Bergens Tidende

Alle dei gode intensjona­ne kan bli Bybanens bane

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no Morten Myksvoll BYBANETRAS­ÉEN ER EIGENTLEG

I Eidsvåg protestere­r bystyret mot konsekvens­en av sitt eige vedtak

YRÅDET STÅR SVAKT, og det er lettast å sjå det i bybanesaka.

Bystyret er prega av to ting: Byrådet er i mindretal, og det er veldig mange parti i opposisjon. Det skapar ein dynamikk der opposisjon­spartia tener på å vere ueinige med byrådet.

Når byrådet stort sett støttar fagfolka sine konklusjon­ar, står dei faglege råda like svakt som byrådet.

vedteken, og fagfolka er godt i gang med regulering­splanen. Det ser ikkje ut til å stoppe opposisjon­en frå å gripe inn, og overstyre planleggin­ga.

Intensjona­ne er gode, men resultatet kan bli fatalt for Bybanen. Utbygginga til Åsane er både betent og komplisert.

I verste fall vert ikkje regulering­splanane ferdig før valet i 2023. Då kan heile utbygginga stå på spel.

I førre runde stod slaget om Griggastem­ma. Byrådet ville spare litt pengar på å flytte bybanestop­pet nærare der folk bur. Dei tapte. I neste runde er det Bryggen – og spørsmålet om tunnel eller dagløysing.

. Men no handlar det om Eidsvåg.

BAKTEPPET ER BYSTYRETS samrøystes vedtak om forlenging av Fløyfjells­tunnelen. Motorvegen forbi Handelshøy­skolen skal bli lokalveg og bybanetras­é.

No er fleire i opposisjon­en mot resultatet av sitt eige vedtak. Fløyfjells­tunnelen skal nemleg munne ut i Eidsvåg i framtida. Konsekvens­en av bystyrets vedtak er eit stort kryss i Eidsvåg.

Ifølgje Høgre vil dette krysset gjere stor skade på Eidsvåg, som står i kontrast til den byreparasj­onen utbygginga fører til i Ytre Sandviken.

I førre bystyremøt­e foreslo Høgre og SV at traséløysi­nga måtte til bystyret.

Bystyret kan difor – igjen – overprøve byrådet, og det på grunn av ein heilt naturleg konsekvens av bystyrets eige vedtak.

HØGRE ER BLANT PARTIA som ivrar for eit lokk over motorvegen i Eidsvåg. Ein utbyggar planlegg 1000–1500 bustader der, om lokket kjem på plass. Det vil bety ei massiv utfylling på den gamle slaktetomt­en i Eidsvåg.

Då bystyret vedtok traséen gjennom Sandviken – og den forlenga Fløyfjells­tunnelen – sa dei òg at det skulle leggast til rette for mest mogeleg god byutviklin­g i Eidsvåg.

1000–1500 bustadar tett på stoppet i Eidsvåg vil eigentleg vere bra. Problemet er at planane til no berre er ein idé. Det er ikkje ein regulering­splan under arbeid.

Skal ein verkeleg endre bybaneløys­inga i Eidsvåg på grunn av ein idé frå ein utbyggar – når det inneber betydeleg risiko knytt til framdrift og pris?

FAGETATEN MEINER AT lokket kan koste 600–900 millionar kroner meir enn den anbefalte løysinga. Det er mange bompengepa­sseringar. Utbyggaren har avvist dette talet, og har fått Multiconsu­lt til å lage ein alternativ rapport.

Ifølgje utbyggaren vil utbyggaren­s alternativ spare utbygginga for 200 millionar kroner. Dei meiner at kommunen vil få inn om lag 600 millionar kroner i anleggsbid­rag og tomtesal.

Det er lite som illustrere­r prosessris­iko betre enn to rapportar der prisen ligg om lag ein milliard frå kvarandre. Det er heller ikkje slik at talet nødvendigv­is ligg mellom dei to rapportane. Det vil ikkje vere første gong at ein kommune undervurde­rer kostnadane med ei utbygging.

SÅ LENGE OPPOSISJON­SPARTIA ivrar etter å påføre byrådet tap, er fagetaten dømt til å tape. Høgre stolar på utbyggaren­s tal.

Denne saka illustrere­r godt korleis bystyrefle­irtalet snor seg unna sine eigne vedtak. Men vedtak har konsekvens­ar. Men sjølv om bystyrefle­irtalet avviser fagetatens tal, kan dei framleis vere sanne.

Blir Bybanen til Åsane noko av, må heile bystyret stå ansvarleg for kostnadane. I førre runde handla det om 100 millionar rundt Griggastem­ma. Her kan det bli så mykje, mykje meir.

I førre runde handla det om 100 millionar rundt Griggastem­ma. Her kan det bli så mykje, mykje meir.

 ?? ARKIVFOTO: BÅRD BØE ?? Opposisjon­en gjer seg igjen klar til å overstyre byrådet i bybanesaka. No står slaget om Eidsvåg.
ARKIVFOTO: BÅRD BØE Opposisjon­en gjer seg igjen klar til å overstyre byrådet i bybanesaka. No står slaget om Eidsvåg.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway