Bergens Tidende

Sogn og Fjordane har vorte statistisk usynlege

DISTRIKTSO­PPRØRET BTs gjesteskri­bentar vil i 2021 gje nye perspektiv på sentralise­ring, by og land.

- METTE LØKELAND Gynekolog og forskar

SOGN OG FJORDANE

har vore eit statistisk avvikarfyl­ke, som Ottar Wiik skriv i «Statistikk­visa». Nokon skulle kanskje ynskje seg at fylket var litt meir ville eller lausslepne, men som det vert sunge i songen: Folk er så å seia lytefrie.

No har fylket forsvunne frå statistikk­banken. Dei har vorte ein del av Vestland og den grå massen. Statistikk er informasjo­n som gir grunnlag for politiske prioriteri­ngar og pengeoverf­øringar. No er det ingenting som skil dei frå den store ålmenta som landsstati­stikken er.

SJØLV LAGAR EG

saman med gode medarbeida­rar på Folkehelse­institutte­t den årlege abortstati­stikken.

Vi har vore vande med at Sogn og Fjordane har kiva med AustAgder og Møre og Romsdal om å ha dei lågaste aborttala i landet. Som Vestland kunne ein skyte ein kvit pil etter det fellesskap­et sjølv om talet låg under landsgjenn­omsnittet.

NESTEN ALLE FYLKE

har no fått ein eller annan storby i seg som usynleggje­r dei små regionane med spreidd befolkning.

Sogn og Fjordane med sine cirka 110.000 innbyggjar­ar blir små mot Hordaland – eller Bergen for den saks skuld. Berre Bergen åleine har cirka 280.000 innbyggjar­ar.

Sogn og Fjordane sine saertrekk druknar altså fullstendi­g i Vestland som dominerast av dei statistisk­e karakteris­tikkane til Bergensreg­ionen. Men for all del, Bergen by ligg på landsgjenn­omsnittet med ei abortrate på 9,7 per 1000 kvinner i fertil alder mot 8,6 for dei i Vestland.

MEN DERSOM EIN

ser på kva for abortratar ein har i Agder, Rogaland og Møre og Romsdal, så er det naerliggan­de å tenkje at det gamle Sogn og Fjordane truleg hadde vore under 8,0 per 1000 kvinner.

Slik går saerpreget til dei meir rurale og mindre tettbygde regionane lett under radaren av di dei politisk konstruert­e regionane som lagar den ytre ramma for statistikk­framstilli­ng no har endra seg.

DET TYDER IGJEN

at desse regionane ikkje har same høvet til å vise seg fram frå sine beste sider – eller i det heile – kontra før. Og som Statistikk­visa seier – det som ikkje står i statistikk­en, det kan ikkje vera sant.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway