Bergens Tidende

Boligalarm, så trygt og enkelt som det burde vaere

Fleire meiner me er på veg mot eit kaldare samfunn. Eg har ei anna oppleving.

- MARIT KVAMME-VIK

Med Homely kan du trygge hjemmet ditt og de du er glad i. Hos oss er du tilkoblet en døgnbemann­et alarmstasj­on, med vektere som har din trygghet som sin viktigste jobb.

Les mer på homely.no

EG LES STADIG debattinnl­egg og kommentara­r om korona og dei inngripand­e tiltaka me lever i for tida – med eit negativt fokus. Ikkje så rart, det. Det er frustreran­de for oss alle.

Eg er for diskusjona­r og heilt klart for eit demokratis­k samfunn. Men midt oppi alt trur eg me treng ei meir positiv vinkling på det heile. Stola på at dei folkevalde vil oss godt. Diskusjona­ne rundt tiltaka kan me ta når det heile er over.

NÅR DET ER slik som no, trått og trist for mange, treng me då meir negativite­t? Er det ikkje betre å finna dei beste måtane å komma oss gjennom dette? Saman?

Fleire meiner me er på veg mot eit kaldare samfunn. At me skular på kvarandre. At me ikkje stolar på kvarandre. Eg har ei anna oppleving.

EG OPPLEVER AT når me ikkje kan treffast fysisk, så finn me andre måtar å treffast på. Eg opplever at ein kjem naerare dei som før ikkje var så naere. Sjølv har me hatt quiz med søskenbarn på video – fleire gongar. Søskenbarn som ein ikkje treffer ofte elles.

Eg tenkjer meir på dei som er aleine og tar gjerne opp telefonen og ringjer, oftare enn før.

Det er vel slik at når ting vert «forbode», så tenkjer ein meir over det. Når det ikkje er ok å besøka fjern og naer, så vil ein det kanskje meir.

MIN NYASTE NEVØ vart født midt i korona, og det er ikkje mykje eg har fått sett han fysisk. Men me blir no godt kjent på video, der me leikar «titt-titt» og bablar om kvarandre, medan storebrore­n på to år stolt viser alt nytt han har laert seg.

Fleire gongar i veka ser me kvarandre slik. Om alt hadde vore som vanleg, hadde me nok ikkje brukt videosamta­lar i saerleg grad. Me hadde kanskje sett kvarandre mindre og snakka mindre saman.

FLEIRE FORTEL OM sinte blikk bak munnbinda på butikken – at folk skular på ein om ein er så uheldig å gløyma å følgja ein av dei mange tiltaka. Men er det nødvendigv­is sånn at folk meiner det vondt?

Kva om blikket bak munnbindet eigentleg seier: «Ta på deg munnbind – eg vil ikkje at du skal bli sjuk.» Eller: «Eg er redd for dei eg er glade i, derfor ønskjer eg at du tar på deg munnbind.» Medmennesk­e.

Kanskje me er litt for kjappe til å snu det til noko negativt?

NÅR ME IKKJE kan reisa hit og dit som me vil, får også dei fleste av oss meir tid til overs. Ein kan velja å sjå svart på alt, eller ein kan velja å snu ting til det positive. Tida kan ein nytta til så mangt.

Ein kan lesa boka som har lagt og støva ned. Ein kan ta opp ein gammal hobby eller skaffa ein ny hobby. Ein kan spela brettspel saman. Ein kan ta den nedvasken av skap som har lengta etter såpe og vatten i fleire månader. Ein kan sortere klede, eller rydda ut andre overflødig­e saker og ting ein har liggande.

Ta fram penn og papir og skriv eit godt gammaldags brev!

EG HAR LAERT mykje av barna rundt meg denne perioden. Då dei ikkje kunne treffast, gøymde dei brev og små ting dei laga rundt i bygda og la skattekart i postkassen­e til kvarandre. Og gløym ikkje alle regnbogane i vindauge rundt i dei tusen heimar, med påskrifta «Alt blir bra».

Så enkelt og ikkje minst, sånn ei glede. Mogeleghei­tene er der, me treng berre sjå dei. Tenkja nytt. No har me den tida som me ikkje har hatt før.

PLUTSELEG EIN DAG er det over, og livet vert det same igjen. Eg har stor tru på at me kjem over på andre sida av korona som sterkare og varmare menneske. Fordi me har fått tid til å stoppa opp litt.

Tid til refleksjon.

 ?? ILLUSTRASJ­ON: J.ENNIFER / SHUTTERSTO­CK / NTB ?? «Eg har stor tru på at me kjem over på andre sida av korona som sterkare og varmare menneske», skriv Marit Kvamme-Vik.
ILLUSTRASJ­ON: J.ENNIFER / SHUTTERSTO­CK / NTB «Eg har stor tru på at me kjem over på andre sida av korona som sterkare og varmare menneske», skriv Marit Kvamme-Vik.
 ?? FOTO: PRIVAT ?? Marit Kvamme-Vik.
FOTO: PRIVAT Marit Kvamme-Vik.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway