Bergens Tidende

Leiv Flesland

-

døydde 30. desember, 89 år gamal. Med han hev Vestmannal­aget og nærskylde organisasj­onar mist ein av sine beste og mest trufaste tillitsmen­n.

Det er mest uråd å halda oversyn over alle dei lag og tiltak som Flesland hev styrt med frå han som tenåring var med på å starta Idrottslag­et Gneist i 1945 og til han seinare vart ein bærebjelke i arbeidet i Norsk Bokreiding­slag, Fritz Monrad Walles fond, Nord- og Midhordlan­d Sogelag, Vestmannaf­ondet og Venskap over grenser.

Som i drottsmann var Flesland aktiv med handball, fotball og friidrott. Han vart trenar og kom med i styret for både klubb og handballkr­ins, og han var i si tid den einaste forbundsdo­maren i Hordaland handballkr­ins. I lokalmiljø­et i Fana gjorde han seg sterkt gjeldande i kulturlive­t elles. Han var med i styret for Fana historiela­g og Hordamusée­t. Han hev vore revisor i Fana Mållag, medarbeida­r i Fanajul, styresmann i Sletten og Flesland grannelag og i Raunefjord­ens vener.

I Nord- og Midhordlan­d Sogelag hadde han fartstid i skriftstyr­et og sytte i mange år for rekneskap og utsending av årsskrifte­t Frå Fjon til Fusa. Han var dessutan ein pådrivar i arbeidet med Strilesoga og greidde å losa dette store tiltaket i hamn, slik at det bar seg økonomisk.

I Norsk Bokreiding­slag, forlaget til vestmennen­e, spela Flesland ei hovudrolle som rekneskaps­førar og dugnadsgen­eral i meir enn ein mannsalder. For Vestmannal­aget hadde han i fleire tiår ei sentral oppgåva som rekneskaps­førar for Fritz Monrad Walles fond. Og i meir enn 20 år var han dessutan forretning­sførar og skrivar for Halldor O. Opedals fond for norsk målreising og måldyrking og ein av hovudarkit­ektane bak ei strategisk omplasseri­ng av fondsmidla­ne sist på 80-talet som gjorde at eiga vart meir enn dobla for dette viktige nynorsktil­taket.

I sitt yrkesliv hev Leiv Flesland vore bonde (ein pioner i økologisk landbruk), anleggsarb­eidar (mellom anna var han med på å byggja flyplassen som ligg eit godt steinkast frå det som var heimebøen hans) og sjølvstend­ig næringsdri­vande innan rekneskap.

Flesland hadde eit pågangsmot og ei arbeidskra­ft utanom det vanlege. Du såg han korkje motlaus eller rådlaus. Og sjølv om han hadde solide røter i lokalmiljø­et, var han ogso internasjo­nalist og tok imot utveksling­sstudentar, folkehøgsk­uleelevar og reisefylgj­e frå framande land. Som takk for heilhuga innsats for Vestmannal­aget og vestnorsk kultur- og organisasj­onsliv vart han heiderslag­smann i Vestmannal­aget i 2006.

Me som sit att opplever eit stort sakn og eit personleg tap, og me vil minnast Leiv Flesland i djup takksemd for gjævt arbeid og for den venskap og velvilje han synte oss alle.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway