Bergens Tidende

JA TIL FLYTTERETT:

Om Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) får viljen sin, kan løysinga i framtida vere enkel: Flytt heim, men hald på jobben.

-

SJÅ FOR DEG at du har ei spanande stilling i Finansdepa­rtementet medan sambuaren din jobbar i Utdannings­direktorat­et. Etter nokre år har de lyst til å stifte familie, og lengtar ut av Oslo og heim til Vestlandet. Der ventar hus til meir fornuftige prisar, eit godt naermiljø, flott natur og familie og vener. Samstundes har de ikkje lyst til å slutte i jobbane. Kva gjer de?

OM STAD-ORDFØRAR Alfred Bjørlo (V) får viljen sin, kan løysinga i framtida vere enkel: Flytt heim, men hald på jobben. Bjørlo kallar det «flytterett til eigen jobb» i eit intervju med VG.

Høgre kom med eit liknande framlegg til NRK, og fleire andre parti har signaliser­t at dei er positive til ideen. Også distrikts- og digitalise­ringsminis­ter Linda Hofstad Helleland (H) er positiv. Sjeldan har vel dei to områda ho styrer passa betre i hop.

PANDEMIEN HAR DIGITALISE­RT Noreg i ekspressfa­rt. Mange har laert kor lett det er å jobbe saman utan å sitje saman. Denne laeringa kan bli nyttig for å forme ein ny og innovativ distriktsp­olitikk.

Mange private selskap har i dag gjeve dei tilsette lov til å arbeide frå ein annan plass enn hovudkonto­ret. Om staten får fart på denne arbeidsmåt­en og sett det i system, kan slik frivillig utflytting bli aktuelt for endå fleire.

SAMSTUNDES ER MENNESKELE­G kontakt og gode kollegaer viktig for dei aller fleste. Det er også andre uløyste spørsmål her. Bør staten stille med kontor for den som flyttar?

Skal arbeidsgje­varavgifta reknast ut frå jobbkommun­en eller frå Oslo-nivået? Skal arbeidsgje­var kunne ha styringsre­tt og seie at enkelte stillingar ikkje kan flyttast ut?

SLIKE INNVENDING­AR BØR ikkje kvele ein god idé. Eit av framlegga er å opprette arbeidsfel­lesskap i mindre kommunar eller la dei tilsette låne kontorplas­s hos statlege verksemder i området. Forskarane Eirin Pedersen ved Oslomet og Kristine

Nergaard ved Fafo meiner ifølgje NRK at det er lite truleg at dette vil gje den heilt store utflytting­a. Samstundes er det heller ikkje eit argument for å la vere.

OM BERRE EIT par hundre tilsette flyttar ut, er det eit gode både for dei og for Noreg.

Slik framlegget er forma ut, gjeld flytterett­en berre éin veg. Du skal med andre ord ikkje kunne ta med deg jobben frå Lotteri- og stiftingst­ilsynet i Førde og flytte til Oslo.

DET ER FORNUFTIG. Dette bør først og fremst vere eit distriktst­iltak som ikkje endar opp med å bygge ned fagmiljø på bygdene.

Om berre eit par hundre tilsette flyttar ut, er det eit gode både for dei og for Noreg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway