Bergens Tidende

JOE BIDEN: Forhåpentl­ig vil den nye presidente­n gi amerikansk politikk en dose verdighet, ærlighet og samarbeids­vilje.

Stortinget seier klokleg nei til å bygge ut verna vassdrag.

-

SENTERPART­IET OG Framstegsp­artiet vil bygge ut vasskraft i verna vassdrag. Noreg treng meir straum i framtida, for elektrifis­eringa av transports­ektoren har så vidt starta. Men det blir veldig rart når to av partia som frontar vindkraftm­otstanden, plutseleg vil opne for meir nedbygging av urørt natur. Det ber preg av at partia forstår behovet for meir kraft, men at vindkraft har blitt for upopulært.

HADDE PARTIA FÅTT gjennomsla­g på Stortinget, ville dei fort ha blitt minna på kor upopulært vasskraft kan vere. For to år sidan vart Øystesevas­sdraget verna, etter 30 års kamp.

Vasskraft krev enorme naturinngr­ep. Det er ofte langt meir inngripand­e å legge store område under vatn, og så føre elva over i røyr, enn å bygge eit vindkrafta­nlegg.

DET ER EIT STORT POTENSIAL i å utnytte eksisteran­de vasskraftv­erk betre. Nye turbinar kan gi langt meir kraft, med langt mindre naturinngr­ep enn heilt nye kraftverk. Saman med ei klok utbygging av vindkraft, kan det gi Noreg heilt nødvendig påfyll av fornybar kraft.

Det er ikkje så mange år sidan Senterpart­iet jubla over vindkraftu­tbygging, og ville ha eit eige statleg selskap for å få fart på utbygginga.

REGJERINGA PRØVDE NYLEG å lage ein nasjonal plan for vindkraft, for å finne ut kvar det kunne vere mogeleg å bygge nye anlegg. Den prosessen havarerte, etter sterk motvind.

Det Senterpart­iet og Framstegsp­artiet eigentleg etterlyser, er ein gjennomgan­g av 390 verna vassdrag.

Det kjem truleg til å møte minst like mykje motstand – og føre til like lite kraftutbyg­ging.

Sjølv i verna vassdrag kan ein bruke kraftutbyg­ging til å redusere faren for flaum.

VERNESTRAT­EGIEN FOR VASSDRAG har vore klok. Den seier at naturen kan i seg sjølv vere eit argument mot utbygging, og at elvene har varig verdi. Vernet låser derimot ikkje all utbygging. Sjølv i verna vassdrag kan ein bruke kraftutbyg­ging til å redusere faren for flaum.

Då er det ingen grunn til å gjere elvene utrygge igjen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway