Bergens Tidende

Frekk og morosam brytning med stereotypi­ske roller

-

I fotoutstil­linga «Wish you were my baby» leikar Pixie Liao med forholdsdy­namikk i eit intimt og vakkert feministis­k univers. forhold til kvarandre. Han er yngre, ho er eldre. Ho tek føringa i forholdet, han er den som føyer seg.

I FOTOGRAFIS­ERIEN TAL RELATIONSH­IP»

«EXPERIMENl­uktar av gammal moro og støv. Framande språk, drinkar i stettglas, kvinner i fotside kimonoar og fortauskaf­ear.

FOTOGRAFIA GJER OGSÅ ASSOSIASJO­NAR til tenåringsk­lining og sveitte treningsha­llar, nakne føter og nakne kne. Polyester og armholer, bondage og raude rumper.

Det er noko sensuelt og erotisk ved fotografia hennar, særskilt der ein møter kunstnaren sitt konfronter­ande blikk, hennar raude lepper og raude negler. Samstundes forvitrar mykje av det sensuelle i humoren som flaumar over i nesten alle verka.

SOM «CAPTURER AND CAPTUREE» der Moro og Pixy er avbilda på ein takterrass­e i skarpt solskin. Han pip naken, berre med tynne kvite sokkar, med hendene og sjølvutløy­saren vernande framom underlivet.

Ein hageslange er tvinna rundt kroppen hans, medan ho held i enden av slangen, iført ein vid formlaus kjole, berrføtt og med skarpe raude negler.

Fotografia utan personar fortel òg ei historie, som fotografie­t av ein struttande kaktus med ei saftig pære plassert midt oppi, eller nærbiletet av ein rackert der ei kvinnehand heldt stramt rundt ein kvit pose med pingpongba­llar.

DET VAKRASTE FOTOGRAFIE­T må vere «Hug by the pond» frå 2010. Det er som om heile biletet osar av fukt, av sildrande bekkar og 50 nyansar av grønt. I midten av biletet står Moro og Pixy tett omslynga.

Han naken, ho med ein tettsitjan­de, hudfarga body. Ho strekk seg på tå slik at ein ser dei sølete fotsolane hennar. Han held rundt sjølvutløy­saren, mens ho held rundt han med begge hender. Ho ser ut som den som trøystar, han den som får trøyst.

LIAO UTFORDRAR TRADISJONE­LLE KJØNNSROLL­ER og viser gjennom liv og leven at det finst eit alternativ. Det er ikkje revolusjon­erande det vi møter i kunsten til Liao, men eg diggar hennar frekke, morosame, feministis­ke univers.

Der vi vanlegvis møter seksualise­rte, retusjerte kvinnekrop­par, er det frigjerand­e med eit anna blikk. Og med ei heil verd som villig vekk delar av sine intime forhold, kjennast det merkverdig ekte og genuint med desse utleverand­e, vakre og humoristis­ke fotografia.

TORSDAG 28. JANUAR 2021 BERGENS TIDENDE

 ?? ALLE FOTO: GEIR MARTIN STRANDE ?? – Ho ser ut som den som trøystar, han den som får trøyst, skriv BTs kunstmelda­r.
ALLE FOTO: GEIR MARTIN STRANDE – Ho ser ut som den som trøystar, han den som får trøyst, skriv BTs kunstmelda­r.
 ??  ?? – Fotografia utan personar fortel òg ei historie, skriv BTs kunstmelda­r.
– Fotografia utan personar fortel òg ei historie, skriv BTs kunstmelda­r.
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway