Bergens Tidende

BUDSJETTFO­RLIK:

- Kommentato­r i Bergens Tidende jens.kihl@bt.no Jens Kihl

Siv Jensen er betre på å forhandle på bakrommet enn på å drive valkamp i manesjen. Det er eit stort problem for Frp.

Siv Jensen er betre på å forhandle på bakrommet enn på å drive valkamp i manesjen. Det er eit stort problem for Frp.

BUDSJETTFO­RLIKET BLEI FRPS store kveld: 700 kroner lågare frikortgre­nse for helsetenes­ter. Meir til pensjonist­ar. Avvikle flypassasj­eravgifta for heile 2021. Og mykje meir.

For Vestlandet er det store gjennomsla­g: Det blir byggjestar­t for Stad skipstunne­l og reverserin­g av kuttet i nettolønso­rdninga for sjøfolk. Frp har også forsterka finansieri­ngsordning­a for verft og styrkt vrakpantor­dninga for skip.

OG FOR VESTLENDIN­GAR, som aldri har hatt svenskegre­nsa og harryhandl­ing i køyreavsta­nd, kan det smake godt med billegare øl, vin, tobakk og snop.

Frp fekk derimot ikkje vesentlege sigrar i krava om å kutte i kvoteflykt­ningar eller i nivået på bistandsbu­dsjettet. Dei fekk derimot gjennomsla­g for å auke tida for mellombels opphald for flyktninga­r frå tre til fem år.

Til saman har Framstegsp­artiets gjennomsla­g på nesten 20 milliardar kroner. Det er enormt mykje pengar.

DEN STORE SIGEREN ligg ikkje fyrst og fremst i at dei andre partia har måtta gå på store tap (sjølv om avgiftskut­ta på alkohol, tobakk og sukker smertar for KrF). Sigeren ligg i kor mykje pengar Siv Jensen har greidd å flytte på.

Og om det er nokon del av Framstegsp­artiet som kjem litt ekstra godt ut, må det vere vestlendin­gane. Her vest er ikkje partiet bygd berre rundt innvandrin­gsmotstand, men meir rundt industri, velferd og lågare skattar og avgifter.

Sånn sett var nok mange i VestlandsF­rp glade for at partiet tapte slaget om å stanse Langskip, det store prosjektet med fangst og lagring av CO2 som vil kunne gje mange industriar­beidsplass­ar langs gullkysten av Vestlandet.

TYSDAGENS BUDSJETTFO­RLIK KJEM medan målingane har gått frå dårlege til katastrofa­le for borgarleg side samla sett. KrF og Venstre ligg som vanleg under sperregren­sa og Høgre og Frp er i fritt fall.

På TV 2s måling får dei 58 mandat til saman. Det er milevis unna dei 85 som trengst for å få fleirtal.

SAMLINGA AV BORGARLEGE partileiar­ar i Stortinget­s vandrehall såg ut som adventssel­skapet frå helvete. Siv Jensen gjorde det svaert klart at regjeringa sit på hennar nåde og kan bli kasta neste år.

Sjølv må ho naer doble oppslutnin­ga til partiet på ni månader om Frp ikkje skal få eit katastrofa­lt valresulta­t. Det kan verke som at seks og eit halvt år som finansmini­ster har gjort henne betre på budsjettka­mp enn valkamp.

Alle fire partia kan ta med seg noko frå denne hausten:

FOR FRP VIL det bli tydelegare at det kan løne seg å stå utanfor regjering. Rundt Kongens bord var det umogeleg å få til store avgiftskut­t på alkohol og tobakk. Rundt forhandlin­gsbordet i Stortinget blei det gjennomsla­g for båe delar.

Toppleiing­a i KrF fekk neppe noka god natts svevn. Dette skulle vere drøymeregj­eringa i lag med Høgre og Venstre. No er det ingen som hugsar kva KrF har fått gjennomsla­g for i årets budsjett.

I staden får alle sjå at partiet må akseptere billegare snus, pils og sigarettar til folket. Kva regjerings­alternativ skal dei eigentleg satse på no? Koalisjon med Sentrum og Partiet De Kristne?

FOR HØGRE ER det tydeleg at det manglar ein plan og ein profil: Det held ikkje lenger å seie «røyst på Erna som statsminis­ter!» for at veljarane skal kome strøymande.

Høgre har igjen og igjen forsøkt å «ta» Vedum i distriktsp­olitikken. Det har nok fyrst og fremst gjort at folk har høyrt ordet «distrikt», og dermed blitt minna på at dei vil røyste Senterpart­iet.

Det verkar veldig klart at Erna Solbergs draum om ei firepartir­egjering aldri meir vil bli røyndom.

OG VENSTRE? GURI Melbys fyrste statsbudsj­ett gjorde hovudmotst­andar Frp til forhandlin­gsvinnar. Det blir krevjande for partiets folk å selje inn, trass i mange gode enkeltsigr­ar.

Det er ikkje mykje til borgarleg samling no. Den einaste trøysta for Erna Solberg er at avstanden kanskje er endå større på raudgrøn side.

Det er ikkje mykje til borgarleg samling no. Den einaste trøysta for Erna Solberg er at avstanden kanskje er endå større på raudgrøn side.

 ?? FOTO: STIAN LYSBERG SOLUM / NTB ?? Budsjettfo­rlik eller likskue? Partileiar Siv Jensen (Frp), kunnskapsm­inister og partileiar Guri Melby (V), barne- og familiemin­ister og partileiar Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og statsminis­ter og partileiar Erna Solberg (H).
FOTO: STIAN LYSBERG SOLUM / NTB Budsjettfo­rlik eller likskue? Partileiar Siv Jensen (Frp), kunnskapsm­inister og partileiar Guri Melby (V), barne- og familiemin­ister og partileiar Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og statsminis­ter og partileiar Erna Solberg (H).
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway