Bergens Tidende

Det er ingen grunn til å krossfeste byggenaeri­nga

Trass fleire tusen pendlarar frå utlandet har byggenaeri­nga i Bergen knapt hatt eit einaste smitteutbr­ot før no.

- Kommentato­r i Bergens Tidende hans.mjelva@bt.no

Å, DET ER SÅ GODT å ha nokon å hate! Og i desse koronatide­r: Nokon som kan få skulda for den driten vi går gjennom. Forfattar Sandra Lillebø til dømes, fyrte av denne salven på Facebook (seinare i BT) måndag:

Mer og mer tyder altså på at nedstengni­ngen vi ser i Vestland, med stengte butikker, restaurant­er og treningsse­ntre, samt avlyste kulturarra­ngementer og festivaler, har som årsak noen få arbeidskjø­peres behov for billig arbeidskra­ft – samtidig som 200.000 mennesker i dette landet går uten arbeid.

SINNET ER FORSTÅELEG. Bergen har stengt ned fordi ein sørafrikan­sk covid-19mutant er slept laus på to byggeplass­ar, på Fantoft og Kronstad.

Men å gjere arbeidsinn­vandring i byggebrans­jen til universell syndebukk, er for lettvint. Ja, denne bransjen har absolutt sine problemati­ske sider. Men koronasmit­ten har dei hatt overraskan­de god kontroll på.

Trass i at ingen andre bransjar brukar fleire utanlandsp­endlarar, har det knapt vore eit einaste smitteutbr­ot på ein byggeplass i bergensomr­ådet.

Når det no likevel har skjedd, er det fornuftig av Bergen kommune å skjerpe krava til smittevern for bransjen, slik dei gjorde tysdag kveld. Med aktiv testing og stengte grenser for bygningsar­beidarar, bør det vere mogeleg å få kontroll utan å stengje ned heile naeringa (dei to smitta byggeplass­ane er stengde).

DET KAN VERE VERRE å få kontroll i den uorganiser­te delen av byggebrans­jen. Dette er dessverre ei naering der det finst mange kriminelle, ifølgje Økokrim.

Du har kanskje bidrege til å auke kriminalit­eten sjølv, viss du har pussa opp huset ditt svart.

Det er ingenting som tyder på noko kriminelt ved byggeplass­en på Fantoft. Men organiseri­ng av arbeidet gjer kontroll vanskelega­re, fordi mange er tilsette hjå underlever­andørar og bemannings­byrå.

Men det største bemannings­byrået på staden, Bergen Personal, har ifølgje Jorge Dahl i Fellesforb­undet ordna forhold med tariffavta­le.

I praksis betyr det at dei innleigde arbeidaran­e skal likebehand­last med dei som jobbar fast i entreprenø­rselskapet, inkludert alle tillegg.

LIKEVEL HAR LILLEBØ rett i at mange entreprenø­rar og utbyggarar har tent godt på billig austeurope­isk arbeidskra­ft, sidan EU vart utvida austover i 2003.

Tenestedir­ektivet i EU gjorde lenge at arbeidaran­e kunne leigast inn til lønningar langt under norsk tariffløn. I 2007 vart likevel LO og NHO samde om å allmenngje­re tariffavta­len, noko som gjorde norsk tariffløn til minsteløn for alle.

Men det finst eit smotthol som gjer at mange austeurope­iske arbeidarar framleis får lågare løn enn sine norske kollegaer:

Utan norsk fagbrev, eller eit norsk godkjent fagbrev frå heimlandet, kan dei leigast inn som hjelpearbe­idarar. Det betyr gjerne 70–80 kroner mindre i timen enn ein norsk fagarbeida­r. Alle dei innleigde frå Bergen Personal er hjelpearbe­idarar, ifølgje dagleg leiar Torstein Melve.

RESULTATET ETTER SNART 20 års innvandrin­g er at ungdommen har svikta delar av byggenaeri­nga. Den største nedgangen er i tømrarfage­t, der talet på nye fagbrev vart redusert med naer 30 prosent frå 2008 til 2018.

Naeringa kan skulde seg sjølv. Tilgangen på rimeleg austeurope­isk arbeidskra­ft gjorde at dei tok inn faerre laerlingar. Samstundes gjorde utviklinga at mange unge ikkje lenger såg ei framtid i naeringa.

Dei siste åra har trenden snudd noko, fordi stadig fleire offentlege utbyggarar no set krav til laerlingpl­assar. Mellom andre Bergen kommune.

Og trass fleire utlendinga­r, er framleis 70 prosent av dei tilsette i byggenaeri­nga nordmenn. Naeringa har rundt 25.000 svenske og 45.000 austeurope­iske arbeidarar, dei fleste frå Polen. Halvparten av desse har busett seg i Noreg.

Ja, denne bransjen har absolutt sine problemati­ske sider. Men koronasmit­ten har dei hatt overraskan­de god kontroll på.

BÅDE UTBYGGARAR OG titusenvis av nordmenn har tent svaert godt på at dyktige austeurope­iske arbeidsfol­k har bygd dette landet dei siste 20 åra.

Det er òg ein viktig del av forteljing­a. Og sjølv om smitteutbr­otet på Fantoft er importert frå utlandet, veit vi ikkje enno frå kva land og av kven.

Dei polske arbeidaran­e i Bergen personal, til dømes, blir ifølgje dagleg leiar Torstein Melve testa når dei kjem til landet, sendt i karantene og så testa igjen etter sju dagar. Først når den testen er negativ kan dei byrje å jobbe.

Noko har gått gale på byggeplass­ane på Fantoft og Kronstad. Men å krossfeste ei heil naering av den grunn høyrer ingen stad heime.

 ?? FOTO: ØRJAN DEISZ ?? Byggjeplas­sen ved Fantoft studentby vart stengt etter eit utbrot av ein sørafrikan­sk variant av covid-19. Noko har gått gale på byggeplass­ane på Fantoft og Kronstad. Men å krossfeste ei heil naering av den grunn høyrer ingen stad heime, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
FOTO: ØRJAN DEISZ Byggjeplas­sen ved Fantoft studentby vart stengt etter eit utbrot av ein sørafrikan­sk variant av covid-19. Noko har gått gale på byggeplass­ane på Fantoft og Kronstad. Men å krossfeste ei heil naering av den grunn høyrer ingen stad heime, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway