Bergens Tidende

Skjeletta ramlar ut av Olsens skåp

- Kommentato­r i Bergens Tidende jens.kihl@bt.no Jens Kihl

Gratulerer med ny rektor, Tromsø!

AVGANGEN TIL DAG Rune Olsen som rektor ved Universite­tet i Bergen har blitt av det heilt spektakulæ­re slaget. No er spørsmålet korleis Universite­tet i Tromsø stiller seg til mannen som etter planen skal tiltre som rektor 1. august.

Denne veka har Bergens Tidende vist korleis Dag Rune Olsen har lova fleire titals millionar til eit forskingss­enter i Kina. Førebels har ikkje kinesarane fått ei krone, og no går striden på UiB om kva slags avtale som eigentleg er inngått.

SKULLE UIB BETALE for aktiviteta­r i Kina eller for eigne tilsette? Viserektor Annelin Eriksen sa det siste då ho og Olsen snakka om saka i universite­tsstyret.

«Vi betaler stipendiat­er hos oss. Det er ikke å sende penger til Kina på den måten, som det virker som du kanskje tenker», svarte ho på spørsmål frå styremedle­m Petter Erling Bjørstad.

MEN DAG RUNE OLSEN har vitterleg signert intensjons­avtalar som seier at UiB skal bidra finansielt. Det skulle sendast pengar til Kina. «Jeg ser at jeg svarer upresist der», seier Eriksen når ho blir konfronter­t med dette av BT.

Ordet «upresist» er meir enn berre upresist. Det ville vore meir rett av viserektor­en å seie «eg sa det motsette til universite­tsstyret av det som er sant».

Leiarane ved ein kunnskapsi­nstitusjon som UiB bør halde seg for gode til å omtale direkte gale opplysning­ar som «upresist».

DETTE KJEM PÅ TOPPEN av heile saka om det stranda oppkjøpet av Praktikk AS, der tidlegare NHO-topp Tom Knudsen kunne fått inntil 20 millionar for å utvikle ein slags praksispor­tal.

Framleis slit universite­tsstyret med å forstå kva prosjektet eigentleg handla om, og dei har no sett i verk ei ekstern gransking av saka.

I TILLEGG KJEM DET faktum at Dag Rune Olsen plutseleg valde å gå av som rektor etter nyttår. Han grunngav det med «interessek­onfliktar» med jobben i Tromsø, noko han tidlegare hadde avvist.

Forskarfor­bundet meinte at Olsen på dette tidspunkte­t ikkje lenger hadde styrets tillit som rektor.

OG NO LIGG DET ALTSÅ ein faktura frå Kina, komplett med raud stjerne og det heile, som skaper hovudbry for Universite­tet i Bergen. Kva slags avtale var det eigentleg Dag Rune Olsen gjorde med kinesarane om forskingss­enteret?

Jo, ein avtale som slår fast at UiB har eit økonomisk ansvar for oppstarten av senteret. Og då rektoratet fekk spørsmålet om dette frå styremedle­m Petter Erling Bjørstad, svarte dei det motsette av sanninga.

Kina-saka er alvorleg for Olsen, men ho råkar fleire ved universite­tet. Har styret tilstrekke­leg kontroll på kva slags prosjekt Universite­tet i Bergen går inn i?

ER SYSTEMET GODT NOK rigga for å kome med kritiske innvending­ar, eller er det berre ja-folk og applaus som høyrest i gangane?

No skal universite­t velje ny rektor. Den valkampen bør handle om openheit, ryddige prosessar og god forankring. Alt kaoset i kjølvatnet av Dag Rune Olsens avgang skaper sjølvsagt bråk internt i institusjo­nen.

Det viktigaste er likevel tilliten mellom samfunnet og universite­tet.

I TROMSØ VAR Olsens internasjo­nale nettverk og erfaring ein viktig grunn til at han blei tilsett som rektor. No har BT vist kva som er realiteten i den store Kinasatsin­ga.

Sakene om Praktikk og om avgangen som rektor er også interessan­te. Dei viser korleis Olsen ser på pengebruk, rolleforst­åing og forankring: Sjølve kjernen i kva ein universite­tsrektor bør vere god på.

VED UNIVERSITE­TET I BERGEN er det mange som synst det er heilt greitt at Olsen ikkje er rektor meir. Det skal bli spanande å sjå om han nokon gong tiltrer i Tromsø.

 ?? ARKIVFOTO: BÅRD BØE ?? Dag Rune Olsen gjekk ved nyttår av som rektor ved Universite­tet i Bergen. Framleis dukkar det opp nye saker frå hans rektortid.
ARKIVFOTO: BÅRD BØE Dag Rune Olsen gjekk ved nyttår av som rektor ved Universite­tet i Bergen. Framleis dukkar det opp nye saker frå hans rektortid.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway