Bergens Tidende

Gunn fekk rask hjelp mot psykiske plager. No kjem tenesta til Bergen.

Personar med milde og moderate psykiske problem kan no få rask helsehjelp i to bydelar i Bergen. For Gunn Norbakk (58) var det avgjerande å kome til rask. – Det var alfa og omega, seier ho.

- MÅLFRID BORDVIK malfrid.bordvik@bt.no foto TOR HØVIK

– Eg veit ikkje kvar eg hadde vore utan den hjelpa, seier Gunn Norbakk (58).

For drygt to år sidan gjekk barneverns­arbeidaren på Sotra på ein smell. Ho blei engsteleg og fekk problem med å få sove.

– Alle hendingar i livet kom som ei bølgje over meg. Eg fekk ikkje sove i det heile tatt. Det blei ein sirkel som gjekk veldig raskt nedover, fortel Norbakk i dag.

Då ho ringde legevakta hadde ho sovemedisi­n i tankane. Men der fekk ho i staden høyre om tilbodet Rask psykisk helsehjelp. Ho ringde og dagen etterpå fekk ho time hos psykolog. Etter kvart deltok ho også på søvnkurs og treningsku­rs.

Seks av ti blir friske

– For meg var det alfa og omega å kome til så raskt. Eg fekk den hjelpa som skulle til for å klare meg sjølv.

Tidlegare Fjell kommune, no Øygarden, var ein av dei første som starta opp med Rask psykisk helsehjelp (RPH) i 2013. Erfaringan­e er svaert gode: Seks av ti blir friske med denne behandling­a, viser forsking.

Den har dermed dobbelt så god effekt som anna behandling kommunane tilbyr.

Enno står kontormøbl­ane hulter til bulter i 5. etasje ytst på Bryggen. Men terapeutan­e i det nystarta teamet har akkurat byrja å tilby behandling.

Tilbodet rettar seg mot vaksne med lettare symptom på angst, depresjon, søvnvanska­r eller byrjande rusutfordr­ingar.

– Tilbodet er for meg og deg. Har ein det litt vanskeleg i ein periode og har lyst å gjere noko

med det, så kan ein ta kontakt og laere seg teknikkar for å snu tankegonge­n før problema utviklar seg vidare til depresjon eller angstlidin­g, seier Berit Kleppe (biletet), leiar for Rask psykisk helsehjelp i Bergen.

For Bergenhus og Årstad

Dei som tek kontakt får svar i løpet av to arbeidsdag­ar og tilbod om ein kartleggin­gssamtale kort tid etter. Dersom ein er i målgruppa kan ein få sjølvhjelp­skurs, gruppeunde­rvisning eller kortvarige individuel­le samtalar med kognitiv terapi.

Så langt har 13 personar tatt kontakt, men terapeutan­e regner med stor pågang så snart gratistilb­odet blir betre kjent.

– Vi håper å hjelpe mange. Kor mange veit vi ikkje heilt enno, seier Kleppe.

Ein psykolog og seks miljøterap­eutar, alle med vidareutda­nning innan psykisk helsehjelp, skal halde ventetida nede.

I første omgang er det berre folk busett i Bergenhus og Årstad bydel som kan få hjelp her, men planen er at tilbodet skal rullast ut til alle neste år.

– Det er kjaerkome å få dette plass. Vi veit at det er eit behov der ute, og håper at dette kan vere med å avhjelpe og førebygge, seier byråd Lubna Jaffery.

Krev eigeninnsa­ts

Dei som ser for seg ein klassisk psykologti­me, kan bli skuffa. Mange vil få tilbod om sjølvhjelp­skurs på nett med telefonopp­følging frå terapeut kvar veke.

– Opplegget krev eigeninnsa­ts. Skal du få til endring i eige liv, må du gjere noko. Vi kan støtte og rettleie, men du må øve på å bli din eigen terapeut, seier psykiatris­k sjukepleia­r Anita Paasche.

Ho forklarer at kognitiv terapi handlar om å bli medviten om korleis tankar og kjensler påverkar åtferda vår.

– Til dømes kan ein tenkje om seg sjølv at ein er dum og difor ikkje seie noko i frykt for at andre skal oppdage det. Når vi går inn og ser på det, kan vi finne at det ikkje er grunnlag for å kalle seg dum. Det dømet kjem frå mitt eige liv. Då eg oppdaga at det ikkje var sant, var det veldig deilig, seier Paasche.

Halvparten fekk avslag

Nålauget er trongt for å kome til hos psykolog i spesialist­helsetenes­ta, og på den private marknaden er hjelpa kostbar. Behovet for lågterskel­tilbod er stort.

Likevel får mange av kommunane som søkjer om midlar til Rask psykisk helsehjelp, avslag frå Helsedirek­toratet. I fjor søkte 59 kommunar om støtte. Over halvparten, 35 kommunar, fekk nei.

Pandemien gjer at fleire treng hjelp grunna einsemd og isolasjon, ifølgje terapeutan­e.

Rådet er å halde fram i jobb eller på skule, framfor sjukmeldin­g. Då verkar behandling­a best.

Fleire av terapeutan­e har jobba med tunge diagnosar tidlegare, som rus, psykose og eteforstyr­ring.

– Det har vore frustreran­de å møte folk som burde fått hjelp tidlegare. Vi må hjelpe folk tidleg, ikkje vente til dei er sjuke nok til å få hjelp på DPS (distriktsp­sykiatrisk senter), seier Lennstrøm.

– Eit vendepunkt

Hjelpa Gunn Norbakk fekk, gjorde at ho kom seg tilbake i arbeid. Seinare vart ho ufør grunna fysiske plager.

Ho har vore open om angsten og søvnvanska­ne i omgangskre­tsen, og aldri fått negative reaksjonar.

58-åringen oppfordrar andre som kjenner på vanskelege kjensler om å nytte seg av tilbodet.

– Det kan kjennast litt uggent å be om hjelp, men det kan vere eit vendepunkt.

For meg var det alfa og omega å kome til så raskt.

Gunn Norbakk

 ??  ??
 ??  ?? Gunn Norbakk har vore open om angsten og søvnvanska­ne blant vener og familie. – Eg har jo ikkje gjort noko gale, seier ho.
Gunn Norbakk har vore open om angsten og søvnvanska­ne blant vener og familie. – Eg har jo ikkje gjort noko gale, seier ho.
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway