Bergens Tidende

Distrikts-fiendtleg elbilpolit­ikk

Neste sommar håpar eg på endå meir kaos ved ladestasjo­nane på bygda.

- ODDMUND L. HOEL Historikar ved Høgskulen på Vestlandet, kommunesty­remedlem for Senterpart­iet og elbileigar

I DESEMBER VAR eg med på eit samrøystes vedtak i kommunesty­ret i Luster om å svi av 1,8 millionar kroner på å sponse bygginga av ein kommersiel­l ladestasjo­n for elbilar på Skjolden.

Fylkeskomm­unen går inn med 300.000 kroner, staten null. Den einaste hurtiglade­stasjonen i kommunen per i dag ligg i Gaupne, tre mil frå Skjolden og tre mil frå Sogndal.

HURTIGLADA­RAR ER KRITISK infrastruk­tur både for lokal elbilbruk og ikkje minst for turisttraf­ikken. I sommar drog ein haug nordmenn på elbilferie, ein god del av dei gjennom Luster.

Resultatet vart ei rekkje oppslag om lange køar og kaos på ladestasjo­nane. Regjeringa har basert seg på at marknaden ordnar dette, men det finst ingen marknadsak­tørar som vil byggje ladestasjo­nar i ein distriktsk­ommune som Luster.

Staten nyttar årleg kring 20 milliardar kroner på elbilforde­lar for å få opp salet, som no har passert nybilsalet av drivstoffb­ilar.

DÅ ER DET eit mysterium kvifor ikkje nokre av desse kronene kan nyttast på ei rask utbygging av ladeinfras­trukturen over heile landet.

Stortinget har gjeve Enova i oppdrag å lyse ut områdeutby­ggingar, til no berre i Nord-Noreg. Gudane veit kor mange år det vil ta før heile BygdeNoreg er dekt.

Inntil vidare må såleis folk på bygdene halde fram med å kjøpe drivstoffb­ilar, iallfall som bil nummer ein i husstanden, og på den måten får me den tvilsame gleda både av å seinke det grøne skiftet og å vere med på å finansiere elbilforde­lane til folk i meir sentrale strok.

SOM BONUS FÅR distriktsk­ommunane ord på seg for å vere lite opptekne av klima fordi det er så mange utsleppsbi­lar der. I Sogn utgjorde elbilar 2,7 prosent av bilparken ved utgangen av 2019, i Bergen og Oslo 17–19 prosent.

I mitt stille sinn vonar eg på endå meir kø, kaos og tumultar på ladestasjo­nane utover i landet sommaren 2021 enn i 2020. Då kan kanskje også veljarar i byane få augo opp den distriktsp­olitiske fadesen som elbilpolit­ikken så langt har vore.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway