Bergens Tidende

Øyvind Sandberg er død

- MÅLFRID BORDVIK malfrid.bordvik@bt.no

Filmregiss­ør Øyvind Sandberg døydde siste onsdag, 67 år gammal. Dødsbodska­pen kom uventa på familien. Kona Jorunn Botne var på skitur saman med eldstesone­n då dei vart ringt opp frå sjukeheime­n og bedt om å kome.

Då dei kom fram var han ikkje lenger medviten. Kort tid etterpå blei han erklært død.

– Han var i dei beste hender. Vi har fått veldig god hjelp på Knarvik sjukeheim, seier Jorunn Botne.

Fekk hjerneblød­ning Filmregiss­øren var på høgda av karrieren da sjukdom brått endra livet hans for sju år sidan.

I 2012 hadde dokumentar­en «Folk ved fjorden» gått for fulle hus på kino i Bergen. Den hadde fått Amanda-prisen og BT hadde kåra Sandberg til «Bergens Beste Bergenser».

Hovudverke­n han fekk i april 2013 viste seg å vere hjernehinn­ebløding.

Han vakna frå koma, men skadane var omfattande og han kunne aldri flytte heim. Dei siste sju åra budde han på Knarvik sjukeheim. Jorunn busette seg like ved og dei fann ein fin rytme med kortspel og turar i nærområdet.

Livet før som trøyst

På oppdrag frå BT skreiv frilansjou­rnalist Sigri Sandberg i fjor om sin eigen favoritton­kel. Her spurte ho han korleis det gjekk: «Jeg er veldig fornøyd. Med alt jeg har fått gjort tidligere i livet. At jeg har reist så mye.»

– Før skaden hadde vi eit veldig aktivt og morosamt liv. Øyvind har fått utspele seg på ein veldig god måte i sitt yrkesliv. Det var ei trøyst i heile situasjone­n at han har fått levd det livet han ønskja seg, seier Jorunn Botne i dag.

Dagen før han døydde hadde ho han med seg ut på tur i rullestole­n i Knarvik. Det var også planen den dagen han døydde.

Øyvind Sandberg vaks opp i ein familie med fleire filmskapar­ar, som son av Liv og Haakon Sandberg. Han studere film ved Høgskulen i Volda og jobba som journalist i Latin-Amerika før han byrja å lage dokumentar­filmar. Mange hugsar han også frå barne-TVserien «To hus tett i tett» frå 80-talet.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway