Bergens Tidende

Lovbrot må få konsekvens­ar, sjølv for politikara­r i USA

Trump vart frikjent av politikara­ne. No kan han bli dømt av dommarar.

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no

SJU REPUBLIKAN­ARAR I Senatet stemte for å dømme Trump i riksrett laurdag kveld. 43 republikan­ske senatorar stemte med ekspreside­nten, trass i hans årelange underminer­ing av det amerikansk­e demokratie­t.

Trump vil berre anerkjenne eit valresulta­t der han vinn, og ikkje der han taper.

Som venta, vart altså ikkje Trump dømt i riksretten. Det mangla ti stemmer til for å dømme han. Resultatet opnar likevel for at Kongressen kan nekte Trump å stille til val igjen.

GRUNNLOVA FORBYR NEMLEG folk som har drive opprør mot den amerikansk­e staten å ha folkevalde verv. Det meiner eit fleirtal i båe kammer av Kongressen at Trump har gjort.

Det vil mest sannsynleg stengje døra for Trump, om han skulle ha ambisjonar om å stille til val som president igjen i 2024.

Han har i så tilfelle to håp: At republikan­arane overtek makta i Kongressen i 2022 og opphevar forbodet hans, eller at Høgsterett overprøver Kongressen. Sistnemnde er svaert usannsynle­g.

FOR JOE BIDEN var det nok viktigast at riksretten var ferdig såpass raskt. Éi viktig oppgåve for Senatet, er å godkjenne regjerings­medlemmer. Til no er det berre sju regjerings­medlemmer som er stadfesta av Senatet.

Den prosessen vart utsett på grunn av riksretten. Det er blant anna svaert viktig for Biden å få på plass ein ny justismini­ster. Biden vil òg prøve å få vedteke ei koronakris­epakke. Då kan ikkje Senatet vere oppteke med ei rettssak.

Slik sett, er det ein siger for dei demokratan­e som vil sjå framover, at prosessen gjekk så raskt. Men det er eit tap for demokratie­t.

MITCH MCCONNELL VAR ein av republikan­arane som stemte for å frikjenne Trump.

Like etter voteringa, kom han med ei kraftig fordømming av Trump, der han sa at Trump var «praktisk og moralsk skuldig».

Han gøymde seg bak eit svakt argument om at ein ikkje kunne dømme Trump i riksrett etter at han hadde gått av.

Som leiar for republikan­arane i Senatet, er McConnell ivrig til å kvitte seg meg Trump. Oppgjeret vart likevel tamt og skamlaust.

Trump slapp unna med å eggje til vald mot demokratie­t.

DEI AMERIKANSK­E INSTITUSJO­NANE klarte ikkje å stå godt nok mot Trump. Éin viktig institusjo­n er Det republikan­ske partiet. Dei har grovt feila. Etter riksretten er det heilt tydeleg eit parti som ikkje vil ta avstand frå valdelege forsøk på å kneble demokratie­t.

Heldigvis stoppar ikkje det rettslege oppgjeret mot Trump med riksrett. No går steget vidare til strafferet­ten.

I NEW YORK JOBBAR statsadvok­aten med ei sak om Trumps økonomi, og den inneheld skuldingar om skatte-, bank- og forsikring­ssvindel.

Den saka starta med avsløringa om at Trump hadde betalt hysj-pengar til pornostjer­na Stormy Daniels, og har utvikla seg til å involvere hundrevis av millionar dollar i tvilsam gjeld.

I Georgia etterforsk­ar dei Trumps rolle i å forsøkje å endre valresulta­tet i delstaten. Så kan Trump sjølvsagt bli dradd inn i FBIs etterforsk­ing av angrepet på Kongressen.

I riksretten risikerte Trump å bli frådømt eit verv han allereie hadde mista. Men no risikerer han fengsel.

EI ELLER FLEIRE av desse etterforsk­ingane kan føre til reelle konsekvens­ar for ekspreside­nten. Det står i kontrast til Senatets avgjersle om konsekvens­fridom for Trump.

I riksretten risikerte Trump å bli frådømt eit verv han allereie hadde mista. Men no risikerer han fengsel.

USA HAR EIN LANG VEG å gå for å rehabilite­re demokratie­t og institusjo­nane, etter Trumps tid i Det kvite hus.

Det første dei bør starte med, er å innføre ein konsekvens­kultur for politikara­r som Trump. Det må straffe seg å bryte lova.

 ?? ARKIVFOTO: BRYNN ANDERSON / AP ?? Donald Trump er ikkje ferdig med å bli etterforsk­a, etter si tid i Det kvite hus.
ARKIVFOTO: BRYNN ANDERSON / AP Donald Trump er ikkje ferdig med å bli etterforsk­a, etter si tid i Det kvite hus.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway