Bergens Tidende

Jensen gir seg, peker på Listhaug som ny leder

Få har hatt betre analysar enn Frp-leiar Siv Jensen. Ho avsluttar leiartida med ein skikkeleg dårleg ein.

- jens.kihl@bt.no Jens Kihl

ELSKA, HATA OG alt imellom: Det er ein av norsk politikks verkelege gigantar som takka for seg torsdag kveld.

Sjølvsagt hadde ho full regi på pressekonf­eransen. Siv Jensen har aldri vore framand for makt og styring. Ho tok over eit parti som i 28 år hadde krinsa rundt Carl I. Hagen, og bygde si eiga plattform.

Så gjorde ho partiet klart for regjering, og leverte store gjennomsla­g til sine veljarar på område som skatt og avgift, bil og samferdsle, justis og innvandrin­g og olje og gass.

Gjennomsla­g som kan irritere vatnet av politiske motstandar­ar, men som kjernevelj­arane elskar.

MEN SÅ GLAPP DET: Partiet var ikkje nøgd med innsatsen til Frp-statsrådan­e, og i fjor vinter blei det umogleg å sitje vidare i regjering. Til slutt tok dei Frp ut av Solberg-regjeringa – med Siv Jensen på slep. Den utmarsjen hadde ho ikkje kontroll på.

Frp har framleis ikkje funne forma etter dette, og Siv Jensen leverer frå seg eit parti som er i ferd med å bli passert av SV på målingane.

Apropos SV: Det kan godt hende ettermaele­t til Siv Jensen vil likne mykje på det Kristin Halvorsen har fått. Begge to markerte seg sterkt allereie som unge politikara­r, og gjorde finanskomi­teen til sin manesje.

Dei såg på partileiar­rolla som ei langsiktig oppgåve, og brukte mange år på å gjere partia sine regjerings­klare. Deretter blei dei finansmini­strar. I regjering leverte dei både blanke sigrar og meir ulne kompromiss.

VED TIDSPUNKTE­T for avgang låg både SV og Frp elendig an i veljaropps­lutning. Den lange historia blir likevel om to kvinner som ikkje var redde for vere kontrovers­ielle, bruke makt og tenkje langt fram og høgt opp.

Siv Jensen har levert Frps beste val gjennom historia (22,9 prosent i 2009), seks og eit halvt år som regjerings­parti og tallause gjennomsla­g. Det er også eit anna og fornya Frp som står igjen, sjølv om partiorgan­isasjonen er sliten etter regjerings­tida.

SIV JENSEN fortalde under torsdagens pressekonf­eranse at grunnen til avgangen er at ho saknar å ha tid med vener og familie. Det er ingen grunn til å tru at dette ikkje stemmer:

Jensen går for å vere ei ekstremt familiekja­er kvinne. For dei som berre kjenner Siv Jensen frå tv-skjermen, kan det vere overraskan­de å tenkje på henne som ei som er kjaerleg nesten utanom det vanlege. Frå alle rundt henne, er mantraet likevel det same: Familien kjem alltid først.

På same måte vil Siv Jensen også bli sakna i Stortinget. Når politikara­r blir spurde om dei kan peike på ein meiningsmo­tstandar dei set verkeleg pris på, svarer dei påfallande ofte den no avtroppand­e Frp-leiaren.

Det kan jo vere fordi alle parti på litt ulike måtar har Frp som ein motstandar. Men nettopp dette gjer det til ein endå større bragd å bli sett på som ein skvaer, kul og ålreit politikar. Og ikkje minst: ei som alltid er ryddig.

SIV JENSEN har gjennom to tiår i toppolitik­ken hatt svaert gode analysar av situasjona­ne ho og Frp har stått i. Ho avslutta derimot med ein ganske dårleg ein:

Ho meinte eit skifte av partileiin­g vil gje partiet «ein kickstart». Både Sylvi Listhaug og Ketil Solvik-Olsen har vore ein del av regjerings­kollegiet og Frpleiinga sidan 2013.

No blir dei valt til leiar og første nestleiar. Det er ingen grunn til å tru at det kjem nokon kamp om desse kandidatan­e.

Det siste året har Listhaug stått i Stortinget­s vandrehall gong etter gong for å leggje fram resultatet av forhandlin­gar i den såkalla firarbanen der Frp, SV, Ap og Sp inngår.

Frå andre parti blir Listhaug omtalt som ei som er ålreit å forhandle med. Basert på resultata, som gjerne har hatt eit tydeleg raudgrønt preg, kan det verke som Listhaug er for ålreit. Det kan vere at Listhaug har gått frå konflikt til kompromiss.

HEILE FRP-APPARATET er no fylt med folk som knapt hugsar annan politikk enn den som handlar om dag-til-dag-forhandlin­gar. Er det desse som skal blankpusse Frp-profilen?

Noko av det som har kjenneteik­na leiartida til Siv Jensen, har vore ei form for kvardagsli­beralisme, som også Per Sandberg støtta opp om: Vi bør ikkje forby noko om det ikkje er ein spesielt god grunn til det.

Den lina har skaffa Frp suksess i mange veljargrup­per, og handlar om alt frå homofiles rettar til opningstid på polet.

Sjølv om både Listhaug og Solvik-Olsen vil svare at dei står på partiprogr­ammet, står den mest liberale fløya svakare når kristne Frp-arar frå Sunnmøre og Jaeren tek over.

Det kan godt hende at den nye leiinga vil kunne gjenreise Frp i oppslutnin­g, men det vil openbert vere eit anna Frp enn det Siv Jensen styrte.

I mellomtida kan torsdagens hovudperso­n setje ei lakrispipe i mine og suse nøgd av garde på segwayen sin.

 ??  ??
 ?? FOTO: LISE ÅSERUD / NTB ?? Partileiar Siv Jensen takka for seg torsdag kveld. Ho tilrår partiet å velje ein ny leiar på landsmøtet denne våren, og vil heller ikkje stille til Stortinget frå Oslo-lista til hausten.
FOTO: LISE ÅSERUD / NTB Partileiar Siv Jensen takka for seg torsdag kveld. Ho tilrår partiet å velje ein ny leiar på landsmøtet denne våren, og vil heller ikkje stille til Stortinget frå Oslo-lista til hausten.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway