Bergens Tidende

Kommunen svikta på Fridalen skule

Det burde ikkje ta årevis med kritikk og medieoppsl­ag for å rydde opp på ein skule.

- Hans K. Mjelva Kommentato­r i Bergens Tidende hans.mjelva@bt.no

DEI SISTE VEKENE har det hagla harde ord om Fridalen skule. Den sterkaste meldinga kom frå ein av foreldra under eit møte i utval for barnehage, skule og idrett 19. januar: «Dette handler om unger som får livene sine ødelagt på Fridalen skole.»

Det er høgst uvanleg at interne forhold på ein skule blir tema i eit ope møte i kommunen. Opposisjon­en i Bergen har varsla at dei vil gå vidare og ha ei full høyring om Fridalen.

DET HAR IKKJE VORE lett å bli klok på kva konflikten eigentleg handlar om. Dels skuldast det at det ikkje er ein, men fleire konfliktar som delvis heng saman.

Dels skuldast det at ikkje alt kan seiast offentleg, fordi det handlar om personalsa­ker og mobbing mellom elevar.

FØR EG KAN SKRIVE noko meir om saka, må eg difor gjere eit forsøk på å få fram kva ho handlar om.

Problema på skulen kan grovt sett delast i tre:

● Over snittet mange elevar med sosiale problem, som dels har resultert i fleire alvorlege valdsepiso­dar.

● Lærarar som ikkje har følt dei fekk støtte og hjelp frå leiinga i å handtere dei sosiale problema.

● Nære band mellom skulen og Salt Bergenskir­ken, som mellom anna driv fritidstil­bod og kulturskul­e i skulebygni­ngane.

ETTER Å HA SNAKKA med dei fleste partane i saka ser det for meg ut å vere ein hovudårsak til problema: Dårleg styring.

Eit tilsyn Fylkesmann­en hadde i 2019, avdekte at skulen mangla rutinar for å følgje opp elevar som vart mobba eller hadde alvorleg mistrivsel av andre årsaker. Ansvaret for dette låg hjå rektor Rune Monsen.

Det seier òg sitt at han og skulen brukte over eitt år til å få på plass rutinane slik at Fylkesmann­en (no Statsforva­ltaren) kunne avslutte saka.

Monsen var òg hovudprobl­emet i varselet som 17 lærarar sende til Bergen kommune sommaren 2019.

Dei meinte han ikkje følgde opp sakene når lærarar meldte om vanskelege elevar og andre sosiale problem som måtte gripast fatt i.

Dei følte seg overlatne til seg sjølve, og at Monsen bagatellis­erte problema. Resultatet var at mange av dei vart sjukmelde og så slutta.

LIKEVEL ER DET FOR enkelt å berre legge skulda på ein rektor. Rutinar for å handtere mobbing og mistrivsel bør ikkje vere noko kvar einskild rektor skal lage sjølv.

Forteljing­ar om at lærarane må melde frå med lappar og e-post, tyder på at kommunen ikkje har eit godt nok system for å handtere slike problem.

Både foreldre og lærarar meiner òg at kommunen har vore treig og dels motvillig til å følgje opp varsel og innspel.

HOVUDTILLI­TSVALD BENTE MYRTVEIT i Utdannings­forbundet i Bergen, som sjølv har fått kritikk for ikkje å ha støtta lærarane som varsla, seier dei undervegs har kritisert kommunen for «manglende tiltak og langsom fremdrift».

Kommunen meiner sjølv dei har følgt opp meldingane, og at det er blitt jobba med desse sakene i dei organa som skal gjere det.

Uansett: når saka går så langt som denne har gjort, bør det føre til at kommunen ser ein gong til på sine eigne rutinar. Denne saka viser at kommunen her ikkje har vore god nok, korkje som arbeidsgje­var eller som den borgarane har gjeve ansvaret for ein trygg og god skulegang til.

FRAM TIL HIT ER STRIDEN på Fridalen skule ganske forståeleg. Men saka har eit element til.

Hausten 2019 var Fridalen 80 år, og leiinga på skulen la feiringa til gamle Forum kino, som no var døypt om til Forum Scene.

Valet av lokale var kontrovers­ielt. Tidlegare denne hausten hadde Jon Olav Nilsen & Nordsjøen trekt seg frå opninga, på grunn av koplinga til religion.

Partia MDG, Rødt og SV trekte seg òg frå ein verdidebat­t, fordi kontrovers­ielle Dan Odfjell var medeigar.

Den største eigaren var likevel Salt Bergenskir­ken. Sidan 2015 hadde dei òg operert ein kulturskul­e og eit fritidstil­bod i lokala til Fridalen skule.

Denne koplinga mellom Salt og skulen provoserte ein del av foreldra og lærarane på skulen. Dei meinte Monsen tillét «fordekt forkynning» på skulen.

DET VAR DENNE SAKA som framfor noko leia fram til møtet i skuleutval­et i kommunen i januar. Men der vart ho òg kopla til dei andre problema på skulen.

Dei meiner Monsen møtte kritikken her med den same bagatellis­eringa som i arbeidsmil­jøsaka. For desse foreldra og lærarane svekka difor Salt-saka ytterlegar­e tilliten til Monsen.

TRASS I AT SALT VAR utgangspun­ktet, handla likevel det mest dramatiske utsegna på utvalsmøte­t om mobbing. Utsegna om «øydelagde liv» viste heilt konkret til ei mor som stod fram i NRK i fjor sommar.

Men sjølv om Fridalen har sine problem, viser elevunders­økinga at det ikkje blir rapportert om særleg meir mobbing der enn på andre skular i Bergen. Unntaket var hausten 2018, og det var dei tala som fekk Fylkesmann­en til å gjere eit tilsyn året etter.

Det som har vore eit problem på skulen, er oppfølging­a av dei som opplever mobbing, vald og andre problem. Det viser både rapporten frå Fylkesmann­en og ei undersøkin­g FAU gjorde blant foreldra i fjor haust.

Det andre problemet er at det har tatt altfor lang tid å rette opp problema på skulen, inkludert å avklare om blandinga av religion og skule er greitt.

NESTE FREDAG GÅR Rune Monsen av som rektor, mellom anna som følgje av kritikken i pressa. Han blir erstatta av Harald Borge.

Mange foreldre har vore urolege for at medieoppsl­aga gjev skulen eit dårleg rykte, gjer elevar usikre og gjer at lærarar ikkje søkjer seg til skulen.

Det kan vere dei har rett. Likevel trur eg saka på sikt vil gjere skulen betre. Når problema no er ute i det opne, blir det vanskelega­re å la vere å gjere noko med dei.

 ?? FOTO: TOR HØVIK ?? Fridalen skule er i hardt vêr, med harde ord i pressa. Likevel trur eg saka på sikt vil gjere skulen betre, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
FOTO: TOR HØVIK Fridalen skule er i hardt vêr, med harde ord i pressa. Likevel trur eg saka på sikt vil gjere skulen betre, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway