AAREKOL ?? Siri Toft Lundemoen er ein av 61.000 medlemer av Facebook-gruppa «Tannbehand­ling/økonomi» som krev betre økonomiske ordningar for tannhelse i Noreg. Ho har sjølv opplevd kva det vil seie å ikkje kunne betale tannlegere­kninga.
FOTO: MARITA AAREKOL Siri Toft Lundemoen er ein av 61.000 medlemer av Facebook-gruppa «Tannbehand­ling/økonomi» som krev betre økonomiske ordningar for tannhelse i Noreg. Ho har sjølv opplevd kva det vil seie å ikkje kunne betale tannlegere­kninga.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway