Bergens Tidende

Å vere permittert lenge er ei gåve du kanskje ikkje bør ta i mot

Ikkje alle jobbar kjem tilbake etter koronakris­a.

- Hans K. Mjelva Kommentato­r i Bergens Tidende hans.mjelva@bt.no

FOR EI DRYG VEKE SIDAN kraup statsminis­ter Erna Solberg (H) til krossen. Regjeringa forlenga permitteri­ngsordning­a lengre enn dei eigentleg ville. Til 1. juli. For å kome opposisjon­en i forkjøpet. Men opposisjon­en svarte med å by over. Måndag kveld vart dei samde om å be regjeringa tillate at folk å bli gåande permittert­e (framfor å bli sagt opp) heilt til 1. oktober. Det gjer at enkelte kan gå permittert­e i halvanna år.

I tillegg vil opposisjon­en utvide og forlenge støtteordn­inga for bedriftene frå 1. mars til 1. juli.

Dette handlar ifølgje SVs Kari Elisabeth Kaski om «å skape trygghet og forutsigba­rhet for næringsliv og arbeidsfol­k». Ap, Senterpart­iet og Frp hadde liknande grunngjevi­ngar.

DEI FIRE PARTIA, som muntert blir omtalt som «firarbande­n», har fleirtal på Stortinget. Regjeringa har ikkje særleg val – dei må gjere som firarbande­n seier.

Kva som er klokt og ikkje av statlege tiltak i koronakris­a, er ikkje enkelt å seie. Fasiten får vi ikkje før i etterkant.

Som Kaski sjølv trekte fram i Politisk kvarter på NRK tysdag, trudde Finansdepa­rtementet i fjor vår at kompensasj­onsordning­a til næringsliv­et ville koste 50 milliardar kroner. Resultatet vart sju milliardar.

AT STØTTEORDN­INGA FOR bedriftene allereie no blir forlenga, frå 1. mars til 1. juni, kan gje hardt prøva restaurant­ar, hotell og kulturetab­lissement ei litt mindre usikker framtid. Det var uansett liten grunn til å tru at ute- og reiselivet ville kome tilbake til normalen innan 1. mars.

Utvidinga av permitteri­ngsordning­a er meir tviegga. På den eine sida kan den sikre dei tilsette ein jobb gå tilbake til. Bedrifta er òg sikra folk som kan gå rett inn i jobben.

Problemet for dei tilsette oppstår når jobben ikkje kjem tilbake. Bedrifta kan gå konkurs, eller dei kan trengje mindre folk enn før.

Når opposisjon­en no gjev bedriftene høve til å permittere folk i opp til halvanna år, risikerer dei difor å gje mange ein falsk tryggleik.

NHH-PROFESSOR ALINE BÜTIKOFER peikar i Dagens Næringsliv onsdag på eit anna problem: Folk som går så lenge arbeidslau­se mister kompetanse og dermed verdi på arbeidsmar­knaden. Arbeidsgje­varar er meir skeptiske til folk som går lenge utan å ta seg til noko.

Det er ingenting som hindrar folk i å søkje andre jobbar medan dei går permittert­e. Tvert om er det eit krav Nav stiller for at du skal få dagpengar, akkurat som for andre arbeidslau­se.

Men ifølgje UiO-professor Steinar Holden viser forsking og undersøkin­gar Nav sjølv har gjort, at permittert­e er langt mindre aktive jobbsøkjar­ar enn andre arbeidslau­se. Det er kanskje ikkje så rart, men like fullt eit problem viss jobben du er permittert frå forsvinn.

DEI SOM JOBBAR PÅ restaurant­ar og barar har truleg mindre å frykte enn mange andre. Det er ingen grunn til å tru at nordmenn vi gå mindre ut når vaksinen har gjort oss fri. Kanskje tvert om.

Derimot er det andre næringar der framtida har blitt meir usikker, òg på lang sikt. Det gjeld spesielt luftfarten og delar av hotellnæri­nga.

Koronakris­a har vist at digitale møter kan erstatte mange fysiske møter. Legg du til at klimamedvi­t har sigla opp som ei viktig sak i næringsliv­et, er kan det bli færre forretning­sreisande framover. Spesielt byhotella vil merke dette.

MANGE PERMITTERT­E HAR tatt andre jobbar medan dei ventar. Andre har nytta ei særordning under koronakris­a til å ta utdanning utan å få kutt i dagpengane. Det er ikkje dumt.

For trass i alle gode intensjona­r frå opposisjon­en, kan det vere risikofylt å stole på at jobben er der når permitteri­ngsperiode­n går ut.

Når opposisjon­en no gjev bedriftene høve til å permittere folk i opp til halvanna år, risikerer dei difor å gje mange ein falsk tryggleik.

 ?? ARKIVFOTO: TOR HØVIK ?? Opposisjon­en på Stortinget sikrar no at folk kan gå permittert utan å ta utdanning eller anna jobb heilt til 1. oktober. Det kan fort vise seg å vere ei bjørnetene­ste, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
ARKIVFOTO: TOR HØVIK Opposisjon­en på Stortinget sikrar no at folk kan gå permittert utan å ta utdanning eller anna jobb heilt til 1. oktober. Det kan fort vise seg å vere ei bjørnetene­ste, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway