Bergens Tidende

Distrikta kan lukkast med integrerin­g!

Ingen grunn til å forkvakle debatten.

- ALFRED BJØRLO Ordførar i Stad (V)

TIDLEGARE SV-POLITIKAR I Eid, Vigdis Heimdal Reksnes, påstår i eit innlegg i BT 10/2 at Stad kommune har brukt integrerin­gspengar på offentleg toalett.

Det er ei type forkvaklin­g av debatten som berre er partipolit­isk spel frå Reksnes si side.

Det er synd fordi Reksnes elles i innlegget kjem med viktige og gode refleksjon­ar om negativ sosial kontroll og integrerin­g i eit lokalsamfu­nn.

EG VART ORDFØRAR og Venstre vart største parti i Eid i 2011. Før dette tok Eid imot svaert få flyktninga­r, hadde fragmenter­te og dårleg utbygde tenester knytt til integrerin­g og urovekkand­e dårleg standard på sosiale bustader.

Frå 2011 og framover har Eid (no Stad) auka busetjinga av flyktninga­r sterkt – frå rundt 10 til 30–40 i året. Det har vi gjort etter ein samla plan, der vi har auka ressursbru­ken og trappa opp tenestene knytt til integrerin­g og busetjing kraftig.

Vi har gjort eit stort løft i sosial bustadbygg­ing. Vi har bygd opp ei heilt ny og samla integrerin­gsteneste, som er samlokalis­ert med arbeidsret­ta verksemd for raskast mogeleg å kome ut i arbeidsliv­et.

VI HAR STYRKJA bemanninga i skular og barnehagar der det er busett flest flyktninga­r. Vi har styrkja satsinga på frivillige lag og organisasj­onar for å utvikle gode integrerin­gsarenaer på fritida. Vi har, saman med fylkeskomm­unen, investert i den lokale vidaregåan­de skulen slik at ungdom med flyktningb­akgrunn kan få opplaering der, i staden for å vere «isolert» frå annan ungdom. Eid vidaregåan­de skule har også ein eigen minoritets­rådgjevar.

Parallelt med det har Eid kommune meir enn tredobla talet laerlingpl­assar, mellom anna for å gje folk med flyktningb­akgrunn ein veg inn til faste stillingar i ein offentleg sektor som sårt treng fleire hender og hovud.

RESULTATA AV DETTE er gode – både for dei som kjem til kommunen vår og for lokalsamfu­nnet som heilskap. Vi har vore opptekne av at dei ekstra ressursane kommunane får til busetjing ikkje skal «låsast inne» i eigne øyremerkte ordningar – men nyttast på brei basis til å skape eit lokalsamfu­nn der tenester heng saman og målet er rask integrerin­g i kvardagsli­vet.

Difor finn du ikkje att pengane krone for krone på eit eige «innvandrar-budsjett» – men i ei jamn styrking av tenester, og investerin­gar for framtida i gode bustader og gode undervisni­ngsbygg.

Når vi fekk fleire flyktninga­r å busette kunne vi utnytte den kapasitete­n vi har på ein betre måte, og det blir eit netto positivt rekneskap samla for kommunen.

PÅ 2021-BUDSJETTET FINN vi mellom anna no rom til å bygge ut meir kapasitet i den offentlege barnehaget­enesta på Nordfjorde­id – ei satsing som alle parti unnateke SV stilte seg bak.

Så skal eg ikkje påstå at vi er i mål, og at alt er perfekt. Reksnes peiker på heilt reelle utfordring­ar knytt til negativ sosial kontroll i innvandrar­miljø – som er eit problem både på små og store stader – og ikkje berre kan løysast med pengar.

Desse utfordring­ane fortener å bli løfta fram og debattert. Men eg vil våge å påstå at kommunar i distrikta er betydeleg betre i stand til å løyse dei enn større byar, der det lettare blir «gettoiseri­ng». Det vi har klart på dette området i Nordfjord, trur eg mange kan laere av.

SÅ EG VONAR debatten vidare kan handle om dei reelle problemsti­llingane Reksnes peiker på i sitt innlegg, ikkje om partipolit­isk tullete retorikk.

 ?? FOTO: GEIR OLSEN / NTB ?? Du finn du ikkje att pengane krone for krone på eit eige «innvandrar-budsjett» – men i ei jamn styrking av tenestene, skriv ordførar Alfred Bjørlo (V).
FOTO: GEIR OLSEN / NTB Du finn du ikkje att pengane krone for krone på eit eige «innvandrar-budsjett» – men i ei jamn styrking av tenestene, skriv ordførar Alfred Bjørlo (V).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway