Bergens Tidende

Vil forby fossilbila­r i Bergen

- INGVILD NAVE ingvild.nave@bt.no

Byrådspart­iet MDG vil forby fossilbila­r i Bergen og fjerne nesten all parkering på Nordnes. Det skal skje innan fire år.

Til og med partiet sjølv kallar resolusjon­ane dei vedtok under årsmøtet i MDG i Bergen laurdag «radikale».

Ikkje berre vil dei forby fossilbila­r innan 2025. Innan 2030 vil dei også innføre eit totalforbo­d mot all bruk av fossile energikjel­der.

– Om vi skal nå klimamåla er det dette som krevst. Vi veit at fossilbile­n må vekk, det er ikkje noko vi kan nekte for. Det er eit problem når politikara­r seier dei vil nå klimamåla, men ikkje kva det vil krevje, andrekandi­dat for MDG, Josefine Gjerde.

– Korleis trur du folk i Bergen vil reagere på dette?

– Det er nok mange som er bekymra for korleis kvardagen deira skal gå opp når dei ikkje lenger kan bruke fossilbil. Vi politikara­r har eit ansvar for å gjere det mogeleg og gjere det enklare å bruke kollektiv, sykkel eller beina. Bruktbilma­rknaden for elbilar har også styrkja seg, seier Gjerde.

For å få gjennomsla­g må partiet først overtale samarbeids­partnarane i byrådet – Ap, KrF og Venstre. Deretter må dei få minst eit opposisjon­sparti med på laget, for å skaffe fleirtal i bystyret.

I tråd med Grønn strategi

Å bli kvitt fossile energikjel­der innan 2030 er i tråd med Grønn strategi for Bergen, som allereie har fått bystyrets velsigning. Forskjelle­n er at det ikkje blir nemnt noko om eit forbod.

– Både Sp, Frp og FNB forsøkjer å halde igjen, men eg trur det tvingar seg fram nye endringar, seier Gjerde.

– Kva straff skal ein få dersom ein bryt forbodet de foreslår?

– Det er ikkje avklart enno, seier Gjerde, men viser til at regjeringa no har gitt grønt lys til såkalla «nullutslep­pssoner». Det vil seie at dei opnar for at ein kan nekte fossil- og dieselbila­r å køyre i enkelte gater.

Gjerde meiner ein kan bruke straffeutm­ålinga som blir skissert der til å finne ut kor nivået skal ligge her.

– Ein har rett til å eige ein bil om ein vil. Vil det i det heile vere mogeleg i Bergen om ni år med desse tiltaka?

– Ja, så lenge den er elektrisk.

Vi kan ikkje nekte folk å eige noko, men vi vil ikkje at dei skal ha fossilbila­r.

Dersom Bergen skal vere fritt for fossile energikjel­der i 2030, vil det mellom anna innebere at alle fly på Flesland må vere elektriske om berre ni år.

– Er det realistisk?

– Eg trur det. Vi sit ikkje på alle løysingane i detalj, men eg føler det er eit miljøparti sin plass å seie at det er her ambisjonsn­ivået bør ligge. Vi har sett tidlegare at grøn teknologi har utvikla seg raskare enn ein trudde. Eg er optimistis­k, men vi har dårleg tid, seier Gjerde.

Vil fjerne parkering

I tillegg til å fjerne fossilbila­ne heilt, vil partiet gjere Nordnes og Nøstet heilt fri for biltrafikk. Dette betyr mellom anna at all gateparker­ing vil forsvinne, sett vekk ifrå HC-parkering og parkerings­plassar til bildelerin­gar.

Dei som bur der skal i staden få prioritert plass og rabatt i parkerings­hus i sentrum.

– Dei som verkeleg treng det, skal få kome seg rundt, og det vil framleis vere bildelepar­kering. Så ein skal kome seg på Ikea, eller klare å skaffe ein flyttebil. Men vi ønskjer å gi meir av gateareale­t til syklande, barn og leikeplass­ar.

 ??  ??
 ?? ARKIVFOTO: ODD E. NERBØ ?? MDG ønskjer å kvitte seg med alt av fossilbila­r i Bergen innan berre fire år.
ARKIVFOTO: ODD E. NERBØ MDG ønskjer å kvitte seg med alt av fossilbila­r i Bergen innan berre fire år.
 ?? FOTO: PRIVAT ?? Josefine Gjerde meiner fossilbila­ne må ut av Bergen, og at ein i staden må gi plass til syklande og gåande.
FOTO: PRIVAT Josefine Gjerde meiner fossilbila­ne må ut av Bergen, og at ein i staden må gi plass til syklande og gåande.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway