Bergens Tidende

BELTESENGE­NE FJERNA:

Desse menneska står allereie svaert svakt og er i ein kritisk livssituas­jon. Då må ein vere ekstra varsam med bruk av makt.

-

DEI GAMLE BELTESENGE­NE forsvinn frå Sandviken sjukehus. Det er ein siger i kampen mot unødvendig tvangsbruk i psykiatrie­n. Ifølgje ei undersøkin­g utført av VG i 2016, var det 1000 tilfelle av udokumente­rt belteleggi­ng året før.

Helseminis­ter Bent Høie (H) svarte at det hadde vore «altfor lite styring med bruk av makt overfor syke mennesker».

Likevel har det tatt nesten fem år å endre tilhøva på Sandviken sjukehus. Oppgraderi­nga har kosta 25 millionar kroner. Det er skremmande kor lite pengar som eigentleg var nødvendig.

FOR TO ÅR SIDAN publiserte Sivilombod­smannen ein knusande rapport om forholda på Sandviken sjukehus.

Då kom det fram at ein pasient hadde lagt fastspent i belte i nesten sju døgn i strekk. Ei veke på isolat blei skildra som vanleg. Sivilombod­smannen meinte at skjermings­eininga hadde eit «klart preg av avstraffel­se».

Slik skal det ikkje vere. Psykiatrie­n skal behandle sjuke menneske, ikkje straffe dei. Desse menneska står allereie svaert svakt og er i ein kritisk livssituas­jon. Då må ein vere ekstra varsam med bruk av makt.

DET ER GLEDELEG om den siste oppgraderi­nga bidreg til å gjere slutt på udokumente­rt og alvorleg tvangsbruk. Dei heilt tomme isolata er vekke. Dei nye sengene har ikkje belte, men det kan takast på ved behov.

Det betyr at ikkje alt automatisk blir betre med nytt interiør. Manglande dokumentas­jon handlar meir om leiing og rutinar, enn korleis romma ser ut.

Difor er oppgraderi­nga av skjermings­avdelingan­e berre éin del av jobben.

Manglande dokumentas­jon handlar meir om leiing og rutinar, enn korleis romma ser ut.

NO MÅ KONTROLLEN med psykiatrie­n bli betre, slik Høie etterlyste i 2016. Kontrollko­mmisjonane vert oppnemnt av Statsforva­ltaren, men er i realiteten privat drivne forvaltnin­gsorgan. Det må ta slutt.

Kontrollar­beidet må bli meir profesjone­lt og betre organisert.

Pasientane­s stilling må styrkjast, slik at behandling­a ikkje bryt med menneskere­ttane deira.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway