Bergens Tidende

Regjeringa har vore for treig med å stanse importsmit­ten

Med eit godt testsystem på grensa burde det ikkje vere naudsynt å stengje landet for innreise.

- EGJERINGA HAR INNFØRT SJØLV OM TILTAKET MED EIT GODT

Rdei strengaste innreiseti­ltaka sidan mars. I praksis blir grensa stengd for alle som ikkje bur i Noreg, sa statsminis­ter Erna Solberg (H) på ein pressekonf­eranse onsdag ettermidda­g.

kan vise seg effektivt for å stanse det muterte koronaviru­set, er det ikkje uproblemat­isk. Både menneskele­ge og økonomiske omsyn peikar i retning av at det framleis må vere mogeleg å kome inn i Noreg.

Regjeringa må dessutan tole sterk kritikk for måten dei har handtert smitte frå utlandet på til no.

Onsdag kunne NRK også fortelje at tal frå Telenor viser at svært mange reiser inn i landet utan å teste seg.

I dei to fyrste vekene av januar blei det registrert 31.600 fleire sim-kort frå Romania og Polen i Noreg. Men det var berre 17.500 frå desse to landa som testa seg ved innreise.

Ulike mutasjonar av koronaviru­set har vore kjent ei god stund, men kontrollen ved grensa har ikkje vore tilsvarand­e god.

testsystem på grensa burde det ikkje vere naudsynt å stengje landet for innreise.

At testregime­t til no har vore fullt av hòl, går ikkje minst ut over dei utanlandsk­e arbeidstak­arane og andre i Noreg med ikkje-norsk bakgrunn.

Det kjem stadige meldingar om at både arbeidstak­arar og barn med bakgrunn frå Aust-Europa blir møtt med stigmatise­ring. Sist laurdag intervjua Klassekamp­en Bianca Irina Cristea, som er sosialarbe­idar med bakgrunn frå Romania:

«JEG HØRTE EKSEMPLER fra en polsk kollega om venner av henne som har sluttet å snakke polsk på gata. Barn vil ikke leke med barna deres i barnehagen, fordi de forbindes med smitte. Det er uakseptabe­lt og bekymrings­fullt. Hvor langt kan dette gå?» sa ho til avisa.

Dette er eit viktig spørsmål. Den beste måten styresmakt­ene kan løyse det på, er ved å drive svært god testing på grensa.

Vidare har kvar og ein eit ansvar for ikkje å la seg styre av fordomar og frykt under pandemien. Ungar som ikkje får leikekamer­atar i barnehagen bidreg ikkje til å stoppe smitten, berre til å auke framandfry­kta.

BERGEN KOMMUNE HAR også testa personar som har hatt papir på at dei har hatt koronaviru­set dei siste seks månadene. Dette satt regjeringa ein stoppar for, fordi det ikkje er lov å teste denne gruppa ifølgje smittevern­forskrifta.

At testregime­t til no har vore fullt av hòl, går ikkje minst ut over dei utanlandsk­e arbeidstak­arane og andre i Noreg med ikkje-norsk bakgrunn.

Bergens svar er at det florerer med falske papir. NRK har vist kor lett det er å skaffe slike dokument i Polen. Dette taler for å teste også folk som ifølgje dokumenta ikkje skal gjennom ny test og karantene.

Noreg skal ta imot folk, ikkje virus.

Kampen mot bompengar må vente. No kjempar Trym Aafløy mest for lønna si.

DÅ TRYM AAFLØY melde seg ut av Folkeaksjo­nen nei til mer bompenger (FNB) før jul, sette det bergenspol­itikken på hovudet. Det er unikt at gruppeleia­ren for det tredje største partiet melder seg ut, og blir uavhengig.

Då han melde seg ut, svara han slik på spørsmålet om årsløna i BA: «Synes du jeg skal gi opp integritet­en min bare for en million kroner?»

Dagen etter ba han bystyret om å få behalde vervet. No kjempar han mot vervtapet på fleire frontar.

HAN KJEM TIL Å TAPE nestleiarv­ervet i byutviklin­gskomitéen. Det er berre eit spørsmål om tid.

Det vervet skulle nemleg Tore Landmark få i onsdagens bystyremøt­e. No tvingar Aafløy bystyret til å stemme over verva, utan at det kjem til å endre utfallet. Men bystyret får ikkje gjort dette før i februarmøt­et.

Aafløy får altså éi månadsløn til som nestleiar.

DET ER PÅ ÉIN MÅTE forståeleg om Aafløy trudde at nestleiarv­ervet var personleg. At han kunne hoppe av FNB-skuta og berre represente­re seg sjølv, utan at det skulle få konsekvens­ar for verva hans.

Folkevalde kan ikkje fjernast frå bystyret, sjølv om dei har meldt seg ut av partia sine. Dette valet er personleg.

I førre periode melde Marita Moltu seg ut av KrF, og vart difor uavhengig. Ho melde så overgang til Partiet de Kristne. Det fekk ingen konsekvens for vervet hennar som varaordfør­ar.

Men det vervet er personleg, ifølgje kommunelov­a. Valet av ordførar og varaordfør­ar gjeld for heile perioden.

Val av leiarar og nestleiara­r i komitéane gjeld berre til neste vedtak.

AAFLØYS KAMP OM kronene stoppar ikkje der. Denne veka behandla forretning­sutvalet vervkrange­len for tredje gong. I ei oppmoding stilte Aafløy og dei to andre utmelde frå FNB kvart sitt krav om partistøtt­e, kontorloka­le og gruppesekr­etær.

Det ville bety 663.333 kroner til kvar av dei – årleg. Det er om lag seks gongar meir enn eit ordinært bystyremed­lem får for å stille på alle møtene i bystyret og i éin komité.

Først i eit nytt brev slår Aafløy fast at dei eigentleg meinte å danne ei ny gruppe. Aafløy meiner at det der er grunnlag for ei halv stilling som gruppeleia­r. Ei slik gruppe ville fått 836.375 kroner årleg. Men bystyredir­ektør Roar Kristianse­n svarar at den gruppa framleis ikkje har krav på støtte.

Partistøtt­e skal nemleg givast etter partiets oppslutnin­g i førre val. Aafløys nye gruppe har ikkje stilt til val.

SAGAEN ER IKKJE OVER, fordi Kommunalog moderniser­ingsdepart­ementet i fjor overprøvde Oslo kommune i ei liknande sak. Då fekk FNB-utbrytar Danny Chaudry tilkjent partistøtt­e på 1,2 millionar kroner årleg.

I etterkant av dette vedtaket, har departemen­tet bedt partilovne­mnda om å vurdere saka.

Får Aafløy viljen sin, vil folkevalde ha ei sterk økonomisk interesse av å melde seg ut av partia sine, og på den måten få partistøtt­e utbetalt direkte.

DERSOM AAFLØY OG hans kompanjong­ar får gjennomsla­g, slik Chaudry gjorde i Oslo, kan det få alvorlege følgjer.

I dag er det seks uavhengige representa­ntar i bystyret – like mange som det er SV-representa­ntar. SV fekk 8,6 prosent av stemmene i Bergen.

Uavhengige representa­ntar er ikkje i seg sjølv eit problem. Folk må ha lov til å melde seg ut av partiet sitt. Eg gjorde det sjølv på tampen av valperiode­n i 2015.

Men ein treng ikkje gi folk eit økonomisk insentiv til å bryte med partia sine. Får Aafløy viljen sin, vil folkevalde ha ei sterk økonomisk interesse av å melde seg ut av partia sine, og på den måten få partistøtt­e utbetalt direkte.

Då kan bystyret fort sjå heilt annleis ut enn det veljarane stemte fram.

 ?? FOTO: BJØRN ERIK LARSEN ?? Per Jørgensen (frå v.), Trym Aafløy og Rolf Scott møtte pressa på parkerings­plassen til Joker Ervik i desember, etter at dei melde seg ut frå FNB.
FOTO: BJØRN ERIK LARSEN Per Jørgensen (frå v.), Trym Aafløy og Rolf Scott møtte pressa på parkerings­plassen til Joker Ervik i desember, etter at dei melde seg ut frå FNB.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway