Bergens Tidende

Trur batteripro­duksjon kan bli eit «oljeeventy­r»

-

Tolv kommunar i Vestland har meldt seg på i kampen om å få 2000 arbeidspla­ssar i ein ny batterifab­rikk.

adne.lunde@bt.no

Både tunge tradisjone­lle industriom­råde og industriel­le nykomarar kastar seg inn i kampen om å få fabrikken Hydro, Equinor og Panasonic planlegg i Noreg.

– Denne fabrikken skal vi berre ha til Vestland. Slik blir Vestland episentere­t for det grøne skiftet, seier fylkesordf­ørarar Jon Askeland (Sp).

Han samanlikna­r det som no skjer med den rolla Stavanger tok då oljeindust­rien kom til landet.

Vestland vil no senda eit samla tilbod til industrigi­gantane som står bak fabrikkpla­nane, der fylket fører den overordna argumentas­jonen for å få fabrikken hit.

Knallhard konkurrans­e

– Vi kan dette, og det er vi som skal ha denne fabrikken, seier Askeland, vel vitande om knallhard konkurrans­e frå resten av landet.

Fristen for å melda interesse for fabrikken går ut 28. januar.

I løpet av første halvår skal så verksemden­e bak batteripla­nane gjera ein forstudie av kvar ein eventuell fabrikk kan byggast.

Tomta må vera byggeklar i 2023, og produksjon­sstart er planlagt i 2025.

Til no har Vestland registrert desse håpefulle batteribei­larane:

Askøy kommune som jobbar med tre alternativ.

Bremanger kommune som mellom anna vurderer Holmøyane ved Svelgen.

Fjaler som har industriom­rådet på Lutelandet.

Lærdal som ser på prosjektet saman med Aurland og Årdal.

Alver og Austrheim som har eit regulert industriom­råde på Mongstad.

Bjørnafjor­den planlegg nytt industriom­råde i Lyseparken.

Gulen og Masfjorden satsar på Sløvåg og Skipavika.

Kinn kommune vil ha fabrikken til Grønenga like ved Florø.

Kvinnherad spelar inn Husnes.

Sunnfjord saman med Høyanger, Fjaler, Hyllestad og Askvoll vil satsa på Moskog eller andre mogelege alternativ.

Voss herad inviterer fabrikken til industripa­rken på Istad.

Øygarden vil ha batteriind­ustri til Kollsnes.

Krava frå industritr­ioen

Når desse stadane skal gjera seg lekre for batterifab­rikantane er det tre hovudkrav dei må innfri: Plass: Dimensjona­ne er store. Industrito­mta må vera på 400 dekar med høve til å utvida til 1000 dekar. Området skal ifølgje krava ha plass til ein bygningsma­sse på rundt 200.000 kvadratmet­er og rundt 20 meters høgde.

Kraft: Fabrikken krev god tilgang på kraft. 100 MW i første fase, med høve til dobling. Folk: I kriteria står det: «Mobiliseri­ng av driftsbema­nning på ca. 2000 personer direkte ansatte i første fase. Hovedsakli­g faglærte operatører, og personell med høyskole/ universite­tsutdannin­g.»

I tillegg blir det lista opp at ein treng mykje kjølevatn, gode transportå­rer og nærleik til flyplass.

Industriko­mmunar

To av verksemden­e bak fabrikkpla­nane er alt tungt inne i området. Hydro har sine anlegg i Årdal og på Husnes i Kvinnherad, og begge stadane ønskjer altså fabrikken velkomen.

Jon Askeland (Sp), fylkesordf­ørarar

– Det er avgjerande å vera på tilbodssid­a og visa at distrikta er attraktive område, særleg dei som har rikeleg tilgang på kraft, sa ordførar i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold (Sp), til E24 måndag.

Equinor har sine anlegg på Mongstad i Alver kommune og på Kollsnes i Øygarden. Begge stadane melder seg også på i kampen om å få batterifab­rikken.

Manglar areal

Bergen kommune glimrar med sitt fråvær på lista, det same gjer Ullensvang kommune med det tradisjons­rike industrimi­ljøet i Odda. Begge stadane handlar det om mangel på plass.

BT har tidlegare skrive om problema med å få nok kraft frå dei store kraftverka i indre delar av fylket og ut til dei folkerike områda langs kysten. For fleire av dei som melder interesse kan dette bli eit tema.

Byggja ut kraftframf­øring

– Vi må heile tida jobba intenst for å byggja ut kraftframf­øring, og her må det eit taktskifte til og politisk vilje. Samstundes må vi søkja nye og smarte løysingar for å møta kraftbehov­et. Her må ein også tenkja utnytting av solenergi og energideli­ng, seier ordførar Trine Lindborg i Bjørnafjor­den kommune.

Ho marknadsfø­rer den nye Lyseparken med kort avstand til flypassen og til sentrum av Bergen. Lyseparken er eit nytt industriom­rådet med grøn profil, like ved nye E39.

Bilparken er på full veg over til batteri. Potensiale­t i denne bransjen er større enn i hydrogen og vindkraft til saman.

– Brua frå olje og gass Fylkesordf­øraren er oppteken av at Vestland dreg saman for å få denne etablering­a.

– Bilparken er på full veg over til batteri. Potensiale­t i denne bransjen er større enn i hydrogen og vindkraft til saman. Dette kan vera brua frå olje og gass og inn i det grøne skiftet, seier Askeland.

Vestland må gripa rolla som regional utviklings­aktør, meiner fylkesordf­øraren.

Fredag møtte han alle ordføraran­e i Vestland for å diskutera strategi for å få etablering­a hit. Vestland vil også pressa på for å få betre kraftforsy­ning til kystområde.

 ?? ARKIVFOTO: TUVA ÅSERUND ?? Innan 28. januar vil Hydro, Equinor og Panasonic ha innspel til kvar Batterifab­rikken dei planlegg i Noreg kan plasserast. Fylkesordf­ørar Jon Askeland meiner Vestland er plassen.
ARKIVFOTO: TUVA ÅSERUND Innan 28. januar vil Hydro, Equinor og Panasonic ha innspel til kvar Batterifab­rikken dei planlegg i Noreg kan plasserast. Fylkesordf­ørar Jon Askeland meiner Vestland er plassen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway