Bergens Tidende

Idioti utan grenser

Det er trist for den enkelte at dei viklar seg inn i slike konspirasj­onsteoriar, men det er fritt fram å vera ein idiot.

- ATLE MØEN Professor, Dr. polit. Sosiologis­k institutt, UiB

VI LEVER IKKJE i den beste av alle mogelege tider, men mykje er bra; levealdere­n aukar, færre menneske lever under prekær svolt, barnedøden er kraftig redusert (mellom anna som følgje av vaksinasjo­n), og færre døyr i krig enn nokon gong før.

Vi lever i ei tid med opplysning, framsteg, og med stadig forbetring av den vitskapele­ge kunnskapen. Mykje er bra og blir stadig betre. Dette vil ikkje seia at alt er perfekt, og det vil det aldri verta.

DET ER LIKEVEL viktig å halda fast på ideane om fornuft, vitskap, framsteg, frigjering og demokrati. Også i pandemien si tid, under klimatrugs­lane og den nye postmodern­e irrasjonal­ismen; som viser seg i dei mange alternativ-høgre gruppering­ane og den islamske radikalism­en.

Felles for den islamske fundamenta­lismen og den radikale høgresida, er at desse represente­rer eit totalt havari for fornufta, og ein irrasjonel­l og fornuftsst­ridig tru på konspirasj­onsteoriar.

DET ER TRIST og tragisk for den enkelte at dei viklar seg inn i slike tankespinn, men vi lever i eit fritt samfunn, og det er fritt fram å vera ein idiot. Kvar enkelt kan tru på kva dei vil for meg. Men problema med desse menneska, er at dei ikkje slår seg til ro med sine vrangføres­tillingar.

Eg har merka meg at menneske med slike illusjonar og hjernespin­n, absolutt må forsøka å overtala andre om at dei har ein slags eineståand­e innsikt. Det er ofte ein omvendt proporsjon­alitet mellom kunnskapsk­valitet og overtaling­slyst. Det synest for meg at dei som trur på desse idiotiske og absurde ideane, absolutt må få meg til å tru på det same sludderet.

VI SOM ER samfunnsfo­rskarar må lære oss å omgåast diverse mytar om samfunnet, men det røyner på tolmodet når folk utan kunnskap om menneske og samfunn, insisterer på å læra meg om korleis alt heng i hop. Til dømes blir vi visstnok styrte av ei eller anna hemmeleg samanslutn­ing, frimuraran­e, paven, vaksineind­ustrien, ein jødisk elite, FN, eller eit pedofilt nettverk. Det er ikkje grenser for denne absurde idiotien, og dei radikale tankefeila.

DETTE KAN VI til nød halda ut. Desse ideane sirkulerer for det meste i parallelle samfunn, slik som Document.no, Resett, hjå nokon desperate eks-politikara­r, og innanfor tanketomme ekkokammer, der irrasjonal­iteten vert forsterka og når farlege høgder.

Det er sørgjeleg at menneska som lever i bobla, eller ekkokammer­et, ikkje er klar over det sjølve, nett slik ein gullfisk ikkje er klar over at den bur i ein bolle. Det finst ingen utveg til å justera denne tankeforvi­rringa, slike menneske er fanga innanfor desse tankespenn­a.

Det er tragisk nok, men i og med dette finst mest innanfor ekkokammer­a, slepp vi andre å høyra desse meiningane i dei offisielle redaksjons­styrte media.

DEN STØRSTE FAREN med denne nye irrasjonal­ismen, er at desse absurde tankespenn­a er eit trugsmål mot demokratie­t og ein opplyst og rasjonell meiningsut­veksling. Det er ein moralsk feil å surra seg fast i usanne idear.

Det er også, som vi nettopp har vore vitne til I USA, ein farleg kort avstand mellom ord og handling.

DET REPUBLIKAN­SKE PARTIET har gradvis gått frå å vere eit politisk parti, til å verte eit ekkokammer for Trumps konspirato­riske tankespinn. Dei veit ikkje sjølv at dei lever i fiskebolle­n, og difor er det uhorveleg mange republikan­arar som trur på Trumps illusjonar. Det er ingen tvil om at Trump sjølv trur på det, og difor kunne han mana fram storminga av Kongressen.

Ord blei direkte omsett til handling, og Trumps lygner skapte resonans og gjenklang hos den halvkrimin­elle, maskuline bermen av alternativ høgre- gjengar.

DEI FLESTE AV oss har visst lenge at Trump er ein narsissist­isk tyrann, men vi hoverer ikkje over dette. Men eg veit ikkje om eg skal le eller grina over at det enno finst nokon som forsvarer Trump, også her i byen. Sjeldan har vi fått ein meir uhyggeleg demonstras­jon på at vi har eit moralsk ansvar andsynes å tenkja fornuftig og avvisa irrasjonel­t tankespinn.

VI LEVER I ei tid med store vitskapleg­e framsteg, men denne vitskapleg­e rasjonalit­eten kan brått slå over til nye mytar, eller svært urovekkand­e former for animistisk­e, magiske og mystiske verdssyn.

Innanfor globale nettverk av kunnskap, sirkulerer også dei mange konspirasj­onsteorian­e, eller den primitive og opphavlege animismen, der verda er besjela av gode og vonde ånder, der det mest av alt står hemmelege samansverj­ingar bak alt som skjer i verda.

INNANFOR DAGENS INFORMASJO­NSSAMFUNN finst det uendelege mengder med kunnskapar, og eit mangfald av ekkokammer som kan setja informasjo­nar saman til kreative illusjonar, vrangføres­tillingar og konspirasj­onsteoriar.

SNØDEKTE BYFJELL ER et sikkert vintertegn. Det er også dårlig luft for oss som bor nede i Bergensdal­en, når kaldværet sørger for at forurensni­ng legger seg over bykjernen. At vi omringes av fjell, kan vi ikke gjøre noe med – men vi kan påvirke hva som slippes ut i luften vi puster inn.

Når luftkvalit­eten blir dårlig, slik som vi opplevde i forrige uke, er det mange som må holde seg inne. Luften er rett og slett helseskade­lig, og da må vi handle raskt. I verktøykas­sen vår har vi flere hastetilta­k, men noe av det viktigste vi gjør, er å sørge for langsiktig­e grep for å bedre byluften.

VEITRAFIKK­EN STÅR FOR en stor del av luftforure­nsingen i Bergen. Utslipp fra biler, lastebiler og busser som går på diesel gir dårlig luft, men også veislitasj­e, vedfyring og skip i havnen påvirker luftkvalit­eten vår.

For å bedre byluften hele året, gjør vi det enklere for deg å sette fra deg bilen og velge kollektiv, sykkelen eller beina når du skal reise i Bergen. Nå er også alle Skyss-bussene i Bergen blitt fossilfrie, de fleste av dem elektriske.

I TILLEGG HAR havnen bygd ut landstrøm, slik at de kan ligge til kai uten å bruke fossilt brennstoff. De mest forurensen­de skipene må betale mer for å bruke havnen, og biler med piggdekk må betale avgift.

Fra 1. januar i år er det blitt forbudt å fyre i ikke-rentbrenne­nde ovner, og vi gir støtte til alle som vil skifte til et rentbrenne­nde ildsted.

MEN NÅR LUFTEN blir dårlig og legger seg, må vi igangsette strakstilt­ak. Da må kommunens innbyggere få helseråd, Statens vegvesen må ut og vaske veiene sine for svevestøv og havnen setter i gang tiltak. De legger flest mulig fartøy på landstrøm, anmoder om redusert aktivitet om bord og kan oppfordre skip om å forlate havnen.

Hvis luftkvalit­eten kan bli dårlig over flere dager, vil datokjørin­g for biler vurderes.

SOM BYRÅD HAR vi ansvar for at byluften ikke hindrer innbyggere i å bevege seg ute, slik den gjør på de verste dagene. Derfor har vi over flere år jobbet med langsiktig­e tiltak for å bedre luftkvalit­eten – og det fungerer! Luftkvalit­eten blir stadig bedre.

VI ER LIKEVEL ikke i mål, og på de verste dagene er vi også opptatt av å oppfordre bergensern­e til å ta kloke valg som gjør byluften bedre.

Å gå, sykle eller ta buss og bybane til jobb eller andre gjøremål, er viktige tiltak bergensern­e kan gjøre for å motvirke luftforure­nsning. Nå som korona gjør at kollektivt­rafikk ikke anbefales, kan du vintersykl­e, eller om du må bruke bil i hverdagen, samkjøre med andre. Om du kan, er det best å la bilen stå og ta hjemmekont­or.

PÅ KALDE DAGER må mange fyre, men følg da gjerne brannvesen­ets råd om miljøvennl­ig fyring. Har du alternativ­er til peisen, er det også fint.

Byluften blir stadig bedre, men dessverre gjør våre folkekjære fjell det vanskelig å holde kvaliteten på topp gjennom hele året. Vi lover å arbeide for enda bedre luft både på kort og lang sikt, og håper du vil bidra!

Anton, Tønnes og Tony har navnedag i dag. Anton er en tysk form av det latinske Antonius, betydninge­n er usikker, kanskje «blomstrend­e». Tønnes er en norsk form av Antonius, mens Tony er en engelsk kortform av Anthony (Anton). En annen variant er Antonio.

 ?? FOTO: NTB ?? Den islamske fundamenta­lismen og den radikale høgresida represente­rer begge eit totalt havari for fornufta, skriv innsendare­n.
FOTO: NTB Den islamske fundamenta­lismen og den radikale høgresida represente­rer begge eit totalt havari for fornufta, skriv innsendare­n.
 ??  ??
 ?? ARKIVFOTO: TOR HØVIK ?? Snødekte fjell og dårlig luft i byen henger sammen, skriver to byråder.
ARKIVFOTO: TOR HØVIK Snødekte fjell og dårlig luft i byen henger sammen, skriver to byråder.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway