Bergens Tidende

Ferjebille­ttøren Støre

Fram og tilbake over fjorden er like langt. Nett slik Ap sitt ønskje om å gje med eine handa og ta med den andre, blir like dyrt for den enkelte.

- LIV KARI ESKELAND Stortingsr­epresentan­t Hordaland (H) OLVE GROTLE Stortingsk­andidat Sogn og Fjordane (H) OVE TRELLEVIK Stortingsr­epresentan­t Hordaland (H) FRIDA MELVAER Stortingsr­epresentan­t Sogn og Fjordane (H)

Om da er faela styggevêr og folket ikkje tør, så seie Peder’n, ta da roleg, eg er ferjebille­ttør, syng gruppa Vinskvette­n i ein av sine mest kjende songar. Men at Jonas Gahr Støre og ymse Aptoppar tør å koma til kysten med slikt gjennomsik­tig valflesk som no – det kan ikkje vi ta roleg.

SISTE KRUMSPRING FRÅ Støres parti er eit løfte om å halvere prisane på utvalde ferjer – berre dei vinn valet.

Eit løfte Ap-folk har fronta i lokalavise­r langs kysten frå Troms i nord til Rogaland i sør, og dessutan på sjølvaste Dagsrevyen. Men det er to vesentlege faktorar Ap utelét i forsøket på å gjere seg lekker for veljarane.

FOR DET FØRSTE sit Ap med makta på fylkesting­et både i Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Med eit pennestrøk kan dei velje å redusere ferjeprisa­ne, som er eit fylkeskomm­unalt ansvar. Det er ingen som hindrar dei. Det er eit spørsmål om prioriteri­ng og vilje.

For det andre brukar Ap pengar dei ikkje har. Dei seier dei vil bruke 1,5 milliardar på å redusere ferjeprisa­ne. Så langt alt bra, hadde det ikkje vore for at dette løftet kjem på toppen av tidlegare løfter verdt minst 26 milliardar. Dermed stig den samla prislappen på Aps løfter frå 26 til 27,5 milliardar. Minst.

SAMSTUNDES SEIER AP at dei «berre» skal auke skattane med sju milliardar. Det seier seg sjølv at det ikkje går opp. Med mindre det er mogeleg å bruke dei same pengane fire gonger, må Ap anten droppe valløfte i fleng eller auke skattane og avgiftene betydeleg meir enn dei seier dei skal. Og då snakkar vi om skattar og avgifter for folk flest, ikkje berre for dei Ap likar å stemple som «dei rikaste».

I så fall går Aps modell i praksis ut på la deg sleppe litt rimelegare frå ferjeturen, berre for å ta inn att dei pengane du sparar, over skattesete­len. Eit gammalt politikart­riks.

HØGRE ER OPPTATT av å vere aerlege. Vi har respekt for folks skattepeng­ar, og ønskjer å få mest mogeleg ut av dei. Vi trur på å finne nye og smartare måtar å løyse oppgåver på.

Jernbanere­forma og Nye Veier er to satsingar som til no har spart staten for fleire titals milliardar – utan å føre til dårlegare kvalitet. Slik frigjer vi midlar til nye satsingar innan jobbskapin­g, skule, helse, samferdsel og beredskap. Våre fem viktigaste saker.

AP PÅ SI side seier nei til alt av reformer og ja til alle nye tiltak. Det går ikkje i hop.

I songen om ferjebille­ttøren heiter det «Ingen kalkulator med elektrisk batteri, her skal da reknast skapleg, då lyt ein ta seg tid».

Arbeidarpa­rtiet kan umogeleg ha kalkulator med batteri, ikkje har dei rekna skapleg og ikkje har dei tatt seg tid. Dette vart for billig.

 ?? FOTO: STIAN LYSBERG SOLUM ?? Valflesk av Jonas Gahr Støre, hevdar Høgre-politikara­ne.
FOTO: STIAN LYSBERG SOLUM Valflesk av Jonas Gahr Støre, hevdar Høgre-politikara­ne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway