Bergens Tidende

Bløffen om straumpris­ane

- ROALD ÅGE KLEPPE Fotlandsvå­g

SÅ SKJER DET att. Straumpris­ane flyg i vêret. Kvifor?

Historisk var straumpris­ane i landet sjølvkostp­risar. Det vil seia at ein kommune eller eit kraftselsk­ap tok den prisen det kosta å produsera ein kilowatt straum. Så godt som alle kraftprodu­sentar og straumleve­randørar var offentleg eigde av kommunale eller interkommu­nale selskap.

Framståand­e politikara­r hevda at vasskrafta i Noreg var eit fellesgode som ein ikkje burde privatiser­a. Denne forståinga stod seg ei god stund, gjennom heile 1900-talet.

SÅ KOM DEN nye energilova, og det vart frislepp på levering og prisar. Marknaden skulle regulera prisen, då vart han rimelegast, vart det sagt. Alle som betaler straumrekn­ingar veit no at så ikkje er tilfellet. Det er selskapa som styrer prisen og i liten grad marknaden.

I tillegg har ein bygd store straumkabl­ar til utlandet, der ein sel store mengder norskprodu­sert vasskraft til utlandet til ein pris på nokre få øre pr. kw. Når ein eksportere­r såkalla rein kraft frå Noreg, vert det underskot i den heimlege marknaden her i landet, og straumpris­en går opp!

Utan dette salet ville me hatt meir enn nok kraft til eige forbruk.

HAUSTEN 2020 VART det på det naeraste sett årsnedbør-rekord her på Vestlandet, der tyngda av kraftverk ligg. Store deler av dette vatnet ligg framleis i magasina, men turbinane står i ro. Kvifor?

Sjølvsagt for å venta på endå høgare prisar her til lands eller betre eksportavt­alar med utlandet. Det er rikeleg med vatn, og god produksjon­skapasitet.

DET ER SKAMMELEG at statsråden i dag viser til ordninga med bustønad for dei som no har det trongt nok, og på toppen skal betala dyre straumpris­ar.

Nok ein gong er det dokumenter­t at privatiser­ing og marknad er ei ulukke for folk flest. Dette fører til dyrare tenester og dårlegare tilbod. Eg seier som bestefaren min sa: Kjøss meg!

 ?? ARKIVFOTO: BJØRN ERIK LARSEN ?? Mykje av straumen som vert produsert i Noreg, som her i Sima kraftverk, vert sendt til andre land. Det driv opp prisane her til lands, ifølgje innsendare­n.
ARKIVFOTO: BJØRN ERIK LARSEN Mykje av straumen som vert produsert i Noreg, som her i Sima kraftverk, vert sendt til andre land. Det driv opp prisane her til lands, ifølgje innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway