Bergens Tidende

IMPORTSMIT­TE:

Av alle ting regjeringa kunne pålagt Bergen, var dette noko av det rareste.

- Kommentato­r i Bergens Tidende jens.kihl@bt.no Jens Kihl

FREDAG KUNNE Bergens Tidende fortelje om eit merkeleg spel: Regjeringa pålegg Bergen kommune å ha eit mindre strengt testregime på Flesland. Av alle ting regjeringa kunne ha pålagt Bergen, var nok meir slepphendt koronatest­ing ved innreise noko av det raraste. Vi må rekne med at muterte variantar spreier seg her òg, men vi treng jo ikkje akkurat hjelpe viruset fram.

SAKA ER AT dersom du kjem til Noreg med eit dokument som seier at du har hatt covid-19 dei siste seks månadene, skal du ikkje bli testa, fordi du då er immun i ein viss periode.

«Bergen kommune kan ikke pålegge personer som har gyldig dokumentas­jon på at de har gjennomgåt­t covid-19 i løpet av de siste seks måneder, krav om test eller karantene», skriv statssekre­tær Maria Jahrmann Bjerke (H) til BT.

Regjeringa har nok rett i at det ikkje er smittevern­fagleg grunnlag for å teste denne gruppa. Men dei tek feil likevel. For i Aust-Europa er det lett å få kjøpt falske attestar, ifølgje Bergens beste folk på området.

LEGEVAKTSJ­EF DAGRUN LINCHAUSEN stiller spørsmålet alle burde lure på, nemleg kvifor dei ikkje berre kan få ta ein test for å vere på den sikre sida. Ho meiner det er vanskeleg å ta stilling til ein del av dokumentas­jonen dei møter.

«Det er daglige flyginger fra østeuropei­ske land der man lett kan få kjøpt falske attester», seier Trond Inselseth, overlege ved Bergen kommunes legevakt.

Smittetala i Bergen er ikkje særleg høge: mellom fem og femten tilfelle har vore norma dei siste to vekene. Kan vi ikkje berre få ha det sånn?

DENNE SAKA GÅR diverre inn i eit større bilete: Regjeringa har i heile haust fått kritikk for å ikkje ta importsmit­te nok på alvor.

Aftenposte­n kunne avsløre korleis industrien i fjor sommar fekk svært vide rammer for arbeidsfol­k som kom reisande til Noreg. Raske tekstmeldi­ngar gav store konsekvens­ar.

Regjeringa har halde fast på å arrangere Nato-øvinga Joint Viking 2021, med

3000 allierte soldatar på norsk jord. Pr.

18. januar hadde 63 soldatar fått påvist smitte, kunne NRK melde.

SÅ SEINT SOM 14. JANUAR skreiv Dagbladet om ein rapport frå Helsedirek­toratet: I starten av januar var det berre 55 til 70 prosent som testa seg på Gardermoen. På grensa ved Svinesund var talet kritisk låge 20 til 30 prosent.

Som Frp-nestleiar Sylvi Listhaug seier til TV 2: «Det muterte viruset har ikke oppstått i Nordre Follo, det er importert.» Situasjone­n vi no ser i Oslo, kjem av for dårleg testing ved innreise.

Det aller nyaste dømet er at kulturmini­ster Abid Raja (V) på fredag overprøvde Helsedirek­toratets råd, og gjev løyve til ei lang rekkje verdscup-arrangemen­t i vinteridre­tt i Noreg. Utøvarane blir fritekne frå karantereg­lane ved innreise.

OSLOS BYRÅDSLEIA­R RAYMOND Johansen (Ap) kalla det galskap, og fekk klar melding frå Raja i VG om å «bruke innestemme». Men om det er utestemme som trengst for å få regjeringa til å handle meir kraftfullt mot importsmit­te, har Johansen mi fulle støtte.

Regjeringa­s svar er at dei meiner vi allereie har eit av Europas aller strengaste regime mot importsmit­te. Men målet i denne konkurrans­en er ikkje å vere betre enn andre, men å stoppe smitten. Då må styresmakt­ene raskt ta tak i alle hól i systemet som blir oppdaga.

VI MÅ BERRE FØREBU OSS på at ulike muterte variantar av koronaviru­set kan spreie seg også på Vestlandet ved at smittevege­n er ukjent. Det kan føre til tyngre nedstengin­g her.

Allereie har vi hatt enkelte tilfelle i Bergen, Bjørnafjor­den og Ullensvang.

Det vil openbert vere eit gode å halde det unna så lenge som mogleg. For kvar dag som går, er fleire i risikogrup­pene vaksinerte (om enn ikkje så mange som ein kunne ønskje).

Men det er ikkje berre for dei: Om det blir ny runde med heimeskule, nytt forbod mot fritidsakt­ivitet ar og nye regla r mot å ha vener heime, vil barn og unge ha godt av den opnare perioden vi no er inne i.

DET SAME GJELD oss vaksne: Dersom vi skal isolere oss på nytt om eit par veker, trur eg den kollektive psyken vår tener på at vi fekk lufta oss litt.

Og apropos psyken: Det tærer nok litt på folks dugnadsvil­je å leve med svært strenge restriksjo­nar, slik Stor-Oslo no har, og samstundes høyre om ei regjering som lempar på testkrava ved innreise både her og der.

SIST VEKE SÅG vi at opposisjon­en samla seg om å overprøve regjeringa­s smittevern­regime. Den gongen var det høvet til å servere alkohol i område av landet med lågt smittetryk­k.

Om ikkje regjeringa kjem på betre tankar, bør dei på nytt bli overprøvd av opposisjon­sparti a.D eter uhaldbart at innbyggjar­ane skal leve med så harde smittevern­tiltak, samstundes som vi hentar inn nye virusmutas­jonar frå utlandet.

Det er uhaldbart at innbyggjar­ane skal leve med så harde smittevern­tiltak, samstundes som vi hentar inn nye virusmutas­jonar frå utlandet.

 ?? FOTO: JANNICA LUOTO ?? Testinga ved Flesland har til no vore markant høgare enn ved Gardermoen.
FOTO: JANNICA LUOTO Testinga ved Flesland har til no vore markant høgare enn ved Gardermoen.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway