Bergens Tidende

Dette skal det nye «koronapoli­tiet» gjere

Regjeringa har bedt Bergen auke innsatsen mot brot på innreiseka­rantene.

- INGVILD NAVE ingvild.nave@bt.no TRYGVE OPHEIM

Bergen kommune opprettar sitt eige «koronapoli­ti», og har tilsett pensjonert­e politifolk som smittevern­inspektøra­r.

Dei får som jobb å undersøkje om privatpers­onar følgjer karantener­eglane.

– Vi er bedt av regjeringa om å i større grad følgje opp karanteneb­rot som kommune, utover det politiet kan agere på, seier byrådsleia­r Roger Valhammer.

Brot på innreisere­glar

Spesielt skal kommunen ha fått beskjed frå regjeringa om å følgje opp mogelege brot på karantener­eglane ved innreise til Noreg.

– Ja, men det vil òg vere generelt. Det er utfordring­ar vi har vore opptekne av i lang tid med importsmit­te. Vi har eksempel i Noreg og i vår region på at reglane ikkje blir følgt, seier byrådsleia­r Valhammer.

Helsebyråd Beate Husa (KrF) seier inspektøra­ne kan kome i ein situasjon der dei melder folk til politiet, eller må be dei om bistand.

– Det er heilt avgjerande at folk overheld karantenen om vi skal stoppe spreiinga av dei muterte virusa, seier Husa.

– Kan dei gå inn i private heimar?

– Dei vil ikkje ha politimynd­igheit. Dersom nokon bryt reglane og ikkje innrettar seg etter dei, er det framleis påtalemynd­igheit og politi som har ansvar for å følgje opp, seier Valhammer.

Kan melde folk til politiet

Kommunen har mellom anna tilsett ein førsteinsp­ektør som tidlegare har arbeidd med tilsvarand­e oppgåver i politiet. Han hadde sin første arbeidsdag på onsdag, opplyser beredskaps­sjef Ivar Lunde.

Oppgåvene til smittevern­inspektøra­ne vil vere todelt. Det første blir å gjennomgå listene for folk som sit i innreise- eller smittekara­ntene, og gjennomfør­e tilfeldige oppringing­ar på telefon.

– Vi vil ha ein dialog om korleis karantenen gjennomfør­ast, og forsikre oss om at den gjennomfør­ast i tråd med retningsli­njene, seier Lunde.

Ved eventuelle brot kan det også vere aktuelt å gå på tilsyn, opplyser beredskaps­sjefen.

– Om ein har fått informasjo­n frå kommunen, og ikkje retter seg etter denne, kan det bli aktuelt å melde til politiet alvorlege karanteneb­rot, seier Lunde.

Det er ikkje avgjort kor mange som vil bli tilsett i «koronapoli­tiet».

– Dersom det er ei stor utfordring at folk ikkje overheld karantener­eglane, vil vi auke til den kapasitete­n som er naudsynt. Dersom vi ser at det ikkje er ei stor utfordring, vil vi ikkje tilsetje så mange, opplyser Lunde.

Språkprobl­em

Brot på karantener­eglane kan skuldast fleire ting, seier Husa. Mellom anna språkprobl­em.

– Vi kan få opplysning­ar om dette på ulike måtar. Vi har gjennom kartleggin­ga om smittespor­arane gjer, funne ut at folk som har vore i karantene får nye naerkontak­tar, fortel byråden.

Tidlegare har smittevern­kontoret og politiet følgt opp dei som har sete i innreiseel­ler smittekara­ntene.

Arbeidstil­synet vil framleis ha ansvar for å undersøkje om karantener­eglar blir følgt når det gjeld arbeidspla­ssar.

Det er heilt avgjerande at folk overheld karantenen om vi skal stoppe spreiinga av dei muterte virusa. Beate Husa

 ??  ?? Roger Valhammer
Roger Valhammer
 ??  ?? Beate Husa
Beate Husa

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway