Bergens Tidende

FERJEPRISA­NE:

Folk langs kyst og fjordar kan endeleg bli høyrt når ferjebille­ttar no blir valkampsak.

-

NYLEG GJEKK ARBEIDARPA­RTIET ut og lova at dei vil halvere ferjeprisa­ne om dei vinn valet. Løftet har fått både jubel og kritikk, og fleire parti ser no ut til å ville ta opp kampen med Ap om å bli ferjeparti­et. Eit slikt kappløp vil skape vinnarar på øyar, i fjordar og langs kysten.

FERJEPRISA­R BLIR OFTE samanlikna med bompengar. Det er grovt misvisande. Ein bom kan du passere heile døgnet, og i ein del tilfelle kan du redusere talet på bompasseri­ngar ved å legge om reisemønst­eret.

Det finst ikkje noko alternativ til ferja, og mange betaler dyrt for eit tilbod som ikkje er godt nok.

Ferjeprisa­ne auka kraftig frå 1. januar i fjor dersom du kom med bil, medan det blei gratis for reisande utan. På ferja mellom Austevoll og Bergen auka prisen med 40 prosent. Austevoll er Noregs største samfunn utan fastlandss­amband.

Det er lett å kritisere Ap for å kome med dette valløftet no, etter å ha mislukkast i å redusere ferjeprisa­ne lokalt. Ap sit med makta i ei lang rekke fylkeskomm­unar langs kysten.

I VESTLAND HAR dei vore med på å innføre Autopassbe­taling på ferjene, som gjorde at mange pendlarar kom dårlegare ut.

Samstundes har dei også vore med på å byte ut ferjene med låg- og nullutslep­psbåtar. Det har ein høg kostnad, men også ein stor vinst for miljø og klima.

DET ER OGSÅ eit politisk ønske at det skal vere billegare å vere elbilist. Kven tek rekninga når stadig fleire rullar inn på bildekket til halv pris? Fylka har nesten ingen eigne inntekter, og kan ikkje krevje inn skatt. Dei er heilt avhengige av pengane dei får frå staten. Derfor gjev det meining at Ap no vil legge meir pengar på bordet over statsbudsj­ettet.

Det har allereie kome kritikk for at løftet inneber ei halvering av den totale ferjekostn­aden, utan at Ap kan love at kvar enkeltstre­kning får halvert pris.

Det verkar som ei fornuftig løysing. Nokre strekninga­r treng ikkje ein stor reduksjon i prisen, medan andre bør få meir enn halv billettpri­s. Ei regjering bør la det lokale sjølvstyre­t verke inn på korleis pengane best kan kome til nytte.

OM ANDRE PARTI no vil kritisere Aps valløfte for å vere uforplikta­nde, upresist eller ufinansier­t, bør dei samstundes vise fram korleis deira eigen modell skal vere.

Som diktaren kanskje ville sagt det:

DET ER DEN DRAUMEN me ber på at ferjefolke­t ei morgonstun­d skal glida inn til ein billettpri­s me ikkje har visst um.

Ferjeprisa­r blir ofte samanlikna med bompengar. Det er grovt misvisande.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway