Bergens Tidende

JENS KIHL:

Toget kan ikkje utkonkurre­re flyet når vi har dårleg tid. Men kanskje togferie kan bli det neste store etter året der vi laerte å sitje i ro.

- Kommentato­r i Bergens Tidende jens.kihl@bt.no Jens Kihl

IDESSE DAGAR er det eitt år sidan sist eg reiste med fly. Eg kan ikkje seie at eg saknar flyplassan­e: Kø for å få stille seg i køen som fører til ein ny kø. Bagett der rekene og prisen luktar like stramt. Eit totalitaer­t system for vassflaske­r, vintersko og andre potensiell­e drapsvåpen.

DET MEST POSITIVE eg kan seie om sjølve flyreisa, er at eg får godt høve til å bli kjent med mine eigne kneskåler, der eg sit med beina bretta dobbelt på veg gjennom lufta.

Nei, eg saknar ikkje å fly. Men eg saknar å reise: Rote seg inn i feil del av ein framand by. Kjøpe noko på ein kafé og lure på kva du eigentleg får servert. Feste ei heil natt med nye vener frå ungdomsher­berget, leggje kvarandre til på Facebook for å halde kontakten – og aldri snakkast igjen.

DEI REISENE HAR ofte skjedd med tog. Og eg innrømmer det: Eg er togfrelst.

Ein annan som er togfrelst, er forfattar Bjørn Staerk. Den ferske boka «Togeventyr­et – De fineste reisene går på skinner» handlar om det som ser ut til å bli ein ny, viktig trend: Langsam feriering med tog.

Boka er fri for peikefingr­ar. Her er det heilt lov å ta flyet til ein spanande plass for å toge rundt. Men Staerk viser også fram det store engasjemen­tet for å reise på ein meir klimavenle­g måte.

DET VIKTIGASTE MED boka er likevel alle forteljing­ane om menneska han har møtt i Facebookgr­uppa «Togferie», som fortel om feriar som startar allereie i heimbyen, og som er frie for stress og mas:

Du hiv ryggsekken på ryggen, ruslar ned på stasjonen, finn plassen din, opnar ei bok – og feriekjens­la er der.

DET ER DEN KJENSLA eg lengtar heilt intenst etter no. Og eg har alltid lengta etter den.

Andre hadde fotballstj­erner, popartista­r og supermodel­lar på soveromsve­ggen då dei vaks opp. Eg hadde eit stort, utklipt kart frå Aftenposte­n som viste framtidas planlagde lyntognett i Europa.

Så kom ungdomstid­a, og eg fekk prøve ut alt det eg hadde drøymt om. Stikkord: Kulturkras­j. Pengekrise­r. Og svaert labre engelskkun­nskapar (frå både meg og dei eg møtte).

EG FEKK 18 TIMAR på eit tog gjennom Bulgaria utan mat og drikke fordi eg gløymde å veksle frå tullingar til gaerningar (eller var det motsett).

Eg fekk møte han polske konduktøre­n som fann på det eine gebyret etter det andre då han forstod at eg var desperat etter å bli med nattoget frå Krakow til Berlin. Og nei, kortautoma­ten verka ikkje, så han måtte visst ha betalinga i setlar.

EG KAN IKKJE SEIE at eg er spesielt proff på reising. Eg saknar det likevel. 25 år seinare er eg i grunnen tilbake til start: Reising er berre noko som kan skje på kartet.

Det er lenge til toget kan utkonkurre­re flyet for forretning­sreisande. Men ein stor del av reisinga vår hastar jo eigentleg ikkje. Det kan til og vere motsett, altså at livet blir betre av å reise litt saktare og utan alle avbrota som flyreising­a gjev.

OG DET GÅR AN å snu litt blikket litt.

Treng vi eigentleg den helgeturen til Lisboa eller Barcelona? Nattoget til Oslo gjer at du kan vere i Stockholm, Gøteborg, Malmø eller København litt utpå dagen. Dei fleste av oss kan sikkert få ei fin helg der òg.

Så kva skal til for at dette skal bli lettare og vanlegare enn i dag? Staerk peikar på to viktige poeng.

For det fyrste må vi gjere noko med sjølve tilbodet. Mellom Bergen og Stockholm kan det vere ned mot elleve og ein halv times effektiv reisetid med tog. Tenk deg eit nattog frå Bergen klokka ni på kvelden som er i Stockholm halv ni neste morgon.

ELLER EIT NATTOG frå Oslo til Berlin: Torsdag etter jobb tek du ettermidda­gstoget frå Bergen. Fredag står du opp midt i Tysklands hovudstad, utkvilt og klar for langhelg. Dette er det fullt mogleg å få til med litt politisk vilje.

FOR DET ANDRE må vi slutte å subsidiere flyturane. «Hvis flybillett­en din skulle gjenspeilt den faktiske skaden reisen gjør på verden, ville den blitt mye dyrere, og dermed ville det blitt lettere for toget å konkurrere», poengterer Staerk.

EIN DEL FLYREISING er naudsynt, ikkje minst for distrikta. Men veldig mykje reising, saerleg ferieturan­e, er berre noko vi gjer fordi det er lettvint og vi har råd til det.

I boka viser Staerk korleis vi på ulike måtar gjer det billegare å fly enn det faktisk kostar samfunnet. Heilt konkret er det på tide å kutte ut taxfree-salet, som gjer at du kan spare hundrevis av kroner på alkohol og tobakk dersom du tek deg ein utanlandst­ur med flyet.

Eller kva med å seie at taxfree berre skal skje på nullutslep­psreiser?

VIDARE ER KONSEKVENS­ANE av CO2-utsleppa ved flyreising reelt sett større enn det vi må betale for når vi kjøper flybillett. Den rekninga sender vi til neste generasjon, som må leve med konsekvens­ane av vår livsstil.

Den delen av flyturane våre som vi ikkje treng, bør få ein pris som er meir reell. Og så må vi dyrke togglede, eit omgrep som blir lansert av Kristian Skjellum Aas i boka.

Boka er ikkje på sitt beste når Staerk skriv seg inn i politikken. «Politikern­e vil heller bygge nye rullebaner og motorveier enn å oppgradere tognettet. Spesielt i

Norge har de siste 30 årene vaert en eneste lang nedtur for jernbanen», skriv Staerk.

I STATSBUDSJ­ETTET FOR 2021 går 32,1 milliardar kroner til jernbane. Det er 20 prosent meir enn året før. Det er heilt greitt å vere kritisk til regjeringa­s jernbanere­form, men det skjer faktisk gode ting for toget om dagen.

DERIMOT GREIER BOKA igjen og igjen å mane fram den gode kjensla av å sjå verda frå toget. Det er den kjensla som kan bane vegen for ein reisetrend som er snill mot både menneske og miljø.

Den kjensla kan ein få anten reisa går med eit støvete lokaltog gjennom dalane på Balkan eller i fleire hundre kilometer i timen gjennom Italia eller Spania.

VI VINN IKKJE denne kampen ved å prakke på folk flyskam. Men kanskje ved å gje dei togglede i staden?

 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ?? ILLUSTRASJ­ON: TORD TORPE ??
ILLUSTRASJ­ON: TORD TORPE

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway