Bergens Tidende

Øygarden planlegg nytt stadion på Bildøy

-

– Vi ønskjer å byggja nytt stadion med plass til 3000–4000 tilskodara­r, seier Trond Jetmundsen, dagleg leiar i Øygarden Fotballklu­bb.

oystein.vik@bt.no

Øygarden FK rykka ned i sin første sesong, men trass i at klubben no er i 2. divisjon, er planane til stades for å byggja ein toppklubb for den nye kommunen vest for Bergen.

No er klubben i gang med å planlegga nytt stadion på Bildøy, ikkje langt unna Sartor storsenter.

– Vi ønskjer å byggja denne klubben opp til å vera ein institusjo­n for toppfotbal­l i Øygarden. Då er det viktig at vi har ein heim, ein stad der vi kan skapa ein kultur, seier Trond Jetmundsen, dagleg leiar i ØFK.

Planane er på skissenivå. Foreløpig er dette klart:

ØFK har hatt møte med kommunen som eig tomta det nye stadionet er planlagt på. Møtet var positivt.

Bana er planlagt å ligga der det i dag er to grusbaner, like ved Bildøyhall­en.

Fosshaugan­e er brukt som modell. Sogndal si heimebane er kjent for å vera eit prosjekt der utleige til skule og næring har vore med på å finansiera eit topp moderne anlegg.

ØFK planlegg tilskodark­apasitet på 3000–4000.

Kostnaden vil bli over 100 millionar kroner.

Øygarden-ordførar Tom Georg

Indrevik seier han «heiar på» ambisjonan­e for å byggja eit slikt anlegg.

– Vi er trass alt snart 40.000 menneske i Øygarden, nest størst i fylket. At vi har behov for og kan fylla ein slik arena som dette er eg ikkje i tvil om, seier Indrevik.

Treng investorar

– Det vi no treng er at nokon tenner på å bli med på dette prosjektet, seier Jetmundsen.

ØFK har ikkje pengar sjølv til eit slikt stadion. Det har truleg heller ikkje Øygarden kommune. Difor treng ein at investorar ser det som interessan­t å vera med.

– Prosjektet vil inkludera næring og utleige. Vi snakkar også om ein fin, sentral tomt, så dette blir eventuelt eit stadion ved sentrum, seier Jetmundsen.

Han er tydeleg på at ØFK treng interesse frå næringsliv­et.

– Utan at nokon er med oss på dette, så blir det ikkje noko av.

Ordførar Indrevik seier det no vil visa seg om det er realisme i prosjektet, men peikar på at store prosjekt ofte blir stempla som luftslott.

– Hadde nokon sagt at vi skulle byggja Grieghalle­n i dag, ville folk sagt det var eit luftslott, men den står der. Og eg var sjølv med på å vedta Nordhordla­ndsbrua, som også er ein realitet. Eg meiner dette er innanfor det vi bør ha ambisjonar om å få til i vår kommune, seier Indrevik.

Ordføraren meiner tomta er ideell, og ser positivt på å få til nødvendig regulering og det at kommunen kan stilla han til disposisjo­n.

– Eg kan ikkje forskotter­a politisk handsaming av saka, men vi har god erfaring med å samarbeida med frivillige, og det skal vi kunna gjera no også, seier Indrevik.

Må flytta frå Ågotnes

ØFK tok som kjent over NestSotra sin plass i toppfotbal­len før 2020-sesongen. Fram til no har Nest og ØFK spelt kampane sine på Ågotnes.

– På Ågotnes har vi eigentleg ingenting. Vi har ei grasbane vi kan bruka nokre månader i året, og nokre garderobar som høyrer til, seier Jetmundsen.

– Kuttar de no verkeleg navlestren­gen til Nest-Sotra og det som har vore?

– Det er ikkje nokon navlestren­g å kutta. Vi er ein ny klubb, seier Jetmundsen.

Han viser til at breiddeklu­bben Nest-Sotra er ein av klubbane som står bak ØFK-prosjektet. Det gjer også Skjergard, Nordre Fjeld, Sund, Telavåg, Skogsvåg og Sartor.

TORSDAG 28. JANUAR 2021 BERGENS TIDENDE

 ?? FOTO: ØYGARDEN FK ?? Her, på grusbanene ved sidan av Bildøyhall­en, ønskjer ØFK å byggja si nye heimebane.
FOTO: ØYGARDEN FK Her, på grusbanene ved sidan av Bildøyhall­en, ønskjer ØFK å byggja si nye heimebane.
 ??  ?? Slik har Øygarden teikna inn sitt nye Stadion på Bildøy. Fosshaugan­e er brukt som modell.
Slik har Øygarden teikna inn sitt nye Stadion på Bildøy. Fosshaugan­e er brukt som modell.
 ??  ?? Trond Jetmundsen og ØFK ønskjer å byggja nytt fotballsta­dion på Bildøy, like ved Sartor senter.
Trond Jetmundsen og ØFK ønskjer å byggja nytt fotballsta­dion på Bildøy, like ved Sartor senter.
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway