Bergens Tidende

FOR DÅRLEG:

Når elevar i barneskule­n må ha heimeunder-visning har ikkje Bergen kommune gjort jobben sin.

-

DENNE VEKA FÅR IKKJE alle elevane på Krohnengen kome på skulen. For kommunen har ikkje lokale nok, når undervisni­nga no krev meir plass på grunn av auka smittevern. Det same gjeld Christi Krybbe og Rothaugen. Nesten eitt år etter dei første smitteutbr­ota er det ganske utruleg at kommunen ikkje har planlagt betre. Skulane og kommunen har hatt god tid til å førebu seg på eventuelle smitteutbr­ot. Og det er inga overraskin­g at utbrota kjem.

I FJOR VÅR VART skulane sett på akutt prøve, då koronapand­emien kom ut av kontroll. Men sjølv om det kom brått på, klarte til dømes Krohnengen å skaffe plass nok.

Den gong brukte skulen gymsalen og klubbhuset til Varegg til ekstra undervisni­ngslokale. No kan ikkje klubbhuset brukast fordi det er for kaldt, og gymsalen er under oppussing. På Christie Krybbe er tre klasserom stengt på grunn av opppussing.

KONSTITUER­T DIREKTØR FOR Etat for skule, Frode Nilsen, seier til BT at kommunen ikkje kan leige areal på førehand for å sikre seg i tilfelle skulane må på raudt nivå.

Det er eit økonomisk spørsmål, men umogeleg er det sjølvsagt ikkje. I det minste burde kommunen venta med å stengje areal for oppussing til pandemien er over.

Det finst inga unnskyldni­ng for å setje elevane i ein slik situasjon. Dette er berre dårleg planleggin­g. Resultatet er at heile 5. og 6. trinn på Krohnengen må ha heimeskule, medan det blir heime- og uteskule for mellomtrin­net tre dagar i veka på Christie Krybbe. På Rothaugen får 8. og 9. trinn heimeskule.

BRUKEN AV HEIMESKULE aukar forskjella­r mellom elevane. Tilhøva heime, i tillegg til individuel­le forskjella­r, er avgjerande for kor godt elevane taklar fjernunder­visning.

Det er til dømes ikkje lett å konsentrer­e seg når ein har lite plass heime og heile familien skal jobbe heimanfrå. Det er òg ulikt kva teknisk utstyr ein har heime, og i kva grad foreldra kan hjelpe til.

Heimeskule er spesielt problemati­sk for dei yngste, som kan ha vanskar med å konsentrer­e seg framfor ein dataskjerm.

Dessutan tek det frå ungane det vesle dei har att av organisert sosialt liv med jamaldrand­e, i ei tid då alle fritidsakt­i vitetar òg er stengde ned.

Heimeskule er spesielt problemati­sk for dei yngste, som kan ha vanskar med å konsentrer­e seg framfor ein dataskjerm.

BYRÅDET HAR ANSVARET for at det no blir rydda opp. Å sørgje for at alle elevar i barneskule­n får gå på skulen bør vere eit minstemål, sjølv når mykje av samfunnet elles må stengje ned.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway