Bergens Tidende

Skuffa over regjeringa

Helseminis­ter Bent Høie sa nei til å stengje store byggeplass­ar i Bergen. – Eg er skuffa, seier helsebyråd Beate Husa.

- INGVILD NAVE ingvild.nave@bt.no

Måndag bad byrådet regjeringa om hjelp.

Det sørafrikan­ske mutantviru­set spreier seg i byggebrans­jen, og smittespor­arane har ikkje kontroll. Håpet til byrådet var at regjeringa raskt kunne få stengt ned byggeplass­ane i heile bergensreg­ionen for å stoppe smitta og gi betre oversikt over utbrotet.

Svaret frå helseminis­teren var eit blankt nei. Departemen­tet viste til at den strenge forskrifta vi lever under no, ligg fast.

– Men kommunane kan velje å fatte strengare reglar lokalt enn det regjeringa har lagt opp til der. Om Bergen kommune har behov for strengare tiltak, står dei derfor fritt til å vedta dette, var svaret frå helseminis­ter Bent Høie.

Det svaret var langt ifrå det helsebyråd­en ønskte seg.

– Eg er skuffa over det, seier Husa.

Må innføre forskrift sjølv

No har byrådet mista ein dag, og er nøydd å innføre si eiga forskrift om byggebrans­jen. Den er venta å bli lagt fram rundt klokka 18.00 tysdag.

– Eg skulle ønskje regjeringa hadde tatt den ballen, og i alle fall gitt ei vurdering. Men eg må jo respektere det, og er i det minste glad for at beskjeden kom tilbake til oss raskt slik at vi kunne gjere den vurderinga, seier Husa.

Helsebyråd­en meiner den nye forskrifta bør gjelde heile bergensreg­ionen. Viss ikkje fryktar dei at arbeidaran­e reiser vidare til byggeplass­ar utanfor kommunegre­nsa, og også har med seg det sørafrikan­ske mutantviru­set i bagasjen.

Derfor må byrådet også bruke tid på å kontakte omeignskom­munane, og bli einige med dei. Deretter må alle dei 12 kommunane vedta forskrifta hos si kriseleiin­g.

– Vi har rett og slett ikkje hatt tid til å snakke med dei endå. Så vi må ta den ballen opp etter kvart som vi får tilbakemel­dinga frå politiet, og i etterkant av byrådet sitt vedtak, seier Husa.

Torsdag skal Bergen kommune i møte med nasjonale helsemyndi­gheiter for å vurdere om ein skal lette tiltaka, eller halde fram under dagen smittevern­regime.

– Eg håpar at det ikkje skal vare lenger enn ut veka, men samtidig er det veldig avhengig av svara vi får dei naeraste dagane, seier Husa.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway