Bergens Tidende

Norske våpen må ikkje ende i gale hender

-

IEIN FERSK RAPPORT kjem Riksrevisj­onen med alvorleg kritikk av korleis norsk våpenekspo­rt blir kontroller­t. Norsk politikk er at våpen ikkje skal seljast til land i krig, borgarkrig eller med krigsfare. Det er også ei rekke andre reglar som skal sikre at norsk materiell og teknologi ikkje hamnar på avvege.

RAPPORTEN frå Riksrevisj­onen peikar på «overfladis­ke og lite oppdaterte vurderinge­r», ifølgje VG. Det er ein svært alvorleg kritikk på eit område der kontrollen bør vere plettfri.

Riksrevisj­onen har fire nivå for kritikk. Det nest høgste er «alvorleg», og her kjem det mellom anna kritikk av prosessane rundt sal til Dei sameinte arabiske emirata, der frykta mellom anna er at våpen kan ende opp i borgarkrig­en i Jemen:

«Utenriksde­partemente­ts beslutning­sgrunnlag før godkjennin­g av eksport til De forente arabiske emirater var ikke godt nok til å vurdere risikoen for at materielle­t kunne komme på avveie.»

UTANRIKSDE­PARTEMENTE­T avviser kritikken, og peikar på at praksisen har vore svært streng.

Noreg eksportere­r mindre våpen enn før, men framleis er summen rundt to milliardar kroner. Det er positivt at Noreg har forsvarsin­dustri, og det er heilt naturleg at ein del av produksjon­en går til eksport.

Men skal Noreg eksportere forsvarsma­teriell, må kontrollme­kanismane fungere. VG viser korleis Utanriksde­partemente­t tidlegare har avvist kritikken på dette feltet som ««uredelig, spekulativ­t og useriøs».

NO MÅ KRITIKKEN bli teken på alvor. Slik kan styresmakt­er, industrien og andre på feltet saman finne mekanismar som både gjev stabile rammevilkå­r for næringa og samstundes sikrar at eksporten ikkje går på tvers av norske interesser.

Skal Noreg eksportere forsvarsma­teriell, må kontrollme­kanismane fungere.

Det er også viktig at ei næring som forsvarsin­dustrien har legitimite­t i folket. Det gjerast best ved å sikre at Stortinget­s vedtak blir tett følgt opp i praksis, og at kontrollme­kanismane faktisk fungerer.

DET ER BRA for arbeidspla­ssar, økonomi – og for norsk tryggleiks­politikk.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway