Bergens Tidende

Gamlingar rular

- ASBJØRN KRISTOFFER­SEN Pensjonist i BT

JOE BIDEN (78), president. Janet Yellen (74), finansmini­ster. Bernie Sanders (79). Folk på min alder (73), og vel så det, står no til rors i verdas mektigaste stat. Den avdanka skipparen (73), var heller ingen ungsau. Gamlingar går, gamlingar kjem, gamlingar ruler Ville Vesten.

Eg veiver med krykkene og viftar med honnørkort­et frå Skyss for den nye oldsakssam­linga.

ROLLEMODEL­LANE STÅR IKKJE åleine på brua. Men dei kan staka ut kursen. Om dei vil. Om dei ikkje let seg smørja eller kjøpa. Lever dei og har helsa, blir dei 82 (Joe), 78 (Janet) og 83 (Bernie) til neste val. Då kan dei minna kvarandre på at Konrad Adenauer, Vest-Tysklands første bundeskans­lar, vart 87 før han la årene inn. I sitt stille sinn kan dei bita seg merke i at Dronning Elizabeth II (94) ikkje har tenkt å gje seg før ho fell på post. Gamle Joe kan vinna neste val også, han.

– Det går fint til 95, seier Olav Thon (97). Han har sakka litt på farten. Av omsyn til knea.

I DET KALDE, etterprote­stantiske Nord blir gamlingar ekspederte over pensjonist­stupet så snart Nav har funne det rette skjemaet.

Statssekre­tær Astrid Nøkleby Heiberg skapte formularkr­ise då ho stod i vervet til fylte 80. Carl I. Hagen (76) vil på nytt laga rot i papira dersom han blir innvald på Stortinget. Berre Kong Harald (83) og Dronning Sonja (83) kan ta ein utanom-Navisk Joe Biden (78), så ofte dei vil, så lenge dei lever.

GAMLINGAR ER SISTEREISJ­ENTER og -gutar. Førtidspen­sjon kan vera ein super idealtidsp­okal. Fordi vi fortener det. Fordi vi har gjort vårt. Fordi vi har vit til å slutta medan leiken er god. Men med mange gamlingar er det på lag som med nynorskfol­k og rotlaus ungdom: Vi treng våre eigne influencar­ar. Nokon som har rikeleg med restarbeid­skraft. Nokon som aldri gjev seg, om enn kyrkjegard­en er full av uunnverleg­e folk.

Kongeriket er lasta til randa med kvotelause gamlingar. Ryddar ikkje Erna plass til oss rundt Kongens bord, pussar vi Joe Biden på henne. Ville Vesten er ikkje som før.

 ?? FOTO: RUNE SÆVIG ?? Ved Gudvangen camping sit ein litt rufsete julenisse med langt hår og nisselue inne i ein litt rufsete traktor.
FOTO: RUNE SÆVIG Ved Gudvangen camping sit ein litt rufsete julenisse med langt hår og nisselue inne i ein litt rufsete traktor.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway