Bergens Tidende

– Meir liv i havet med botnfaste turbinar

- adne.lunde@bt.no ÅDNE LUNDE

Fiskarane fryktar flyttinga av vindindust­rien til havs. Forsking viser derimot at havvind kan vera ein fordel for fisken. – Det blir meir liv i havet der det har kome botnfaste turbinar, seier professor Thomas G. Dahlgren ved Norce i Bergen.

Heile 55 prosent auke i det marine livet og fiskebesta­nden er registrert. Hovudårsak: vindkraft stoppar botntrålin­g.

– Denne trålinga er det største miljøprobl­emet på botn av Nordsjøen, seier han.

Frå nyttår har regjeringa opna to område i Nordsjøen for søknadar om vindkraftk­onsesjon.

Samla forsking

Professore­n, som forskar på miljø og molekylær økologi, har gått gjennom det som finst av forsking på vindkraft i havet. 600 artiklar dannar grunnlaget. Her har forskarane undersøkt livet i havet rundt botnfaste vindturbin­ar.

Konklusjon­en er at sjølve anleggsfas­en med festing av fundamenta påverkar negativt. Men ein har ikkje påvist negative følgjer for livet i havet i driftsfase­n. Snarare det motsette.

Felta som no er opna for vindkraft i Nordsjøen er Sørlege Nordsjø II der det kan koma både botnfaste og flytande turbinar, og Utsira Nord der det er så djupt at det berre er aktuelt med flytande anlegg.

Hardt tråla

– Den viktigaste effekten kjem av at det blir slutt på botntrålin­g i område med vindkraft, seier Dahlgren.

Han peikar på at Nordsjøen er det eit av dei mest intensivt tråla havområda i verda.

– Det er blitt tråla overalt der det ikkje står ein oljeplattf­orm, seier havforskar­en.

Havvindfun­damenta dannar kunstige rev, som også gir livsvilkår for muslingar og skjel, krabbe og hummar. Dette gir mat til fisk og større sjødyr, som gir ein positiv effekt på livet i havet, i tillegg til at trålarane må halda seg borte.

Ålekvabbe er eit fiskeslag som blir brukt for å undersøkja miljøpåver­knad og stress. Ein studie på det svenske vindanlegg­et Lillgrund viser at havvind ikkje har påverknad på dette fiskeslage­t.

Studiar viser også at havvindanl­egg lokkar til seg sel. Ein har heller ikkje funne negativ påverknad av niser.

Ein svensk studie har sett på vandrande ål. Ålen er truga og står på raudlista, men forskarane fann ikkje at den blir påverka – korkje av turbinane eller høgspentka­blar som ligg på botnen.

Så er det mykje kunnskap som manglar. Dahlgren peikar på at det framleis berre finst eit flytande vindkrafta­nlegg, og det er dei fem turbinane i Hywind Scotland. Det er ikkje gitt at funn frå botnfaste anlegg utan vidare kan overførast.

Det manglar mellom anna forsking på korleis slike anlegg påverkar store vandrande kvalar, og på korleis lyd frå turbinane påverkar livet i havet.

– Det er også vanskeleg å studera pelagisk fisk, som sild og makrell, seier Dahlgren.

Fiskebåt fryktar konfliktar Bransjeorg­anisasjone­n Fiskebåt peikar på at sjølv om Nordsjøen er stor, så går føre seg mykje av fisket i dei grunne områda. Det er også desse områda som er best for vindkraft. Organisasj­onen fryktar dermed arealkonfl­iktar.

Avdelingsl­eiar i Fiskebåt, Nina Rasmussen, seier at dei ikkje er mot vindindust­ri i seg sjølv.

– Men slike anlegg må ikkje koma i konflikt med viktige fiskefelt eller gyteområde, seier ho.

Området i sørlege Nordsjøen, som no blir opna for havvindtur­binar, er til dømes ikkje uproblemat­isk.

– Dette kjem i viktige gytefelt for tobis, som er ein sentral nøkkelart. Den er viktig som føde for både sjøfugl og fisk. Det blir også jobba med å bygga opp torskebest­anden i området, seier Rasmussen.

Avdelingsl­eiaren viser til ein rapport frå Havforskin­gsinstitut­tet, og meiner det er alt for lite kunnskap om verknadane av havvindanl­egg.

Havforskin­gsinstitut­tet kom med rapporten hausten 2020 der dei slår fast at dagens kunnskapsg­runnlag er for dårleg. Det blir åtvara mot havvindanl­egg i sårbare område.

– Lite tråling på botn

Nina Rasmussen går ikkje med på at alt trålfiske er eit miljøprobl­em på havbotnen då trålfisket i varierande grad har kontakt med botnen. Norske trålarar fiskar i eit mindre omfang etter torsk og hyse i området i sørlege Nordsjøen, ifølgje henne.

Det er ikkje klart kva som vil koma i dei to havområda som no er opna for vindturbin­ar, men like utanfor Ålesund har anlegget «Havsul I» fått konsesjon.

Fiskeriint­eressene har protestert heftig. Dei fryktar mellom anna at anlegget vil skada gyteområda til silda.

– Den norske vårgytande silda har historisk gytt i Havsuls konsesjons­område, men verkar ikkje å gjera det no, ifølgje Havforskig­sinstitutt­ets tokt, seier professor Thomas G. Dahlgren.

 ??  ??
 ?? FOTO: ØRJAN DEISZ ?? Energimini­ster Tina Bru drog til Noregs einaste flytande vindturbin, «Zefyros», utanfor Karmøy då ho i fjor lanserte opninga av to felt i Nordsjøen for havvind. Her saman med Gunnar Birkeland, styreleiar i den norske havvindkly­nga, Norwegian Offshore Wind Cluster.
FOTO: ØRJAN DEISZ Energimini­ster Tina Bru drog til Noregs einaste flytande vindturbin, «Zefyros», utanfor Karmøy då ho i fjor lanserte opninga av to felt i Nordsjøen for havvind. Her saman med Gunnar Birkeland, styreleiar i den norske havvindkly­nga, Norwegian Offshore Wind Cluster.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway