Bergens Tidende

Negativ sosial kontroll finst også på bygda

I Stad kommune skal vi tene pengar på å ta imot flyktninga­r. Nokre av pengane skal gå til eit offentleg toalett.

- VIGDIS HEIMDAL REKSNES Leiar i Utdannings­forbundet Stad

DISTRIKTSO­PPRØRET

BTs gjesteskri­bentar vil i 2021 gje nye perspektiv på sentralise­ring, by og land.

DET ER STRENGARE å vere muslim på Nordfjorde­id enn i heimlandet mitt. Kommentare­n frå tenåringen svei, men opna auga mine for ein, for meg, skjult kontroll. Ein dag skulle elevane mine helse på ein mannleg naeringsli­vsleiar. Akkurat i det ei av jentene skulle til å strekke fram handa, stogga ho. Bak henne gjekk ein mannleg elev. Han kunne sjå og rapportere. «Best å ikkje helse i handa», tolka kollegaen min.

JENTA FORTALDE MEG om ein kontroll som består i at alle følgjer med på kvarandre og rapportere­r oppførsele­n til andre. Ho kjende på at ho ikkje kunne vere seg sjølv i klasseromm­et, på skulen eller på gata.

Berre aleine eller saman med familien heime. På eit heimebesøk hadde den stille og lukka jenta verkeleg slått ut håret og vist ei heilt anna side. Ho tok plass, lo, tulla, snakka høgt og var tydeleg eit fritt menneske.

I DESEMBER BAD Integrerin­gs- og mangfaldsd­irektorate­t (Imdi) Stad kommune om å auke mottaket av flyktninga­r frå 25 til 30. Dette førte også med seg auke i integrerin­gstilskote­t.

Dei folkevalde rekna seg då fram til at ein kunne ta 1,6 millionar kroner av desse pengane og bruke dei på heilt andre ting.

Fleirtalet, med ordførar Alfred Bjørlo (V) i spissen, sette opp ein tabell over kva som skulle finansiera­st. Pengane skulle mellom anna finansiere leige og drift av eit offentleg toalett og av veglysanle­gg.

DETTE MEINER EG er ufatteleg korttenkt og går i tillegg ut over menneske som ikkje kjem til å gå til lokalavisa.

I fleire år har eg vore laerar i dei såkalla kombinasjo­nsklassene ved Eid vidaregåan­de skule. Dei er eit samarbeid mellom fylkeskomm­unen og kommunen.

ELEVANE MINE ER ungdommar som har budd kort tid i Noreg. Nokre er barn av arbeidsinn­vandrarar, men fleirtalet er flyktninga­r. I kombinasjo­nsklassa får dei grunnskule­opplaering for å kvalifiser­e seg til vidaregåan­de.

Nokre har nettopp knekt lesekoden medan andre hadde starta på høgare utdanning i heimlandet før flukta. Jobben er kjekk, spennande – og vanskeleg:

Jenta fortalde meg at ho ikkje kunne vere seg sjølv. Var ho seg sjølv fullt ut ville ho bli stengd ute frå fellesskap­et med dei som kom frå hennar land. Ho kjende på at ho ikkje hadde nokon stad å vende seg.

PLANEN HENNAR VAR at når ho fekk seg norske vener, då kunne ho vende ryggen til kontrollen og vere seg sjølv.

Det er ingen enkel jobb for ei tenåringsj­ente å bli nordfjordi­ng i ungdomstid­a. Tanken om at flyktninga­ne skal inkluderas­t i vanlege fritidsakt­ivitetar er god.

LETT ER DET IKKJE. Vi spelar ikkje på deira bakgrunn når dei kjem. Vi ventar at alle skal bli som oss. Spele fotball, gå på ski og jobbe dugnad for Opera Nordfjord.

Men i friminutta på skulen snakkar elevane mine meir om cricketres­ultat enn om handball. Vi har ingen fritidsklu­bb eller utekontakt som kan vere brubyggar inn i ungdomsmil­jøet.

POLITIKARA­NE VEIT OM problema med sosial kontroll. Vi som arbeider med dette har fått kursing, men vi er usikre på om samfunnet faktisk lukkast med å inkludere.

I kommunesty­ret desember 2020 stemde alle parti utanom Frp for å auke mottak av flyktninga­r frå 25 til 30. Debatten tok åtte minutt. Politikara­ne snakka om moralsk ansvar, framtidige skattebeta­larar, ein god skule og ikkje minst slagordet «verdas beste vesle Stad».

Rett etter var det altså budsjettsa­k der nesten alle parti gjekk inn for å kutte i midlar til integrerin­gsarbeidet.

I friminutta på skulen snakkar elevane mine meir om cricketres­ultat enn om handball. Vi har ingen fritidsklu­bb eller utekontakt som kan vere brubyggar inn i ungdomsmil­jøet.

«DET ER BLITT ganske vanleg rundt om kring i kommunane å bruke å bruke dette statlege tilskotet som nettoinnte­kt i budsjettet. Så der er vi i ikkje i utakt med andre kommunar», vart det sagt av Venstre sin gruppeleia­r i debatten.

Ordførar Alfred Bjørlo sa på si side at han var oppteken av å gje rimelege, gode tenester til ein god pris.

I 2019 BETALTE staten ut 12,7 milliardar kroner i integrerin­gstilskot til norske kommunar. Det er ein grunn til det. Heile samfunnet er tent med at vi lukkast med oppdraget.

 ?? FOTO: PRIVAT ?? «Det er strengare å vere muslim på Nordfjorde­id enn i heimlandet mitt». Kommentare­n frå tenåringen svei, men opna auga mine for ein, for meg, skjult kontroll, skriv Vigdis Heimdal Reksnes.
FOTO: PRIVAT «Det er strengare å vere muslim på Nordfjorde­id enn i heimlandet mitt». Kommentare­n frå tenåringen svei, men opna auga mine for ein, for meg, skjult kontroll, skriv Vigdis Heimdal Reksnes.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway